Stell av tomatplantane i veksttida
Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule
Lufttemperatur
Høg temperatur etter utplanting fremjar tidleg utvikling og modning. Etter planting vert det tilrådd 20 ºC både dag og natt. Deretter 19 ºC om dagen og 17 ºC om natta. Lufting skjer ved 24 ºC. Frå starten på haustinga og resten av sesongen kan nattetemperaturen senkast litt, og lufting skjer ved 20-22 ºC. Det raude fargestoffet lycopin vert ikkje utvikla ved høgare temperatur enn 27 ºC.
Vatning
Ei lita plante brukar 2-3 dl vatn per dag i februar og 2-3 l på ein varm sommardag. På gråversdagar er forbruket langt mindre. For å sikra alle plantene nok vatn er det naudsynt med litt overskotsvatning. Vatninga bør regulerast etter veret. Tomatplantene skal vatnast kraftig, men dei kan gjerne verta litt tørre mellom vatningane. Med tanke på næringstap vil det vera gunstig å resirkulera avrenningsvatnet. Vatninga bør skje på føremiddagen. Då vert ikkje veksthuslufta så rå om natta. Dette er spesielt viktig om ein ikkje har oppvarming.
Dryppvatning sparar mykje arbeid.
Skygging og brusing
Tidlegare vart det lagt skygge på veksthusa på forsommaren og vaska av på ettersommaren. Skygge kan vera ei kalkblanding som vert måla direkte på rutene eller gardin som vert trekt for. I periodar med sterk innstråling vil vevstempetraturen i plantene kunna verta for høg.
I moderne veksthus vert det nytta hyppige brusingar. Blada vert stadig fukta med ein film av vatn. Når dette fordampar, tek det varme frå blada. For å få til dette krevst det bruseanlegg. Desse må kunna fordela vatnet svært fint. Brusinga må ikkje føra til at det dryp av blada, og anlegget må kunna starta og stoppa med korte mellomrom. Brusing, spesielt med unøyaktige anlegg, vil føra til høgare luftråme og kan gje sopproblem. Dei som ikkje har bruseanlegg, må framleis dempa innstrålinga ved skygging på glasrutene eller skyggegardiner. Plast vil ofte vera grå, og treng ikkje skygging.
Tilsetjing av karbondioksid
I moderne veksthus er det vanleg å tilføre karbondioksid for å auka avlingane. I økologisk tomatdyrking er det ikkje tillate å tilføre fabrikkframstilt CO2, men det finst døme på naturleg tilsetjing av
karbondioksid. God kompost i veksthuset vil auka CO2 -innhaldet. All biologisk aktivitet i jorda vil produsere CO2 og heva innhaldet av CO2 i veksthuslufta. I følgje Debio-reglane er det likevel tillate å tilføre CO2 i samband med gassbrenning for oppvarming av veksthuset.
Oppbinding
Plantane må bindast opp straks etter utplanting. Ein kraftig jarntråd som er festa godt, vert strekt i god høgd (3 - 4 m) over planteradene. Etter utplanting vert eit snøre festa forsiktig rundt tomatplantene og deretter festa til ståltråden. Snøret bør vera litt for langt. Om plantene seinare skal leggjast ned, slepp ein å skøyta eller ta nytt snøre. Komposterbart snøre gjer ryddinga
av huset enklare og bør nyttast.
Forming av plantene
Vanlegvis let ein plantene veksa fritt utan å toppa dei. I kaldhus vil det ofte vera rett å toppa plantene etter 4. eller 5. klase. Sideskota i bladhjørnene vert fjerna straks ein får tak på dei. Samstundes med denne jobben, som vert kalla pinsering, vert toppen av plantene snodde rundt snøret.
Når plantene vert høge, får dei nedste blada lite lys og gulnar. Slike gule eller skadde blad skjer ein vekk straks. Det må ikkje fjernast meir enn tre blad frå same planta samstundes.
Friske blad må ikkje takast bort. Det er viktig med litt luft mellom plantene. Faren for gråskimmel vert mindre. Blad som vert fjerna, bør ein ta ut av huset og kompostere skikkeleg.
Etter at dei nedste klasane er hausta, løyser ein snøret på jarntråden og senkar plantene.
Åtte veker før rydding, toppar ein alle plantene. Det vert då betre utvikling av fruktene som er tillaga.
Blomster og støving
Tomatblomane er tvekjønna. Det må støving (pollinering) til om ein skal få frukt. Tomat støvar seg for det meste sjølv, men dei kan og verta støva frå naboplanter. Støvinga går sikrast når plantene er i jamn og god vekst. Varmen må ikkje vera for høg og lufta ikkje for turr.
Støvinga vert fremja ved å banka på snorene med ein stokk eller nytta ein vibrator (skakestav) fleire gonger i veka. Kvar klase må røra seg.
Humler
Humler gjer jobben mykje betre enn vibratoren, og er vanlege i tradisjonell tomatdyrking. Eitt humlebol dekker normalt 1 daa veksthusareal. Dei fornyar seg dårleg i veksthus og heile bolet må skiftast ut etter om lag 6 veker.
Humler kan kjøpast hos: Pollinering Service, Mossige, 4340 BRYNE, tlf 51 48 73 90.
Sjølv om humlene gjer jobben med pollenspreiinga, må tilhøva i huset leggjast godt til rette. Luftråmen bør vere om lag 60 -85 %. Høgare luftråme kan gje samanklumping og dårleg utvikling av pollenet. Lite lys og stor fruktbelastning kan også hemma utvikling og spiring hos pollenet. Gråversperiodar kan vera eit problem om ein i «enkle» veksthus utan oppvarming. 20-25 ºC er gunstigaste temperaturen for pollenspiring. Det tek cirka 8 veker frå pollinering til moden frukt.
Vekstregulering
God balanse mellom vegetativ vekst og generativ utvikling er viktig. Dette kan styrast med regulering av temperatur og tilgang på vatn. Høg temperatur fremmar fruktutvikling og modning. Låg temperatur fremmar blomsterdifferensiering og vegetativ vekst. Vert den vegetative veksten for dårleg, kan nattetemperaturen senkast nokre få grader og dagtemperaturen haldast nede ved hjelp av lufting, brusing eller skygging. Nitrogeninnhaldet i gjødselvatnet bør også aukast.

