Sjukdomar og skadedyr
Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule
Tomatsortane er resistente mot mange sjukdomar som var strevsame tidlegare. Ein bør vera påpasseleg ved frøkjøp.
Nyttedyr
Det har vorte tilgjengeleg mange nyttedyr mot lus, midd og mjøllus. L.O.G. skaffar desse.
Det er venta nyttesoppar mot gråskimmel og mjøldogg. Skal bruk av nyttedyr verta vellukka, må ein kjenna dei ulike skadegjerarane og skadebiletet deira. Limfeller vil vera eit godt hjelpemiddel. Fellane bør skiftast ein gong i veka.
Du kan lese om dei viktigaste skadedyra, samt aktuelle tiltak mot dei i tabellen under. Skal du bruke nyttedyr, er det viktig å fylgja tilrådingane om når og korleis nyttedyret skal setjast ut. Tomatplantane er også utsette for ein del sjukdommar. Nokre av dei viktigaste er omhandla i tabellen under.
| Skadedyr og tiltak mot desse | ||
| Skadedyr | Skadebilete | Tiltak |
| Veksthusspinnmidd (Tetranychus urticae) | Midden held til på undersida av blada. På oversida av blada vert det små, lyse, uregelmessige prikkar. Etter kvart som talet på midd aukar, vert dei gule flekkane meir samanhangande og blada visnar. Det er ikkje lett å oppdaga byrjande angrep, så ein bør venda på blada rutinemessig. | Rovmidd (Phytoseiulus persimilis) som er oppalen på tomat er effektiv ved begynnande angrep. Bruk 10-20 rovmidd per kvadratmeter i angripne områder. |
| Veksthusmjøllus/kvitfly (Trialeurodes vaporariorum) | Den vaksne er ca 2 mm lang, med kvite venger, og legg egg på undersida av blada. Nymfene er lysegrøne eller kvite og om lag 0,7 mm lange. Både nymfene og vaksne insekt syg næring frå blada, og skil ut klebrig ekskrement som grisar til både blad og frukter. Det kan utvikla seg svertesopp i dette. | Mjøllussnyltevepsen (Encarsia formosa ) er effektiv. Mjøllusåtaket må vera lite ved utsetting. Det vert hevda at sprøyting med grønsåpe (2 dl grønsåpe i 10 dl vatn) skal redusere kvitflyåtaka. |
| Tomatfly (Lacanobia oleracea) | Larveane til denne og andre liknande nattflylarver kan opptre i tomat. Dei gneg på blada og lagar groper i fruktene. | Ein kan nytte eggsnylteveps, lysfeller og ferromonfeller. Ein kan også rista larvene ned og drepa dei. |
| Bladlus | Bladlussnylteveps, Bladlusgallmygg | |
| Sjukdommar og tiltak mot desse | ||
| Sjukdom | Skadebilete | Tiltak |
| Mjøldogg | Mjøldogg er ein vanleg sopp, men det er relativt nyleg at den har angripe tomat. Soppen viser seg som kvite, lodne eller mjølaktige runde flekkar på oversida av blada. Flekkane vert stadig større og dekker til slutt heile blada. | Sjuke planter bør fjernast. I Sverige har dei funne at grønsåpe og bikarbonat (bakepulver) verkar mot mjøldogg (og bladlus). Det vert nytta ei blanding av 5 g bikarbonat og 10 g såpe per liter vatn. Blad som har kraftige angrep, kan verta svarte etter behandlinga. Det er viktig med god reingjering av hus og utstyr etter sesongen. |
| Tomatstengelsjuke | Sjukdomen angrip først og fremst i rothalsen, men andre plantedelar kan også verta angripne. Vanlegvis vil denne sjukdomen opptre i kaldhus. Sjuke planter smittar lett. | Angripne planter må fjernast straks og komposterast forsvarleg, i god avstand frå veksthuset. Låg luftråme og vatning rett på jorda er viktig. Viktigast er likevel jordtemperaturen. Har ein jordvarme, vil truleg ikkje dette vera noko problem. God reingjering etter avslutning av sesongen er viktig. |
| Gråskimmel | Dette er ein vanleg sopp, som kan angripe alle delar av tomatplanta. Den kan opptre som stengelråte og er kjenneteikna av det gråaktige belegget. På fruktene vert det ein lys blaut råte med grått belegg. | God lufting omkring nedste plantedelane er positivt. Det er viktig å fjerna gamle og sjuke blad for å oppnå dette. Jordvarme og lite brusing vil også vera gunstig. Planter som er gjødsla kraftig med nitrogen, er mest utsette. |
| Virus | Alle sortar som vert nytta i handelsdyrkinga, er resistente mot virus. I hobbydyrkinga er det sortar som ikkje er resistente. Slike sortar kan framelska resistensbrytande virusstammer og bør ikkje nyttast i handelsdyrkinga. | |
| Tørråte | Plasser ikkje potetåkeren inntil tomatveksthuset | |


