Plante- dyrking

Regntak, plasttunnel

I tillegg til sortsval er dyrking i høge plasttunnelar eller bruk av regntak det mest effektive tiltaket mot gråskimmel.

For å sikre stabile avlingar i økologisk dyrking må ein truleg ha tak over jordbæra. Tak over feltet held blomster og bær tørre og kan redusere gråskimmelangrepa til eit minimum, men er etter måten kostbart.

Plasttunnel/plasthus

Rimelegaste og mest aktuelle forma for regntak i jordbær er truleg plasttunnelar eller andre enkle plasthus. Også andre konstruksjonar kan brukast, men er ofte dyrare eller meir arbeidskrevjande.

Tidlegare modning og større avling

Plasttunnelar gir samtidig tidlegare modning og ofte også større avling. Tidleg avling gir som regel betre pris, og saman med avlingsnivået vil det vere avgjerande for lønsemda med bruk av plasttunnel.