Plante- dyrking

Gjødsling

Rett gjødsling er truleg den største utfordringa i økologisk tomatdyrking. Generelt veit vi at tomatane brukar mykje kalium og nitrogen, men lite fosfor. Magnesium skal ein også passa på. Kor mykje som skal tilførast, er avhengig av jorda, m.a. korleis ho har vore gjødsla tidlegare og om ho har vore dampa m.m. Kraftig og/eller feil gjødsling reduserer kvaliteten. Spesielt kan det verta dårlegare fargeutvikling, slik at tomatane kan verta meir grøne.

Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule

Ein bør ta prøve av jorda som skal brukast, kvar haust. Tomatjorda bør difor vera klar i god tid. Dei viktigaste analysane er: kalium, fosfor, magnesium, kalsium, leiingstal og pH. Saman med røynslene frå tidlegare vekstsesongar, vil det vera god rettleiing for gjødslinga neste år.

Land

Generelt vil det vera lett å overgjødsla med N og K ved å bruka ei blanding av land og vatn.

Det kan vera lurt å ta ein analyse av landet. Styrken på blandinga vil oftast vera om lag 10 % avhengig av kor ofte ein vatnar. Ved lite vatning må blandinga vera mest konsentrert. Leiingstal vil vera til god hjelp. Vanlegvis startar ein med høgt leiingstal i starten og reduserer det ettersom modning, fruktbelastning og vatning aukar. Leiingstalet i gjødselvatnet må vera lågare di fleire gonger ein vatnar. Truleg vil det liggja mellom 4 og 6 ved 1-2 gjødslingar (vatningar) per veke. Høge leiingstal i jorda kan føra til Mg- og Ca-mangel.

Ein kan få problem med for høg pH på grunn av overgjødslinga med land/vatn. Når slike problem oppstår, må andre N- kjelder nyttast t.d. fast husdyrgjødsel eller fersk småkløver som vert lagt som toppdressing.

Grøngjødsling og husdyrgjødsel

Eit lag med smågras, gjerne med kløver, vil føra til jamnare råme og dermed frigjering av næring frå toppdressingen. Svenske forsøk har synt at slik grøngjødsling kan vera tilstrekkeleg til økologisk tomat som stod i jord. NPK-innhaldet i grønmassen varierer med botanisk samansetting. Kløver har sterk N-effekt. Ei blanding av kløver og gras gjev balansert næringstilgang. Kraftig grøngjødsling seint på hausten vil kunna føra til næringslekkasje dersom ein ikkje har resirkulering av avløpsvatnet. Husdyrgjødsel og grøngjødsling kan brukast kvar for seg, men truleg vil ein kombinasjon vera gunstig. Ein må unngå å få organisk gjødsel og vatn inn til stengelen. Det kan føra til råte.

Halm

Om ein ynskjer meir luftig jord, kan halm blandast inn. Halm vil binda litt N ved nedbrytinga og krev såleis litt meir N-gjødsling.