Fôring på økologisk vis

I økologisk landbruk ønskjer ein eit gardssystem som er mest mogleg i balanse i forhold til næringsstoff og energi som ein tek inn utanfrå, og som går ut av garden. Ein ønskjer derfor å redusere innkjøp av kraftfôr, og heller bruke fôr produsert på eigen gard, eller hos ein nabo. Ein ønskjer også å minimere bruken av matkorn og proteinvekstar som kunne vore brukte til menneskeføde. Ein bør derfor syte for god kvalitet på heimeavla fôr, og utnytte maksimalt den evna drøvtyggjaren har til å utnytte gras og andre vekstar som ikkje menneska kan nytte. Det er derimot viktig at ein ikkje lèt vere å gi kraftfôr eller anna energirikt fôr i periodane når dyra treng ekstra energi, som til vekst og utvikling, fosterproduksjon og mjølkeproduksjon.
For å få ei drift i næringsbalanse må ein prøve å oppnå balanse mellom dyretal og areal slik at garden er mest mogleg sjølvforsynt med fôr. Dette er ei utfordring for økologisk husdyrproduksjon sidan det meste av kornproduksjonen i Noreg blir driven aust og sør i landet. Samtidig er det lite mjølkeproduksjon i desse områda. Andre stader i landet er det lite eigna med kornproduksjon. Kraftfôrkrevjande produksjonar vil derfor vere vanskelege å ha i desse områda om ein skal produsere alt fôret sjølv. Samarbeid mellom nabobruk kan fungere nokre stader. Då kan ein skaffe fôr frå naboen, mens naboen får gjødsel til åkrane sine.