Plante- dyrking

Rotsnutebiller

- bruk av nyttenematode Nemasys H

Rotsnutebiller kan gi store skadar i jordbær. Larvane lever i jorda og gneg på røter og rotstokk. Billene kan ikkje flyge, skaden viser seg derfor som flekkar i feltet. Svake angrep gir redusert plantevekst med små blad, små bær og lita avling. I enkelte tilfelle kan skaden vere total. Beste mottiltak er korte omløp, vekstskifte og god jordarbeiding. Nyttenematodar kan ha ein viss effekt.

Det finst mange artar av rotsnutebiller og dei kan leve på mange planteartar, men det er særleg veksthussnutebille (Otiorhynchus sulcatus) som gjer skade i jordbær. Billene er gråsvarte til svarte og 5-10 mm lange.

Rotsnutebille (Foto: Erling Fløistad)Rotsnutebille (Foto: Erling Fløistad, Bioforsk)

Dei vaksne billene gneg små innsnitt på kanten av blada. Dette gjer liten skade, men er eit symptom på at billa er til stades og ein må derfor vere på vakt.

Larvar av rotsnutebille

Larvane er litt krumme, 1-2 cm lange og som regel kvite, men kan også vere raudbrune. Larvane lever i jorda og gneg på røtene eller rotstokkane, ved sterke angrep kan skaden vere total. For å unngå stor skade, må ein unngå å plante på jord der det har vore sterke angrep av rotsnutebiller tidlegare.

Bruk av plastdekke på lett jord fører ofte til stor skade av rotsnutebilla.

Skade på rotstokk og larvar av rotsnutebille. Dei er lyse, litt krumme og 1-2 cm lange (Foto: Aksel Døving).Skade på rotstokk og larvar av rotsnutebille. Dei er lyse, litt krumme og 1-2 cm lange (Foto: Aksel Døving, Bioforsk Økologisk).

Nemasys H - nyttenematodar

Angripne felt kan behandlast med Nemasys H (Heterorhabditis megidis), dette er nyttenematodar som lever på larvar av mellom anna rotsnutebiller. Nematodane skal vatnast ut med ca 25.000 stk/plante, dette kan gjerast med ei åkersprøyte der alle filter er fjerna.

Dette preparatet har gitt svært lovande resultat i enkelte forsøk her i landet, men bruken av det er relativt dyr og kan være arbeidskrevjande.

Den brune larven er infisert med nematoder, frisk larve og puppe av rotsnutebille (Foto: Erling Fløistad) Den brune larven er infisert med nematoder, frisk larve og puppe av rotsnutebille (Foto: Erling Fløistad, Bioforsk).

Behandlingstidspunkt

Nematodane har vist seg å ha god effekt ved behandling i første del av september, best resultat med to behandlingar med ca. ei vekes mellomrom, før temperaturen i jorda kjem under 12 grader.

Behandling om våren er også råd, men ofte er skaden allereide gjort.

Nemasys L

Nemasys L (Steinernema kraussei) er også et nematode preparat i sal som er utprøvd mot veksthussnutebille, den tåler lav temperatur i jorda. 

Forsøk i felt viser at effekten er for dårleg og det er difor førebels anbefalt å bruke Nemasys H. Forsøk tyder også på at effekten av nematodane er dårlegare i felt med tung jord.

Viktig å merke seg ved bruk av Nemasys H eller andre nyttenematodar

Nematodane er lett å bruke men ver obs på følgjande:

Nematodane må vere i live for å kunne virke

  • Bør lagrast ved 2 til 15 °C, må aldri frysast
  • Pass på utgått dato
  • Opna pakke kan ikkje lagrast, nematodane tørkar ut

Nematodane er dårlege symjarar, dei sekk i vatn

  • Må haldast i omrøring under arbeid
  • Unngå vassmetta jord, nematodane bevegar seg ikkje når porane er fylt med vatn

Nematodane vert øydelagt av UV-stråling (sol)

  • Bør vatnast ut etter solnedgang eller i overskya ver
  • Vatning av området/plantene etter behandling for å “vaske ned" nematodane

Nematodane bevegar seg ikkje under tørre forhold

  • Unngå at jorda tørkar ut etter behandling

Nematodane er 0,.7 mm lange og 0,.02 mm breie og kan sette seg fast i sprøyteutstyret/filteret

  • Bruk dyser med diameter på minst 0,5 mm
  • Fjern alle filter i sprøyteutstyret