Grønfôr

Det er mange årsaker til at dyrking av grønfôr kan tilrådast.

I vekstskiftet vil ein kunne auke innslaget av den effektivt nitrogenfikserande veksten kløver i enga og dermed redusere behovet for gjødsling. Ugrasmengda vil òg bli redusert. Ein kultur med grønfôr gir ei stor og sikker avling, legg til rette for meir allsidig fôring og er eit godt tilskottsfôr og beite for ettersommaren og hausten. Etter overvintringsskadar kan grønfôr vere ein god krisekultur for å sikre seg avling. Det kan og nyttast som fangvekst ved korn- og grønsakdyrking.

Hovudformål med grønfôrdyrking

Omgrepet «grønfôr» er ofte uklårt. Kva vekst(ar) er det vi snakkar om? Det er stor skilnad på korngrønfôr og friskt beite av raigras og perserkløver! Vi kan i alle fall skilje mellom to hovudformål med grønfôrdyrkinga:
• dyrking til vinterfôr
• dyrking til beite eller direktefôring sommar og haust

Vekstskifte

Grønfôr følgjer ofte etter eng i omlaupet. Dette er positivt for jordstrukturen, og ein får frigjort nitrogen ved omsetjing av rotmassen i enga. Grønfôr byggjer ikkje opp rotmassen på same måte, og vil heller ikkje gi så stor etterverknad som eng, om ein då ikkje har brukt mykje husdyrgjødsel.

Av grønfôrvekstane har raigras og krossblomstra grønfôrvekstar høgare næringsbehov enn kornblandingar. Raigras har til dømes særleg stort behov for nitrogen, mens fôrraps ikkje toler sur jord og dårleg jordstruktur.

Såing

For vekstar med éi hausting, til dømes kornblandingar, har såtida mindre å seie enn for vekstar med fleire haustingar eller beitingar. Vårbrakking (harving) mot ugras er difor aktuelt før såing av kornblandingar eller fôrraps. Storfrøa grønfôrartar, til dømes erter, skal såast ved 3-5 cm djupne. Om det er stor skilnad på frøstorleiken i grønfôrblandinga, kan det svare seg å så i to omgangar.

Om grønfôret skal nyttast til ensilering, er det vanleg å ta utgangspunkt i ei såmengd på 20 kg per dekar. Ei grei grunnblanding er 7 kg havre eller bygg, 9 kg erter og 4 kg vikker. I tillegg kan ein supplere med andre aktuelle artar som lupin og åkerbønne. Om ugrastrykket er lågt, kan ein redusere såmengda til 15 kg per dekar.

Når grønfôret skal tørkast til høy, bruker ein litt mindre såfrø per dekar enn til ensilering. Ein ønskjer gjerne litt meir vikker i høve til erter og kornsortar med glatt snert. Ei blanding av 7 kg korn, 6 kg vikker og 5 kg erter kan eigne seg til høy.

Vinterfôr

Til vinterfôr blir blandingar av korn (bygg eller havre), erter og vikker mest dyrka. Der vekstsesongen strekkjer seg meir enn tre til fire veker etter hausting, kan ein setje til italiensk raigras i blandinga for å få gjenvekst til beite. Ein kan få ferdige blandingar til dette formålet (økoblanding), der bygg, erter, vikker og italiensk raigras går inn.

Høveleg såmengd til vinterfôr er 5-12 kg bygg, 4-10 kg erter, 2-5 kg vikker og 1-2 kg raigras per dekar. Ved sein såing under tørre forhold bør såmengda aukast, og ved tidleg såing og som dekkvekst kan såmengda minskast. Andre belgvekstar som åkerbønne, lodnevikke og gul lupin er også prøvd i blandingar med korn, men dette frøet er mykje dyrare. Westerwoldsk raigras, fôrmargkål og fôrraps er andre vekstar som kan ensilerast til vinterfôr. Dei krossblomstra vekstane er vassrike og gir stor pressaftavrenning. Innblanding av korn er difor ein fordel.

Belgvekstar som erter, vikker, åkerbønne, kløver og lupin har biologisk nitrogenfiksering. Gjødslingskravet til korngrønfôr med belgvekstar er derfor moderat, to til tre tonn blautgjødsel per dekar gir normalt full avling. Ved god fosfor- og kaliumtilstand i jorda kan ein redusere endå meir utan negative utslag på avlinga. Med svakare gjødsling vil mengda belgvekstar i fôret auke fordi dei klarer seg betre ved låge gjødslingsnivå enn dei andre vekstane i blandinga.

Fangvekstar

Fleirårig raigras og kvitkløver konkurrerer ikkje så sterkt med kornet og gir samstundes godt dekke seinhaustes. Har ein husdyr, vil ein få betre utnytting av fangveksten ved å la dei beite, elles kan ein hauste ein eller fleire gonger. Då er truleg italiensk raigras eit betre alternativ enn fleirårig raigras, det gir jo større avling om hausten.

Raigras og ulike kløverartar er også aktuelle som del- eller mellomkulturar i grønsakdyrkinga. Tilsetjing av raigras til blandingar av korn, erter og vikker fungerer også som fangvekst ved at raigraset tek opp næring utover hausten og bind jorda. Fôrreddik og fôrraps veks fort og dekkjer jorda raskt og kan derfor brukast som etterkultur. Ver merksam på faren for oppøksling av klumprot i alle krossblomstra vekstar.

Hausting

For vekstar der avlinga aukar mykje i tida etter skyting, vil sein hausting vere aktuelt. Dette gjeld til dømes for grønfôrblandingar med korn, der auka i avling inkluderer auka tørrstoff og fôreiningar.

Men seint hausta korn og ertegrønfôr pakkar seg dårleg og stiller store krav til arbeidet i siloen. Det er også stor fare for varmgang ved uttak. Mange har erfart at fôret vert mindre smakeleg ved sein hausting slik at resultatet er lågare fôropptak og produksjon. Dersom avlinga går i legde, er det i alle fall viktig å unngå at haustinga blir utsett.

Westerwoldsk raigras er strårikt og taper seg raskt ikvalitet etter skyting. Til ensilering bør det derfor ikkje haustast seinare enn ved full skyting. Krossblomstra grønfôrvekstar held derimot kvaliteten godt oppe med utsett haustetidspunkt.

Rett tidspunkt for hausting er såleis ei avveging mellom ulike omsyn.

Grønfôrbeite

Mellom anna av omsyn til vekstskifte og utnytting av husdyrgjødsla kan det vere ønskjeleg å dyrke grønfôrvekstar på ein del av det fulldyrka arealet. Desse vekstane kan haustast og ensilerast ein eller to gonger i sesongen. Dersom det er raigras i frøblandinga, kan gjenveksten beitast av storfe eller sau. Dyra bør då ha tilgang på anna fôr med meir struktur for å hindre problem med diaré. Det kan vere aktuelt å dyrke grønfôrvekstar berre til beiting.

Italiensk raigras, som er toårig og såleis ikkje set mange stenglar i såingsåret, kan såast om våren og stripebeitast tre-fire gonger utover sommaren og hausten. Det er ønskjeleg å ha ein viss del belgvekstar saman med raigraset, men i og med at
raigraset har stor konkurransekraft, kan dette vere vanskeleg å få til. Aktuelle belgvekstar er kvitkløver, persarkløver og aleksandrinekløver. Dei to siste vil ofte gi lita avling.

Fôrraps

Fôrraps høver godt til stripebeiting 60-80 døgn etter såing. Bestandet vil då ha 20-40 cm høge stenglar. Ein kan så fôrraps fram til midten eller slutten av juli. Såleis kan ein ta ein første slått på eng, pløye, og så fôrraps saman med italiensk raigras og kløver. Desse vekstane kan også såast direkte i grassvoren, eventuelt etter harving. Frøblandinga kan vere sett saman av til dømes 2,5 kg raigras, 1 kg fôrraps og 0,5 kg kløver. Fôrraps klarer seg svært dårleg på kald og vassjuk jord.

Husdyrgjødsel

Grønfôrvekstane har eit stor avlingspotensial og kan vanlegvis utnytte større mengder husdyrgjødsel og kompost enn det ein har tilgjengeleg. Dersom ein har eit stort behov for beitegras av høg kvalitet utover hausten, kan det løne seg å bruke opp til 3-4 tonn husdyrgjødsel før såing av desse beitevekstane.

Nitratforgiftning

Høgt innhald av nitrat i grønfôrvekstar kan føre til forgifting hos dyra. Faregrensa vert ofte oppgitt som 400 mg NO3 - per 100 g tørrstoff. Det er særleg i konvensjonell dyrking og ved hausting etter 60-70 døgn at ein kan kome over denne grensa. Faregrensa tilsvarar sterkare gjødsling enn 12-14 kg nitrogen i form av kunstgjødsel eller 6-7 tonn husdyrgjødsel.

Les mer

Jørgensen, S. & O. Kval-Engstad 2020. Korn slått som grønnfôr eller helgrøde. www.innlandet.nlr.no

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no