Kløver og andre belgvekster har samliv med Rhizobium-bakterier. Disse bakteriene lever i knoller på belgvekstrøttene og har evne til å samle nitrogen fra lufta. Foto: Sissel HansenKløver og andre belgvekster har samliv med Rhizobium-bakterier. Disse bakteriene lever i knoller på belgvekstrøttene og har evne til å samle nitrogen fra lufta. Foto: Sissel Hansen

Kløver i fôringa - spesielle utfordringar

Kløver har mange positive eigenskapar, mellom anna lågt fiberinnhald som kan gje høgare fôropptak og produksjon enn gras. Men det er også utfordringar knytt til kløver ved konservering og ved fôring.

Konservering

Høy
Blada til kløver har lågt fiberinnhald og smuldrar lett, og lettare enn gras, ved tørking. Ei kløverrik avling bør derfor handterast  skånsamt for at bladtapet skal bli minst mogleg. I praksis vil det seie at vêret bør vere  bra ved høytørking slik at ein ikkje treng å snu og vende avlinga ofte under tørkinga. Dersom høy utgjer ein stor del av vinterfôret, bør ein vurdere å investere i høytørke for å redusere tørketida ute.  

Surfôr
Raudkløver har vore rekna som vanskeleg å ensilere. Det kjem av at raudkløver har høgt vassinnhald ved slått (relativt ungt stadium), har lågt innhald av vassløyseleg sukker og høg bufferkapasitet. Desse eigenskapane gjer at mjølkesyregjæringa går seint, og det tek tid før pH i siloen blir låg nok til at den er lagringsstabil. I dag er det lettare å gjennomføre ensileringa, i og med at det er større kapasitet både på  hausting, oppsamling, legging og pakking av surfôret om det er i silo eller som rundballar. Likevel vil vi tilrå at ei avling med mye raudkløver blir tilsett ensileringsmiddel, og maursyrepreparat er mest effektivt.   

Trommesjuke

Trommesjuke er kanskje det største problemet knytt til kløver i fôringa av drøvtyggjarar. Problemet er størst på kløverrike beite på seinsommar og haust. Kløverrike beite om våren og grasbeite med høgt proteininnhald kan også gje trommesjuke. Trommesjuke kjem av at gasstrykket i vomma aukar. Gassen kan ikkje rapast ut som normalt på grunn av at den blir fanga i eit skum. Det er særleg når dyra går over frå dårleg beite med mykje grovt plantemateriale til kløverbeite med mykje blad problemet oppstår. Kontinuerleg beiting på kløverrikt materiale ser ikkje ut til å gje problem. Overgang frå dårleg til kløverrikt beite bør gjerast veldig forsiktig med korte periodar på det frodige beitet og med god tilgang på grovt plantemateriale.

Håsmak

Eit anna problem med beiting av frodig kløverbeite, spesielt på seinsommar og haust, er smaksfeil på mjølka. Det kan skuldast fleire ting, men mest sannsynleg er det innslag av nitrogensambindingane indol og skatol i mjølka. Indol og skatol blir danna i vomma under nedbrytning av aminosyra tryptofan og har sterk fekal lukt.  Høgt opptak av raskt nedbrytbart protein, som i kløverrike beite, ser ut til å gje meir produksjon av indol og skatol i vomma. Indol og skatol kan overførast frå tarmen både til mjølk og kjøtt.

Ein annan årsak til uønska smak kan være oksideringsprodukt frå oksidering av linolensyre. Beiting gir høgt innhald av linolensyre, og kløver ser ut til å auke innhaldet av linolensyre både i mjølk og kjøtt. Linolensyre er ei fleirumetta feittsyre og er rekna som gunstig, men den er også lett utsett for oksidering (harskning).     

Planteøstrogen

Fôrplanter inneheld stoff som kjemisk liknar på østrogen. Desse stoffa blir kalla planteøstrogen eller fytoøstrogen og kan ha østrogeneffektar i dyrekroppen. Det betyr at dei kan forstyrre fruktbarheita ved at dyra får uregelbunden eller fråverande brunst og eggløysing.  Raudkløver har høgt innhald samanlikna med andre fôrplanter, og det er raudkløver som vert rekna som problematisk. Det kan tyde på at problemet er størst ved beiting på seinsommar og haust og der det er lite fosfor i jorda. Under tørking og ensilering går innhaldet av planteøstrogen i fôret ned. Det skal også  leggast til at det er funne positiv effekt av raudkløversurfôr jamførd med raigrassurfôr på fruktbarheita hos kviger, og planteøstrogen ser ikkje ut til å vera eit stort problem under norske forhold.  

Blåsyre

Kvitkløver kan innehalde blåsyre (HCN). Blåsyra blir omsatt i dyret til eit stoff (uorganisk tiocyanat) som kan hemme funksjonen til skjolbrukskjertelen. Innhaldet av blåsyrer varierar med sort og dyrkingsforhold. Sortar med store blad (avlingssterke) har høgare innhald enn dei med små blad, og innhaldet aukar når det er kjølig og tørt. I nokre land blir det blir lagt vekt på innhaldet av blåsyre under sortsutvikling. Ein ønskjer eit moderat til lågt innhald, for blåsyre vernar også planta mot skadegjerarar.

Protein

Ung kløver kan ha svært høgt proteininnhald. Det blir derfor sett på som eit problem for fôringa når kløverinnhaldet i enga blir høgt. Vi er ikkje så redde for det. Det er gjennomførd mange forsøk der det har blitt fôra med reint kløversurfôr og surfôr med høgt kløverinnhald utan at det har skapt problem. I praksis vil det vere relativt liten del av arealet som har svært høgt kløverinnslag. Ved hausting og konservering i rundballar er det derfor mogleg å "tynne"  ut kløverfôret med rundballar frå skifte med lågare kløverinnhald. Ved ensilering i silo,  kan ein blande skifte med høgt og lågt innslag av kløver ved slått og ilegging.

Fiber

Kløver har lågare fiberinnhald (mindre NDF) enn gras. For lite fiber kan gje problem med vomfunksjonen. På ungt beite er det derfor fordel å bruke litt høy eller anna grovt plantemateriale som tilskott. Tidleg hausta, kløverrikt surfôr kan også gje i minste laget med fiber, spesielt i kraftfôrrike rasjonar til høgtytande kyr.


Kjelder

Frame, J., Charlton, J.F.L., Laidlaw, A.S. 1998. Temperate forage legumes. CAB International. 327 s.

Seestaed,S., Norgaard, P., Ranvig, H. 2000. Factors affecting the phytoestrogen content of clover and alfalfa and its influence on the female fertility in ruminants. Dansk Veterinærtidsskrift, 83, 6-12.

Schreurs, N.M., Marotti, D.M., Tavendale, M.H., Lane, G.A., Barry, T.N., López-Villalobos, N. & McNabb,W.C. 2007. Concentration of indoles and other rumen metabolites in sheep after a meal of fresh white clover, perennial ryegrass or Lotus corniculatus and the appearance of indoles in the blood. Journal of the Science of Food and Agriculture, 87, 1042-1051.

Steinshamn, H., Purup, E., Thuen, E., Hansen-Møller, J. 2008. Effects of clover-grass silages and concentrate supplementation on the content of phytoestrogens in dairy cow milk. Journal of Dairy Science, 90, 2715-2725.

Steinshamn, H., Thuen, E. 2008. White or red clover - grass silage in organic dairy milk production. Grassland productivity and milk production responses with different levels of concentrate. Livestock Science, Vol 119, 1-3, s. 202-215

Les mer

Steinshamn, H. m.fl. 2020. Slåttetider, kløverinnhold og bruk av ensileringsmidler. Buskap nr. 3, 2020

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no