Grisunger Anita Land 8076

Dyrevelferd: Økologiske verdiar

Etikk er den norma som eit individ legg til grunn for orda og handlingane sine. Det dreier seg om kva vi synest er godt og vondt eller rett og feil i livet.

Etikk er den norma som eit individ legg til grunn for orda og handlingane sine. Det dreier seg om kva vi synest er godt og vondt eller rett og feil i livet. Etikk og moral blir ofte brukt om kvarandre, men eigentleg er etikken den filosofien som ligg bak kva moralske vurderingar vi gjer. Etikk er tankane om kva som er gale og rett, mens moral er korleis ein oppfører seg i praksis. Når vi gjer ei moralsk vurdering, spør vi om ei handling er rett eller feil ut frå den etiske ståstaden vi har. Dyreetikk dreier seg om korleis forholdet mellom menneske og dyr bør vere for å vere godt og rett, og om dyr i det heile har krav på velferd? Kva er i så fall «god nok» velferd, og kva inneberer god dyrevelferd?

Når ein skal diskutere dyrevelferd og verdiar i økologisk husdyrproduksjon, kan det vere greitt å begynne med kva verdiar som ligg bak økologisk produksjon.

Den økologiske rørsla, som har drive utviklinga av det økologiske landbruket og ikkje minst regelverket, er basert på nokre felles grunnleggjande verdiar som igjen verkar inn på dyrehaldet. Det er mogleg å relatere grunnleggjande verdiar i økolandbruket til etiske teoriar knytte til forholdet mellom menneske og dyr eller menneske og natur. Desse blir ofte delte inn i fleire kategoriar. Økologisk landbruk byggjer i vesentleg grad på økosentrisk etikk. Dette får betydning for korleis ein forstår omgrepet livskvalitet for dyr.

Økosentrisk etikk set naturen i sentrum som ein heilskap, og det beste for systemet er viktigare enn det beste for dei individa som lever der. Det overordna målet for økolandbruket er å skape beredyktige landbrukssystem. Dette er også reflektert i regelverket for økologisk produksjon, der ein ser konfliktar knytte til miljøomsyn og dyrevelferd. Eit døme er restriksjonar i bruk av kjemisk-syntetiske medisinar og antibiotika for å redusere belastninga på miljøet. Dersom dette fører til at sjuke dyr ikkje blir behandla med nødvendige medisinar til rett tid, fører dette til dårleg dyrevelferd. Økosentrisk etikk byggjer på grunnleggjande respekt for alt i naturen. Dette inkluderer også respekt for dyra. I økologisk landbruk skal ein ut frå eit økosentrisk syn ha respekt for og ta omsyn til dyra som individ, og ikkje berre som produksjonsdyr.

Ein skal etterlikne naturlege økosystem og kretsløp, og arbeide saman med dei i staden for å endre dei. Dette blir reflektert i dei fire etiske prinsippa som er nedfelte i den internasjonale organisajonen IFOAM Organics International. Alle levande vesen er gjensidig avhengige av og påverkar kvarandre, og er igjen bundne saman med miljøet dei er i. Naturen er ein god modell for korleis vi menneske bør handle, og det er viktig at vi samarbeider med naturen. Ein bør derfor redusere inngrepa i prosessane i naturen. God dyrevelferd vil dermed bety at dyra skal ha høve til å utføre naturleg åtferd, bli fôra med fôr tilpassa fysiologien deira, og leve i eit miljø så likt den naturlege biotopen deira som mogleg.

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no