Plante- dyrking

Næringsmangel

Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule

Nitrogen

Nitrogenmangel oppstår lett ved dyrking av tomat. Om våren er plantene små og treng relativt lite N. På denne tida er det lite lys. Kraftig vegetativ vekst med lite lys gjev svake planter. Det er likevel fort å la seg lura ved oppal i potter. Nitrogenet kan fort verta brukt opp og då vil det vera trong for litt lett tilgjengeleg N, t.d. gjødselvatn med ca 10 % land. Når plantene står med frukter på dei nedste klasane, kan det lett verta for lite N. Det kan føra til mindre setjing på 4. - 6. klase, og plantene vert tynne i toppen. På denne tida er fordampinga stor. Det vert vatna mykje, og mykje nitrogen kan difor verta vaska ut.

Magnesium

Magnesiummangel er vanleg i dei fleste tomatkulturar. Dei eldste blada gulnar frå kanten og innover mot bladnervane og vert etterkvart brune. Om jorda skal kalkast, bør det nyttast dolomitt, men tomatane likar ikkje for høg pH. Plantene toler litt magnesiummangel utan at det går ut over avlinga. Naturleg aldring fører også til gulning av dei eldste blada og kan forvekslast med magnesiummangel.

Kalium

Om kaliummangelen vert sterk, syner det seg m.a. ved at bladkantane visnar. Sterk kaliumgjødsling kan hindra opptak av magnesium. Plantene kan syna symptom på magnesiummangel.

Kalsium

Kalsiummangel er også relativt vanleg i økologisk tomatdyrking. På tomatane syner det seg som ein brun flekk på spissen av fruktene. Det er sjeldan direkte mangel på kalsium, men kalsium er bunde i jorda eller i eldre plantedelar. Grunnar til dette kan vera for lite vatn, for mykje kalium i jorda, for høg luftråme eller for høgt innhald av salt i jorda.