Biologiske tiltak
Fleire såkalla nyttesoppar har vore prøvd til biologiske bekjemping av gråskimmel.
I andre land, mellom anna i Sverige, fins preparat av artar i soppslekta Trichoderma som vert nytta i jordbær og andre vekstar.
Forsøk i Norge har så langt gitt altfor dårleg resultat til at slike tiltak kan tilrådast i jordbærdyrkinga (per november 2009). Men det vert arbeidd vidare med å framskaffe meir kunnskap om nyttesoppane mellom anna for å forbetre teknikken ved tilføring av dei biologiske preparata.


