Gjødsling
Tradisjonelt har det ved konvensjonell drift blitt brukt store mengder husdyrgjødsel ved attlegg av eng. Forsøk syner at dette gir svært dårleg utnytting av næringsstoffa i gjødsla, og at det ikkje er grunn til å bruke mykje gjødsel til attlegg.
På grunn av lågare avling er næringskravet til attlegget ikkje så stort som til enga. Ein jamn bruk av husdyrgjødsel på arealet i engåra sikrar tilfredsstillande fosfor- og kaliumforsyning, og gir normalt ei betre utnytting av næringsstoffa enn ved bruk av større mengder gjødsel i attlegget. Til kortvarig, kløverrik eng kan sterkare gjødsling i attlegget (tre til fire tonn blautgjødsel per dekar) likevel gi bra resultat og spare ein for arbeid ved at ein slepp gjødsling i engåra. Ei slik gjødsling sikrar fosfor- og kaliumforsyninga for eitt til to år framover, og bra kløvertilslag sikrar god avling og nitrogenforsyning i enga.
Bruket sin tilgang på gjødsel og prioritering av gjødselmengda til ulike vekstar får styre kva strategi ein skal velje. Med ei blanding av ung og eldre eng på garden bør gjødsla prioriterast sterkare til den eldste enga fordi denne normalt har mindre kløver og lågare innhald av lettløyseleg kalium i jorda enn den yngste enga. Om fosfor- og kaliumtilstanden er tilfredsstillande, kan ein bruke husdyrgjødsel i attleggsåret og kutte ut gjødsling i første- og kanskje i andreårsenga.
Nitrogenfiksering
Nitrogenbehovet i økologisk eng vert dekt gjennom biologisk nitrogenfiksering hjå engbelgvekstar, mineralisering av organisk materiale i jorda og gjennom gjødsling. Den positive nitrogeneffekten frå belgvekstane kjem fyrst og fremst enga til gode når vekstane døyr og vert mineraliserte. Då kan engvekstane ta opp det frigivne nitrogenet. Elles bruker belgvekstane fiksert nitrogen til eigen vekst, og lite kjem graset til gode direkte, sjølv om ein ikkje kan utelukke at det kan leke ut små mengder frå røtene.
Raudkløver er den viktigaste nitrogenfikserande belgveksten hjå oss, men andre engbelgvekstar som kvitkløver, alsikekløver, luserne og strekbelg kan også samle store mengder nitrogen.
Gras konkurrerer sterkare enn kløver om mineralsk nitrogen i jorda. Dette er òg med på å fremje nitrogenforsyninga hjå graset i ei blanding med kløver i høve til gras i reinbestand.
Ei kløverrik eng som hentar mykje nitrogen frå lufta, vil også gi stor ettereffekt gjennom nedbryting av nitrogenhaldige planterestar. Mengda av fiksert nitrogen er avhengig av følgjande faktorar:
- mengd belgvekst i enga (belgvekstavling)
- nitrogeninnhald i belgvekstane
- rotmasse, topp/rot-forhold
- kor mykje av nitrogenen i planten som er teken opp frå lufta
Ei eng med kløver kan hente meir enn 80 % av nitrogenet frå lufta, mens resten blir teke opp frå jorda. Det er laga likningar for å berekne kor mykje nitrogen som vert fiksert hjå kløver under normale forhold (Nyborg 1995). Kløverdelen er den viktigaste og mest variable faktoren for kor mykje nitrogen som vert fiksert.
|
Kg N/daa = Tørrstoffavling × kløverdel (% av tørrstoffet /100) × 0,0374 × r-verdi |
Variasjon i kløveravling heng mest saman med tilslag av kløver (såmengd, rhizobiumbakteriar, etableringsforhold, konkurranse med gras), klima (temperatur, vatn, vinterklima), jord (jordstruktur, jordpakking, pH, næringstilgang) og sjukdomspress (kløverròte, rotròte).
Nitrogeninnhaldet i plantemassen går ned med utsett haustetid, og rotmassen aukar med alderen på enga.
Les meir:


