Sortar
Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule
Innanfor tomatsortimentet finst mange variasjonar i vekstform hos plantene. Middels store tomatar med fin form, samt god smak og farge, vil vera enklast å omsetje. Nokre tomater er store, gjerne meir kantete og med fast cellemasse. Slike tomater vert kalla bifftomatar og er populære i salatar. Andre eigenskapar som det vert lagt vekt på, er: motstandskraft mot skadegjerarar, avlingsmengde, lagringsevne og dyrkingseigenskapar etter økologiske metodar.
Frø
Det finst genmanipulerte sortar. Slike sortar er ikkje tillate i Noreg endå og sjølvsagt ikkje i økologisk landbruk. Det kan vera vanskeleg å få tak i økologiske frø. Skal ein kjøpa konvensjonelle frø, må dei vera ubeisa.
Resistensegenskaper
Motstandskraft mot skadegjerarar vert prioritert ved foredling av nye sortar. Det har vorte oppnådd gode resultat, men resistensen endrar seg stadig. I sortskatalogane vert resistenseigenskapane gjevne opp med kodar i rekkefølgje: virus, bladsoppar, jordbuande soppar og parasittar. Eit tal etter bokstaven syner kor mange rasar sorten er resistent mot. Sjå under kva dei einskilde bokstavane tyder. Døme: TmC5OiF2FrWi.
Resistenseigenskapar hos ulike tomatsortar
- Tm = tomatmosaikkvirus
- C = Cladiosporum fulvum (fløyelsflekk) - 5 kjende rasar
- Oi = mjøldogg
- F = Fusarium - 2 kjende rasar
- Fr = Fusarium oxysporum radicis- lycopersici (rothalsråte)
- Wi = sølvblad
- N = nematodar ( Meloidogyne sp.)
- P = Pyrenochaeta lycopersici (korkrot)
- V = Vertivillium alboatrum
Aktuelle sortar
Se okofro.no for tilgjengelege økologiske tomatfrø.
Les mer:
>> Økologisk formeringsmateriale
>> Sortsbeskrivelser grønnsaker


