Blautråte
Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule og Jan-Erik Mæhlum, Øko-Gudbrand
Det er alltid noko blautråte på eit potetlager. Det skuldast ein bakterie som også kan angripe nedste delen av stengelen. Då kallar vi sjukdomen stengelråte. I dårleg drenert og fuktig jord kan blautråta starte i åkeren. Mest vanleg er han på lager. Ofte kjem det inn andre og illeluktande råteorganismar etterpå. Smittinga skjer vanlegvis med ulike former for kontakt ved opptak, sortering eller lagring. Vanlegvis er det ikkje noko stort problem å halda blautråte under kontroll. I år med mykje regn kombinert med tørråtesmitte i tørråtesvake sortar, skal ein vere spesielt på vakt. Friske
setjepotetar, luking av sjuke planter i åkeren, god drenering, skånsamt opptak, sårhelingsperiode og god lagring er førebyggjande tiltak.


