Foto: Anita LandFoto: Anita Land

Dyrevelferd storfe

God dyrevelferd i økologisk produksjon inneber ikkje berre god helse, men å ta vare på dyra sin eigenart og legge til rette for at dei skal få utfalde seg i samsvar med naturen deira. For å kunne leggje til rette for naturleg åtferd i storfehaldet må ein skaffe seg kunnskap om kva som er normal åtferd for storfe som er i sin naturlege biotop.

Stamfaren til storfe er uroksen, Bos primigenius, som utvikla seg i dei asiatiske skogane. Uroksen var kjempestor, med mankehøgd på 180 cm. Etter kvart som kua blei tamd, kvegnomadar tok kveghaldet til små familiegardsbruk og landsbyar i Europa, og vidare til dei barske kåra i Skandinavia, blei kyrne mindre. Dei minste rasane i Noreg var berre vel ein meter i mankehøgd. Dyra var hardføre, voks langsamt, fekk solide knoklar og kunne ta seg fram overalt i ulendt terreng. Storfe har enno stort sett same instinkt og åtferd som uroksane og -kyrne.

Kalvingsåtferd

Det er naturleg for kua å trekkje seg unna flokken eit par timar før kalving. Ho byggjer ikkje reir, men prøver å finne eit tørt område med buskar og tre rundt. Dette er truleg for å skjerme kalven mot vêr og vind og ulike farar. Kua ligg under sjølve kalvinga, men reiser seg kort tid etter at kalven er fødd. Ho slikkar kalven slik at han blir tørr og rein. Denne slikkinga er viktig for at mor og kalv skal føle at dei høyrer saman. Mora lærer fort å kjenne kalven, men først etter fire dagar kan kalven kjenne att rautinga til mora. Dei første dagane etter fødselen, når mora går frå kalven i korte periodar for å ete, ligg kalven heilt stille, godt gøymd i kratt eller høgt gras. Vi seier at kalven trykkjer. Kalven har eit tjukt og seigt skinn den første tida. Dette er truleg eit vern mot skadar, og særleg mot rovdyrtenner. Kalven har stor overflate i forhold til kroppsvekt. Dette gjer at han har lett for å fryse om det er fuktig eller trekk. Etter kvart trekkjer kalven mot andre kalvar for å leike, og er saman med morkua for å die.

Kalvingsåtferda er viktig for korleis vi legg til rette for kalving i drifta, både ute og inne. Ei utfordring med kalving ute er å ha oversikt over og kunne hjelpe til ved kalving. Nokre kyr kan også vere aggressive mot andre som nærmar seg kalven deira. Ved kalving ute er det viktig med tilgang til lun og trekkfri liggjeplass. Ved kalving inne er det viktig at det er ein kalvingsbinge som har god nok plass til at ku og kalv kan røre seg naturleg. Kalvingsbingen bør vere plassert slik at det er lett å ha tilsyn med kua og kalven. Det er ein fordel med fleire personutgangar i tilfelle kua er aggressiv og ein må rømme frå bingen. Nedre del av bingeveggene bør vere tette for å hindre trekk og for mykje innsyn. Underlaget bør vere tørt, mjukt og sklisikkert. Bingen bør plasserast slik at dyra kan vere mest mogleg uforstyrra, samtidig som det er lett å komme til og ha tilsyn med dei.

Flokkdyr

Kalvar er svært sosiale og skal ikkje vere åleine i boks eller binge (for berre eitt dyr) etter den første veka. Dette kan vere ei utfordring knytt til sjukdomssmitte mellom dyr, og det er viktig å unngå stor spreiing i alder for å hindre at eldre dyr smittar yngre dyr, men også for å redusere stress og mobbing. Store kalvar plagar ofte små kalvar ved knuffing, skubbing og ved å hindre dei i å ete. Spedkalvar i uisolerte fjøs bør ha toklimabinge. Det vil seie ei isolert liggjeavdeling med tre vegger og tak, og ein uisolert del for fôring. Det er generelt viktig å plassere kalvar slik at dei unngår trekk.

Storfe er typiske flokkdyr. Dei vil derfor slå seg saman i store hjorder, ofte med bortimot 100 dyr, når dei har høve til det. Innanfor ei slik hjord vil det vere mindre kjerneflokkar som består av 10–15 individ som er i nær slekt med kvarandre. Flokkane vandrar ofte over store område (5–10 km kvar dag) i jakt på mat. Dette instinktet utnyttar vi når vi slepper dyra på utmarksbeite for at dei skal finne maten sjølv.

