Plante- dyrking

Rader, vatning, gjødsling, bladfjerning

Det vil også hjelpe mot gråskimmel å halde opne, smale og luftige rader, slik at plantene lettare tørkar opp etter regn, vatning eller doggfall.

Enkeltrader er luftigare enn dobbeltrader. Planting på plast gir opnare rader enn utan, fordi planting utan plast resulterer i samangroing og tette rader. Dekking med halm eller bark kan gjere at det held seg tørrare i feltet.

Vatning

Hyppig spreiarvatning vil føre til eit fuktigare mikroklima i feltet og auka fare for gråskimmelangrep. Slik vatning bør derfor ikkje brukast meir enn 1-2 gongar kvar veke og i periodar av døgnet som sikrar rask opptørking etter vatning.

Likeins bør ein unngå å vatne på modne bær, og heller starte vatninga like etter at feltet er overplukka. Ved bruk av dryppvatning vil ein kunne halde det tørrare i bladverket.

Sterk N-gjødsling kan gje sterkare angrep

Sterk N-gjødsling kan føre til sterkare angrep av gråskimmel, truleg fordi auka N-gjødsling gir større og tettare bladverk som tørkar seinare etter regn og dermed gir auka fare for gråskimmelangrep.

Bladfjerning

Fjerning av gammalt lauv om hausten eller om våren kan ha ein viss verknad ved at ein fjernar smitte og gjer det opnare og tørrare i radene.

Bladfjerning har likevel gitt varierande resultat i forsøk. Truleg spelar det ei viss rolle når og korleis blada vert fjerna. Avblading rett etter avhausting vil som regel redusere avlinga i vårt klima.