Høner bruker gjerne vaglepinne eller set seg opp i trea om dei har høve til det. Foto: Kirsty McKinnom, NORSØKHøner bruker gjerne vaglepinne eller set seg opp i trea om dei har høve til det. Foto: Kirsty McKinnom, NORSØK

Dyrevelferd: Etiske teoriar

Kva som skal til for at eit dyr har eit godt liv, og kva dyrevelferd betyr i praksis, vil variere, avhengig av kva etisk tilnærming ein har. Det vil seie kva verdiar ein legg til grunn for handlingane sine og for husdyrhaldet.

Forskarar og filosofar har diskutert i fleire tiår for å komme fram til ein definisjon på kva god dyrevelferd er, men i dag er ein ganske einige om at dette ikkje er mogleg fordi omgrepet inneheld ein viktig «verdi-komponent». I lov om dyrevelferd står det at dyr har ein verdi i seg sjølve, uavhengig av nytteverdien dei har for menneske. Ein skal gjere vel mot dyr og verne dei mot fare for unødige påkjenningar og press.

Etikk er den norma som eit individ legg til grunn for orda og handlingane sine. Det dreier seg om kva vi synest er godt og vondt eller rett og feil i livet. Etikk og moral blir ofte brukt om kvarandre, men eigentleg er etikken den filosofien som ligg bak kva moralske vurderingar vi gjer. Etikk er tankane om kva som er gale og rett, mens moral er korleis ein oppfører seg i praksis. Når vi gjer ei moralsk vurdering, spør vi om ei handling er rett eller feil ut frå den etiske ståstaden vi har. Dyreetikk dreier seg om korleis forholdet mellom menneske og dyr bør vere for å vere godt og rett, og om dyr idet heile har krav på velferd? Kva er i så fall «god nok» velferd, og kva inneberer god dyrevelferd? Når ein skal diskutere dyrevelferd og verdiar i økologisk husdyrproduksjon, kan det vere greitt å begynne med kva verdiar som ligg bak økologisk produksjon. 

Økologiske verdiar

Den økologiske rørsla, som har drive utviklinga av det økologiske landbruket og ikkje minst regelverket, er basert på nokre felles grunnleggjande verdiar som igjen verkar inn på dyrehaldet. Det er mogleg å relatere grunnleggjande verdiar i økolandbruket til etiske teoriar knytte til forholdet mellom menneske og dyr eller menneske og natur. Desse blir ofte delte inn i fleire kategoriar. Økologisk landbruk byggjer i vesentleg grad på økosentrisk etikk. Dette får betydning for korleis ein forstår omgrepet livskvalitet for dyr.

Økosentrisk etikk set naturen i sentrum som ein heilskap, og det beste for systemet er viktigare enn det beste for dei individa som lever der. Det overordna målet for økolandbruket er å skape beredyktige landbrukssystem. Dette er også reflektert i regelverket for økologisk produksjon, der ein ser konfliktar knytte til miljøomsyn og dyrevelferd. Eit døme er restriksjonar i bruk av kjemisk-syntetiske medisinar og antibiotika for å redusere belastninga på miljøet. Dersom dette fører til at sjuke dyr ikkje blir behandla med nødvendige medisinar til rett tid, fører dette til dårleg dyrevelferd. Økosentrisk etikk byggjer på grunnleggjande respekt for alt inaturen. Dette inkluderer også respekt for dyra. I økologisk landbruk skal ein ut frå eit økosentrisk syn ha respekt for og ta omsyn til dyra som individ, og ikkje berre som produksjonsdyr.

Ein skal etterlikne naturlege økosystem og kretsløp, og arbeide saman med dei i staden for å endre dei. Dette blir reflektert i dei etiske prinsippa som er nedfelte i den internasjonale paraplyorganisasjonen IFOAM Organics International.

 

Alle levande vesen er gjensidig avhengige av og påverkarkvarandre, og er igjen bundne saman med miljøet dei er i. Naturen er ein godmodell for korleis vi menneske bør handle, og det er viktig at vi samarbeidermed naturen. Ein bør derfor redusere inngrepa i prosessane i naturen. Goddyrevelferd vil dermed bety at dyra skal ha høve til å utføre naturleg åtferd, blifôra med fôr tilpassa fysiologien deira, og leve i eit miljø så likt dennaturlege biotopen deira som mogleg.

 

Viktig fordyrevelferda

 

Det er særlig tre innfallsvinklar som går att når ein diskuterer kva som er viktig for dyrevelferda:

 

1 Naturleg liv

 

Velferda til eit dyr er avhengig av moglegheita dyret hartil å utføre naturleg åtferd og leve eit liv så naturleg som mogleg. Dyret børdermed få plass til å utføre viktige typar av normal åtferd, ha tilgang tilfrisk luft og sosialisering med andre dyr.

 

2 Helse og biologiskfunksjon

 

Tilstanden til dyret når det gjeld å meistre miljøet sitt,avgjer velferda. Utgangspunktet er at dei fleste dyr er fleksible og til einviss grad tilpassingsdyktige.

 

3 Subjektiv oppleving

 

Kjenslene til dyret (liding, smerte og behag) avgjerveldferda. Så lenge opplevingane til dyret i form av velvære, tilfredsstillingog leik er i overvekt og veg opp for negative kjensler som frykt og frustrasjon,gjer det ikkje noko om ein kan måle at til dømes immunforsvaret er svekt. Eitsentralt spørsmål er då om eit dyr føler smerte.

Antroposentriske teoriar set mennesket i sentrum og meiner at berre desse har moralsk status. Korleis ein behandlar dyra, betyr dermed ingenting. Sentientistiske teoriar (tilsvarande det engelske omgrepet sentient being, ’sansande vesen’) meiner at alle skapningar som har kjensler og kan oppleve smerte, har moralsk status og må takast omsyn til. Eit viktig spørsmål blir då om til dømes fisk har kjensler og kan oppleve smerte.
Biosentriske teoriar meiner at alt levande på jorda har moralsk status.
Økosentriske teoriar hevdar at ikkje berre levande skapningar, men naturen sjølv, til dømes økosystem og artar, må takast omsyn til. Her blir det også lagt vekt på heilskapsperspektiv og systemtenking.

Teksten er henta frå læreboka: Økologisk Landbruk lærebok i valgfrie programfag økologisk landbruk 1 og økologisk landbruk 2 for VG 3 landbruk.

 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no