Plante- dyrking

Oppal og planting

Kva tid ein ynskjer ferdige plantar er avgjerande for kor langt oppal som er nødvendig. Om oppalet skal skje tidleg på året, vert oppalstida lenger enn om oppalet skal skje seinare. Di tidlegare kultur di lengre vert oppalstida. Om ein ynskjer å planta ut i februar/mars må ein så rundt juletider. For mange vil det ofte høva best med utplanting i april/mai. Det vil gje ei oppalstid på om lag 40 dagar.

Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule

Det enklaste er å så direkte i pottene. Alternativt kan det såast i såkassar og priklast. Både såjord, potter og kassar må vera reine. Naturtorv som vert kalka og gjødsla med godt kompostert husdyrgjødsel, høver godt. Ei blanding av 1/3 kompost og 2/3 jord er høveleg. Jorda bør tilsetjast litt lettløyseleg næring. Uttynna land med leiingstal mindre enn 6, ein gong i veka, vil ofte høva i starten.

Ekstra lys

Det er vanleg med ekstra lys til spiringa, etterpå er det truleg mindre aktuelt. Mange forsøk har synt at temperaturen ikkje må verta for høg frå spiring og framover. Det fører til færre blomar i dei fyrste klasane. Har du fullstendig klimastyring, er det vanleg å tilrå 7 000 lux etter såing og minimum 6 timars natt etter at frøblada er utfolda. I spirefasen kan temperaturen vera 24 ºC. Vert det gjeve 7 000 lux, bør temperaturen vera 20 ºC etter spirefasen. Har du meir lys, kan temperaturen vera nokre grader høgare.

Dybde

Det er viktig at tomatplanta kjem djupt nok ved utplanting. Eit gamalt råd var at tomatplantene skulle plantast ned til frøblada. Tomatplanta slår nye røter på stengelen. Rotutviklinga vert naturleg og optimal for arten. Det vil sikra god nærings- og vassforsyning.

Organisering i veksthuset

Organiseringa i veksthuset kan gjerast på fleire måtar, men å leggja radene på langs med huset er mest vanleg. Avstanden mellom radene avheng av dyrkingsmetode elles. For hus på jordgolv er det tilrådd radavstand på 1 m, og planteavstand på 30 cm. For hus med fast golv, gjev ofte radavstanden seg sjølv. Større planteavstand vil gje meir luft og mindre soppsjukdom. På Sogn Jord- og Hagebruksskule vert det nytta ein planteavstand på 40 cm.