Resirkulert gjødsel i kornåkeren: Markdag på Fale i Sunndal
Kan restar frå havet og husdyrgjødsel bli til effektiv og miljøvennleg gjødsel for korn og potet? Det undersøker vi nå i feltforsøket som er del av MinOrg-prosjektet – og du er hjarteleg velkomen til markdag!
På Fale i Sunndal testar vi ut ei ny type mineralorganisk gjødsel laga av biorest frå husdyrgjødsel og fiskeslam, blanda med marine restråstoff. Denne typen resirkulert gjødsel kan bli eit viktig bidrag i framtidas sirkulære landbruk – men kva seier forsøka så langt?