Siloen på Søre Skogen inneheld kjøkken, soverom og «tenketårn». Foto: Anita LandSiloen på Søre Skogen inneheld kjøkken, soverom og «tenketårn». Foto: Anita Land

Mangesyslarane i Vindafjord

På garden Søre Skogen i Rogaland driv Drude Isene og Martin Aeschlimann og dei to døtrene mangesysleri i bokstaveleg forstand.

Grønsakhagen er til eige bruk og servering når dei på Søre Skogen held kurs eller tek imot folk elles. Foto: Anita Land
Grønsakhagen er til eige bruk og servering når dei på Søre Skogen held kurs eller tek imot folk elles. Foto: Anita Land

-For oss var det ikkje anna alternativ enn å drive økologisk, seier Drude og Martin, som budde og arbeidde på Sogn Jord- og Hagebruksskule før dei kjøpte Søre Skogen.

Dei kjøpte garden i Skjold i Vindafjord kommune i 2001. Etter det har dei forvandla den nedslitne plassen til eit lite paradis.

Utsikt frå paradiset finn du frå rommet på toppen av den ombygde siloen. Under utsiktsrommet ligg det eit soverom, under der igjen eit kjøkken. Alt heng saman med ei vindeltrapp inne i siloen.

– Dette er eit rom for å lufte tankane og for dei gode samtalene, seier Drude, som fortel at rommet er mykje bruka når dei held kurs eller har annan aktivitet på garden.

Det er mykje aktivitet på Søre Skogen. I tillegg til kurs, har dei butikk, utleige, drivhus, grønsakhage, spælsau, ullgris, høns, hestar, kyr, hundar, kattar og ein minigris. Ullgrisene kallar dei Kiwigriser fordi dei lever av kassert mat frå den lokale Kiwibuttikken.

-Vi produserer grønsaker som vi brukar på garden, fortel Drude.

 I og med at dei har faste besøk av eit opplegg for «Inn på Tunet» tre gonger i veka, pluss kurs og diverse opne dagar, er det mykje kortreist og økologisk mat som vert servert i det gamle fjøset. Det er nemleg ombygd til kurslokale.

Martin Aeschlimann held kurs i hestehald og køyring og arbeid med hest. . Foto: Anita Land
Martin Aeschlimann held kurs i hestehald og køyring og arbeid med hest. . Foto: Anita Land

Økologisk landbruk og jord

Garden Søre Skogen er på 270 mål, av dette er 24 mål dyrka mark. Eit mål av dette er avsett til grønsaker. Hestane vert nytta i drifta. Martin Aeschlimann har utdanning og mange års erfaring frå hald av og arbeid med hest. Han underviser også i faga hest og landbruk og matematikk på Tveit vidaregåande skule, ein halv times køyretur frå garden.

I tillegg til å gjera alt gardsarbeidet med hest, tek Martin på seg temming av problemhestar. Han held også kurs om hest, hestehald, arbeidshest, kommunikasjon med hest, handtering, innkøyring og å ri inn hestar.

-Eg har også delteke i konkurransar i køyring med hest, fortel Martin som vaks opp i Sveits og er udanna sivilagronom derfrå.

Martin Aeschlimann har undervist ved Sogn Jord- og Hagebruksskule og har arbeid i forsøksring med økologisk landbruk.

Fôret dei haustar går med til hestane, til dei 22 spælsauene, pluss to kyr med kalvar. Kyrne er av rasen Vestlandsk fjordfe og kalvane går saman med kyra i lang tid. Mjølka frå kyrne går til eige bruk. Dei nyttar lite kraftfôr, det brukast berre som lokkemat når dyra skal skifte beite.

Kvart år vert sauene sendt på fjellbeite i Etnefjella, opptil 1400 meter over havet. Etter å ha vore om lag tre månader i fjellet går dei heime på bøen til dei er slaktemodne.

Drude og Martin sel ferskt lammekjøtt, pinnekjøtt og pølser med lammekjøtt. I tillegg sender dei  bort ein del skinn til garving, og dette blir fine salsvarer.

To gonger før jul arrangerer Søre Skogen julekafé, og det er mange som sikrar seg pinnekjøtt og anna på dei dagane.

