Foto: Anita LandFoto: Anita Land

Konsekvensar av haustetidspunkt for avling og kvalitet

Val av haustetidspunkt har betyding for både avlingsmengde og fôrkvalitet. Tørrstoff-, energi-, protein- og sukkerinnhaldet i fôret er direkte påverka av haustetidspunktet. Fordøyeligheten til fôret blir også påverka av slåttetidspunktet.

Avlingsmengde

Tørrstoffavlinga aukar mykje i tida frå byrjande skyting og heilt ut mot blomstring for graset. I god eng kan tilveksten vere 10-15 kg/TS per dekar og dag. Tilveksten er vanlegvis mykje høgare midtsommars enn seinare på sommaren og tørrstoffavlinga vil auke mykje med utsett førsteslått.

Samla foreiningsavling er som regel høgast ved ein relativt sein fyrsteslått (1 – 2 veker etter full skyting) på grunn av den store tilveksten ved midtsommar. Sein fyrsteslått kjem klart best ut i område med kort veksttid som fjellbygdene i Sør-Noreg og i Nord-Noreg. Når det gjeld avlingsmengde, har tidspunkt for fyrsteslåtten mindre og seie i områder med lengre veksttid der gjenveksten utgjer ein større del av totalavlinga.

År med gode vekstvilkår gir stor avling i fyrsteslåtten. Då kan ein hauste tidlegare enn normalt og likevel dekke det totale fôrbehovet. Det gir betre fôrkvalitet og gode utsikter til å få bra gjenvekst. I dårlege avlingsår kan ein vurdere og utsetja haustetidspunktet for fyrsteslåtten for å auke avlinga.

Ein må rekne med noko mindre engavling når ein legg om til økologisk drift. Reduksjonen i mengde tilført gjødsel er likevel langt større enn avlingsreduksjonen, så ei økologisk eng er såleis meir ressurseffektiv enn konvensjonelt dyrka eng. Jordarten har mykje og seie for avlingsnivået, til dømes kan avlinga på kald og næringsfattig myrjord nesten bli halvert etter omlegging. På vanleg god mineraljord er ofte 10-20 % lågare avling vanleg. I eit økologisk driftsopplegg kan ein forvente større variasjon mellom år då avlingsnivået i større grad vil vere avhengig av tilslaget på kløver, temperatur og nedbør i vekstsesongen.

Fôrkvalitet

Fôrkvaliteten er høgast på eit tidleg utviklingsstadium og fell jamt med utsett haustetidspunkt, både når det gjeld energi- og proteininnhald

Fram mot hausting går fôrkvaliteten ned – fôreiningskonsentrasjonen går ned, NDF-innhaldet går opp, proteininnhaldet går ned, sukkerinnhaldet vert lågare og mineralinnhaldet går ned.  Kor fort kvaliteten går ned avheng i stor grad av været framføre hausting. 

Dersom det er varmt og tørt ver i perioden før slått, vil dette stresse plantene slik at dei lagar færre blad og får større del med stenglar. Dermed kan fôrverdien vere litt lågare enn kva utviklingstrinnet skulle tilseie, og slåtten bør tas litt tidleg for å få ønska kvalitet.

Temperaturen er viktigast, og ved aukande daglengde vil nedgangen gå raskare.  Ved døgnmiddeltemperatur kring 16 0C vil energiinnhaldet gå ned omlag 4 – 5 gonger så fort som ved 9 0C. Fôrkvaliteten fell altså raskast ved høg temperatur, mens kvalitetstapet er moderat under kalde forhold.  Normal nedgang er frå 0,005 til 0,010 FEm per dag. Det er difor viktig å ta med temperaturen når ein vurderar om ein kan utsetja haustinga nokre dagar.

Tørrstoffinnhald (TS)

Tørrstoffinnhaldet er avhengig av utviklingsstadium, botanisk samansetning og været ved hausting. Høgt tørrstoffinnhald er ønskeleg sidan det forkorter tørketida og gir mindre pressaftavrenning ved ensilering.  Tørrstoff kring 20 % er typisk for surfôr som er direktehausta. Når graset blir fortørka, utan regnver, vil tørrstoffet vera kring 25 % og høgare. Opptak av surfôr aukar med aukande innhald av tørrstoff opp til 30 %.

Energiinnhald

Høgt energiinnhald er viktig for å kunne ha ein stor del grovfôr i fôringa. Ved høg energikonsentrasjon (energi per kg TS) er fôropptaket i tarmen større enn om energikonsentrasjonen er lav. Energiinnhaldet avtar med engas utviklingsstadium. Det er derfor viktig med tidlig hausta gras for å få høg energikonsentrasjonen og høgt grovfôropptak.

Dersom ein ønskjer kvalitetsfôr med høg fôreiningskonsentrasjon, må enga haustast tidleg sjølv om dette eventuelt kan svekke timoteien.

Proteininnhald

Proteininnhaldet blir påverka av artssamansetning, utviklingsstadium og nitrogentilgang. Belgvekstane inneheld meir protein enn grasartene, og proteininnhaldet går ned med aukande utviklingsstadium. Tørre forhold før slått kan føre til lavt proteininnhald i plantene på grunn av at mineraliseringa av nitrogen er hemma.

Sukkerinnhald

Eit høgt sukkerinnhald er viktig for kor smakeleg fôret blir, og for å lykkes med ensileringsprosessen. Det avhenger av artssamansetning, ver og gjødsling. Sukkerarten fruktan er lagringskarbohydratet hos grasarter. Denne sukkerarten finnes ikkje i kløver, så gras er rikare på sukker enn belgvekstar. I belgvekstar lagras karbohydrat i form av stivelse. Det er høgast sukkerinnhald når det er sol og varme, og det varierer også gjennom døgnet. Det er lågast om morgonen og høgast seinare på dagen. Nitrogengjødsling reduserer sukkerinnhaldet.

Fordøyelighet  

Ved utsatt haustetid går fordøyeligheten raskt ned fordi innhaldet av trevlar aukar, samtidig som protein-, mineral- og karoteninnhaldet avtar. Trevleinnhaldet i graset er eit mål på fordøyeligheten, og vert påverka av utviklingsstadium, artar og gjødsling.

Smakeleghet

Fôret må smake godt dersom det skal utnyttes maksimalt av dyra, og ein bør unngå artar og ugras med dårlig smak. Ugrasarter som kan gi smak på mjølk, er engsoleie, geiterams, pengeurt, balderbrå og ryllik.

Les mer

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no