Nettside for
økologisk landbruk
Verken mekanisk sammensetning, tørrstoffinnhold eller volumvekt, slik den bestemmes i laboratoriet, endrer seg nevneverdig over tid. Det bør være et mål å komme fram til en karakteristikk av jordarten eller, i de fleste tilfeller, jordartene på garden. Foto: Reidun PommerecheVerken mekanisk sammensetning, tørrstoffinnhold eller volumvekt, slik den bestemmes i laboratoriet, endrer seg nevneverdig over tid. Det bør være et mål å komme fram til en karakteristikk av jordarten eller, i de fleste tilfeller, jordartene på garden. Foto: Reidun Pommereche

Korleis jord har blitt danna

Vi deler ofte jorda inn etter måten ho er blitt til på. Ei slik inndeling kan fortelje oss mykje om eigenskapane til jorda. 

Det meste av jorda i Norge blei til under og etter den forrige istida. Lausmassane, som er danna ved at fjell er knust og skurt ned av is og sortert av vatn, er grunnlaget for danning av fruktbar matjord. Det er store skilnader på kor mykje lausmassar som ligg igjen oppå fjellgrunnen. Nokre stader ved kysten er nesten alle lausmassane ført ut i havet, mens det andre stader ligg store vidder av metertjukke lag med mineraljord. Føresetnadene for planteproduksjon er svært ulike på grunn av dette.

Morenejord

Denne jordtypen er variabel. I løpet av dei siste 2 - 3 millionar år var Norge dekt av innlandsis fleire gonger. Under siste istid hadde innlandsisen størst utbreiing for 18 000 år sidan, og isen låg opp til 3 000 m tjukk over Skandinavia. Isen var som ein tung, seig masse som skyvde med seg lausmateriale, braut laus stykkje frå berget og slipte, skrapa og knuste steinblokker ned mot grunnen. Isbreane førte med seg lausmassar frå fjellsidene som blei liggjande igjen da isen smelta. Det er dette vi kallar morenejord. Den inneheld materiale med ulike kornstorleikar, frå leire til store blokker. Du finn ikkje tydeleg lagdeling i slik jord; alt er rota om kvarandre. Det er ofte mykje stein i morenejord.

Opphavsmateriale og transportlengde

Bergartane morenematerialet er danna frå og kor langt det er blitt transportert med isen, bestemmer eigenskapane som dyrkingsjord.

Harde bergartar, slik som granitt og gneis, resulterer i grovkorna morene med mykje steinar og blokker. Leirskifer og gabbro, som er mjuke bergartar, kan derimot gi finkorna og næringsrik morenejord. Slik jord er gjerne passe fuktig og forholda ligg godt til rette for å opparbeide god jordstruktur.

Sedimentær jord

Frå istida har vi fått mange typar sedimentær jord. Smeltevatnet frå breisen førte med seg store mengder grus, sand og leire. Det grovaste materialet la seg på botnen der vatnet strøymde sterkt, og finst i dag att som grusryggar, terrassar og dalfyllingar med lagdelt grus og sand. 

Det finaste slammet vart ført til havs, og er opphavet til leirjorda vår. Store delar av Austlandet og Trøndelag var dekt av hav i istida. Det meste av leirjorda finst derfor her.

Elvesletter

Jorda i mange u-forma dalar er bygd opp av elvar som går i store svingar på ei flat elveslette (meandrerande elvar). I yttersvingen er straumen kraftigast, og her grev elva. I innersvingen har vatnet liten fart og legg att og grus og sand. Lausmaterialet blir dermed liggjande lagvis og godt sortert.

Elvesand

Elvesanden er ofte rik på kvarts og dermed fattig på næringsstoff. Eit unntak er sandjord med mykje glimmer. Er det mykje glimmer i jorda, er oftast forsyninga av kalium og magnesium god. Ho held også betre på andre næringsstoff.

Gode eksempel på det er elveslettene i nabodalane Surnadal og Sunndal på Nordmøre. I Surnadal er det omtrent ikkje glimmer i jorda, og lite kalium og magnesium. I Sunndal, der det er mykje glimmerrik gneis i fjellet, er det rikeleg med kalium og magnesium i jorda.

Sand, silt, leire

Sand, silt og leire er alle sedimentære jordartar.

Forvitringsjord

Jord som er blitt danna av at berggrunnen under forvitrar, kallar vi forvitringsjord.

Denne jorda er ikkje blitt flytta på, slik andre avsetningar av lausmassar har. Vi kjenner forvitringsjord på at steinstykke og gruskorn er skarpkanta, og at det ikkje finst noko klar grense mellom jorda og berggrunnen.

Slik jord blir danna på blaute bergartar som kalkhaldig leirskifer. Her kan forvitringsprosessar, særleg frostforvitring, gjere at overflata av berget smuldrar opp til eit tynt dekke over fjellet. Jorda er grunn og tørkesvak, men ofte næringsrik, og kan derfor vere dekt av frodig vegetasjon.

Skredjord

Slik jord er som regel næringsrik, men kan vere så full av blokk at ho er nærmast for ei ur å rekne. Ho finst særleg i brattlendte fjordtrakter på Vestlandet og i Nord-Noreg.

Myrjord

Myrjord består av organisk materiale som er omdanna under anaerobe forhold, på grunn av vassmetta jord. Slik jord kan ha svært forskjellige eigenskapar, etter kva slag planter ho er skapt av og kor mykje omdanna ho er. Men all myrjord har dårleg varmeleiingsevne, held godt på vatnet og er svært sårbar for pakking ved køyring med traktor.

Oksygeninnhaldet i jorda er for lågt til at organismane som elles omdannar det organiske materialet kan leve der. Dermed hopar organisk materiale seg opp.

I Norge har vi mykje myr som i hovudsak er danna av næringsfattig torvmose (kvitmose). Mosen inneheld svært lite næring.

Tett jord

I mykje av myrjorda på Vestlandet er det organiske materialet sterkt omdanna. Slik jord blir feittaktig, som grønsåpe, og ho har dårlege dyrkingseigenskapar. Ei slik jord kan bli svært tett. Det kan vere vanskeleg både å få luft inn i jorda og drenere ut vatnet. Derfor er det særleg utfordrande å drive ei slik jord økologisk. Spesielt gjeld dette i område med mykje nedbør.

Grasmyr

Ei myr som i hovudsak er danna av gras (grasmyr) er mykje meir næringsrik. Etter drenering skjer det i stor grad ei formolding av det organiske materialet.

Dersom det er både myrjord og mineraljord, kan du ha ulike vekstskifte for desse to jordtypane. Her må du ta omsyn til at myrjorda er meir utsett for pakkeskade enn mineraljord, og at ho har dårlegare evne til å opparbeide god jordstruktur igjen.

Lett utstyr og faste køyrespor

Vær derfor ekstra forsiktig med tungt utstyr på myrjord. Opparbeid gjerne faste køyrespor.

Skjelsand

Langs kysten finst det nokre stader så store mengder skjel frå muslingar og sneglar at dei utgjer monalege jordmengder.

Saman med skjelrestane finst gjerne ein del organisk materiale, sand og grus. Slik jord har god drenering, men kan fort bli tørkesvak. På grunn av høg pH kan det bli mangel på mikronæringsstoff.

 

 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no