Jorddekke med ull er noko dei prøver ut. Her er det squashen som har fått ullteppe. Foto: Anita Land
Jorddekke med ull er noko dei prøver ut. Her er det squashen som har fått ullteppe. Foto: Anita Land

Jord og preparat

Martin er svært oppteken av jord og jordliv. No tykkjer han det er gledeleg at fleire har vorte engasjert i dette temaet. Spesielt peiker han på trenden med regenerativt landbruk og interessa for kompost og jordliv.

- Regenerative landbruksmetodar tek økologisk landbruk eit skritt vidare, meiner Martin

-Alt vi treng fins i jorda, berre vi stimulerer dei riktige mekanismane. Det er ein svært fascinerande tanke, seier han.

- Vi brukar preparata som ein nyttar i biodynamisk landbruk og tykkjer at det verkar, seier han. Martin meiner det burde vere ei oppgåve for forskarane å finne ut kvifor preparata verkar.

- Vi sprøyter preparat for å stimulere jordlivet - ikkje imot noko, legg han til.

I grønsakshagene på Søre Skogen er enkelte område sett av til grøngjødsling. Her er det honningurt og bondebønner. Samplanting og jorddekke. Sidan farga ull er så dårleg betalt, har dei valt å bruke noko av ulla frå i vinter til jorddekke i grønsaksåkeren.

Sidan vi starta med «Inn på Tunet» i 2013 har eg ikkje jobb utanom bruket, fortel Drude, som trivst svært godt med å har arbeidsplassen sin på tunet heime. Foto: Anita Land
Sidan vi starta med «Inn på Tunet» i 2013 har eg ikkje jobb utanom bruket, fortel Drude, som trivst svært godt med å har arbeidsplassen sin på tunet heime. Foto: Anita Land

Inn på tunet og pil

Drude Isene fortel at dei tek heile garden i bruk når dei har besøk frå «Inn på Tunet». Å få arbeide med noko som gir meining er viktig når ein slit, meiner ho. Og siktar til gruppa som kjem på garden tre gonger i veka.

Sidan vi starta med «Inn på Tunet» i 2013 har eg ikkje jobba utanom bruket, fortel Drude, som trivst svært godt med å har arbeidsplassen sin på tunet heime.

Pilfletting

 

I tillegg til «Inn på tunet» held Drude kurs i fletting med pil. Dei har også planta eit område med pil på garden.

-Pil starta som ein hobby i 2001 og har etter kvart utvikla seg som eit deltidyrke, fortel Drude.

I 2004 fekk ho stipend frå Innovasjon Norge for å sette igang kurs, som er blitt svært populære, ho undervis for det meste på Vestlandet, men kunnskapen ho har om fletting har og tatt ho så langt som til India. Frå 2013 til 2015 var Drude Isene med i prosjektet «Viva Basket», som tok for seg flettetradisjonar i Norge og Polen. Det resulterte i både film og bok. Prosjektet var EØS-finansiert, og Norsk Kulturråd stod for tildelinga.

Fletting er globalt og på garden finn ein mange eksempel på det.

- Å flette med naturmateriale er eit handverk som har levd med oss menneske i tusenvis av år. Samtidig kan det òg vere eit nyskapande handverk, med ulike uttrykk verda over. Fletting er som eit felles språk, det knyt oss saman, seier Drude.

Skilta viser ein del av mangesysleriet på Søre Skogen. Foto: Anita Land
Skilta viser ein del av mangesysleriet på Søre Skogen. Foto: Anita Land

Lokalt og globalt

Drude Isene er frå Stavanger og Martin Aeschlimann frå Sveits, og dei to døtrene har fått røter med mangesysleriet på Søre Skogen. Samtidig deler heile familien eit stort engasjement for verda utanfor paradiset i Skjold i Vindafjord. Dei to døtrene, Oda og Dina, studerer i Oslo, men i vinter reiser mor og dotter som frivillige hjelpearbeidarar til eit utviklingsprosjekt i Tanzania. Dei har de siste åra tatt del i dugnadsarbeid gjennom «Mgetas Venner», ein organisasjon som samarbeidar om utvikling av ulike næringer med fjellfolket i Ulugurufjellene.

At det går an å leve det gode livet på landet, halde jorda i hevd og engasjere seg globalt er familien på Søre Skogen eit døme på. Med moderne mangesyslerier er det mykje ein kan gjera på eit småbruk i dag.

-Det er trist å sjå at så mange småbruk ikkje bli halde i hevd, tykkjer Drude og Martin som håpar at det dei har bygd opp kan inspirere fleire. Eit småbruk kan ha ei rolle å spele, også i vår tid.

 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no