Anita Land Melking 3694

Flatare mjølkekurve

Ein måte å møte utfordringa med proteinrikt fôr på er å fôre for ei flatare mjølkekurve. Ein må då redusere dei høgaste dagsytingane. Det er enklare å dekkje energibehovet til kua i topplaktasjonen om toppytinga er moderat i forhold til høg produksjon.

Eit tiltak for å redusere toppytinga er å ha kyr i moderat hold ved kalving. Kyrne i eit økologisk driftsopplegg bør ha holdpoeng rundt 3–3,5 ved kalving. I løpet av topplaktasjonen kan det aksepterast at dei går ned til holdpoeng 2–2,5, for så å byggje seg opp att til 3–3,5 i siste del av laktasjonen. Holdet bør haldast konstant i tørrperioden fram til ei forsiktig førebuingsfôring dei siste vekene før kalving.

Protein og energitildeling

Mykje kraftfôr dei siste tre vekene før kalving er med på å førebu kua til ei høg yting etter kalving. Kraftfôrmengda bør derfor trappast forsiktig opp før kalving, slik at ein den siste veka gir 1–1,5 FEm kraftfôr per dag. Dersom ein gir protein til fleire kilo mjølk enn ein gir energi til, kan dette vere med på å presse mjølkemengda oppover slik at energiunderskotet aukar. I eit økologisk driftsopplegg kan det vere vanskeleg å følgje opp auka mjølkeproduksjon med auka energitildeling. Ein bør derfor avpasse proteintildelinga slik at ein gir protein og energi til same mjølkemengd. Ein kan også velje kurasar med lågt ytingspotensial for å kunne dekkje energibehovet til kyrne lettare. Vel ein små rasar, til dømes dei gamle norske rasane, vil også grovfôropptaket per ku og dag bli lågare.

Det er viktig at ein bruker lang tid ved overgangen frå eit ikkje-økologisk fôringsopplegg til eit økologisk opplegg, for å unngå sjukdom og problem med mjølkekvaliteten. Det ideelle er å begynne med kvigene. Ei ku som er tilvand ei intensiv fôring med store kraftfôrmengder, må få tid til gradvis å tilpasse seg svakare fôring. Dette er viktig fordi fôringsnivået i ein laktasjon ser ut til å påverke avdråttsnivået i neste laktasjon.

Eit argument mot å flate ut mjølkekurva er at ein ikkje utnyttar det potensialet kyrne har til å produsere mjølk. Har ein rikeleg med fôr av god kvalitet som kan dekkje både protein- og energibehovet til kyrne i topplaktasjonen, kan ein fôre for høg toppyting. Høgtytande kyr er derimot meir sårbare for ulike produksjonssjukdommar.

Tiltak for å redusere toppytinga

  • Kyr i moderat hold ved kalving
  • Moderat med kraftfôr før kalving
  • Protein og energi til same mjølkemengd
  • Velje kurasar med lågt ytingspotensial

Les mer

Rasmussen, A.E. 2023. Längre tid mellan kalvingarna är bra för vissa mjölkkor, och lantbrukare. SLU-Nyhet 26.9.2023

Rasmussen, A.E. 2023. Extended voluntary waiting period before first insemination in primiparous dairy cows. Effects on milk production, fertility, and health. Acta Universitatis Agriculturae Sueciae 2023, Doc. Thesis nr. 2023:66, SLU

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no