Myrjord
I Noreg er det meste av den organiske jorda myrjord. Ho består av humuspartiklar, og er danna på grunn av fuktige forhold i jorda. Slik jord kan vere svært forskjellig, etter kva slag planter ho er skapt av. Men all myrjord har dårleg varmeleiingsevne, held godt på vatnet og er svært sårbar for kjøring.
Oksygeninnhaldet i jorda er for lågt til at organismane som elles omsett det organisk materialet kan leve der. Dermed hopar organisk materiale seg opp.
I Noreg har vi mykje myr som i hovudsak er danna av næringsfattig torvmose (kvitmose). Mosen inneheld svært lite næring.
Tett jord
I mykje av myrjorda på Vestlandet er det organiske materialet berre delvis brote ned, og det blir feittaktig. Ei slik jord kan bli svært tett. Det kan vere vanskeleg både å få luft inn i jorda og å drenere ut vatnet. Derfor er det spesielt utfordrande å drive ei slik jord økologisk. Spesielt gjelder dette i områder med mye nedbør.
Grasmyr
Ei myr som i hovudsak er danna av gras (grasmyr) er mykje meir næringsrik. Etter drenering skjer det i stor grad ei formolding av det organiske materialet.
Dersom det er både myrjord og mineraljord, kan du legge opp til ulike vekstskifter for disse to jordtypene. Her må du ta hensyn til at myrjorda er mer utsatt for pakkeskade enn mineraljord, og at den har dårligere evne til å opparbeide god jordstruktur igjen.
Lett utstyr og faste kjørespor
Vær derfor ekstra forsiktig med tungt utstyr på myrjord. Opparbeid gjerne faste kjørespor.
Myrjord kan egne seg til høyproduksjon, forsiktig beiting eller radkulturer. Dersom du kjører opp bed og får luft og varme inn i jorda, kan for eksempel gulrot trives godt i myrjord.