Storfe kommuniserer med kvarandre ved hjelp av kroppsstilling, berøring og lukt. Lydar er spesielt viktige for å halde kontakten mellom ku og kalv.

Dyra i flokken slikkar kvarandre, mest på hovudet, i nakken og på ryggen, det vil seie dei områda der dei sjølv har vanskar for å komme til. Dyr som står på bås, kan vanskeleg hjelpe kvarandre med reinhaldet. Då er det vi som har ansvaret for det daglege stellet av dyra, som må hjelpe dyra med å halde seg reine ved å klippe og børste dei regelmessig. Storfe vil i det fri liggje om lag halve døgnet. Mjukt liggjeunderlag til kyrne har vist auka liggjetid, som igjen har ført til auka avdrått.

Det er ei sterk rangordning i flokken. Når han først er etablert, kan konfliktar løysast utan fysisk kamp. Samtidig kan det bli harde kår for den som står nedst på rangstigen, dersom vi innreier husdyrrom, fôrkrybber, vegar og passasjar slik at dyra nedst på rangstigen ikkje har høve til å flykte eller ikkje får plass ved matfatet saman med dei andre dyra.

Beiteåtferd

Storfeet manglar, som alle drøvtyggjarar, framtenner i overmunnen. Dei bruker tunga til å samle saman beitegrøda dei vil ete. Noko av dette slit dei også av med tunga, men det meste bit og slit dei av ved hjelp av framtennene i underkjeven og den harde muskelputa i overkjeven. Dei beiter ikkje så nær marka som hest og småfe i og med at dei bruker tunga til å samle plantematerialet.

Unaturleg åtferd

Mistrivsel eller langvarig stress på grunn av forhold som ikkje er tilpassa dyra, kan føre til uønskt åtferd, eller stereotypiar. Eit døme er tungerulling. Ei ku vil, om ho får høve til det, bruke i gjennomsnitt ni timar i døgnet på å ete og å drøvtyggje. Tungerulling kan oppstå ved for liten tilgang på grovfôr, fordi kua ikkje får brukt lang nok tid på å tyggje. Det kan også oppstå på grunn av for lite struktur i fôret. Kua rullar tunga rundt i (eller utanfor) munnen, om og om igjen.

Lening, eller leaning, er åtferda kua har når ho pressar hovudet, mulen eller andre kroppsdelar mot innreiinga eller andre dyr (som står/ligg stille) i fleire minutt. Ein trur åtferda er ein respons på manglar ved miljøet, eller at kua kjedar seg. Åtferda er observert i situasjonar der kua er hindra i å leggje seg ned på grunn av for få, eller ueigna liggjeplassar, og hos kyr som har blitt utsette for isolasjon. Låg liggjetid eller at kyr ligg utanfor liggjebåsen eller på spaltene i lausdrift kan mellom anna tyde på manglar i utforminga av liggjebåsen.

Ved å utføre stereotypiar skil dyret ut morfinliknande stoff i hjernen. Dette kan bidra til at stresset dyret opplever, blir redusert, men det forsvinn ikkje. Dersom ein observerer unormal åtferd, bør ein sjekke miljøet, og sjå at alt er som det skal; at kua har tilgang til eigna liggjeplass og kan leggje seg ned uhindra, og at ho ikkje har skadar eller ubehag som gjer det vanskeleg å leggje seg. Det er viktig å oppdage stereotypiar når dei oppstår, slik at ein kan finne ut av kva som stressar eller gjer at dyret mistrivst. Etter kvart vil stereotypien gå over til ein uvane som ikkje går bort sjølv om forholdet for dyret blir endra. Gnaging på innreiing er stereotypiar ein kan sjå hos gris og hest. Eit anna døme er kalvar som syg på innreiing eller andre kalvar. Desse har ikkje fått tilfredsstilt behovet sitt for å die.

Les mer

Lieber, F, M. Walkenhorst & M. Holinger 2020. The relevance of feed diversity and choice in nutrition of ruminant livestock. Journal of Sustainable Organic Systems 70(1):35-38

Åkerfeldt, M.P. m.fl. 2020. Health and welfare in organic livestock production systems - a systematic mapping of current knowledge. Organic Agriculture 2020. https://doi.org/10.1007/s13165-020-00334-y

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no