Markdag om høymole og målretta beiting
Korleis kan vi handtere høymole utan kjemiske middel- og kva fortel eigentleg planten oss om jorda og drifta vår? Vi inviterer til markdag med fokus på praktiske og alternative strategiar for handtering av høymole. Med utgangspunkt i erfaringane frå Langeset Gard ser vi nærare på korleis endringar i drift, særleg innan beiting og jordhelse, kan påverke førekomsten av høymole over tid.