Foto: Anita LandFoto: Anita Land

Beitesystem og -metodar

Kontinuerlig beiting er ekstensiv, skiftebeiting meir intensiv.

I Noreg er skiftebeiting mest vanleg i mjølkeproduksjonen, medan kontinuerleg beiting, i ulike utformingar, er mykje brukt i ein del i andre land. Kontinuerleg beiting har sine fordelar i lågare gjerdekostnader og at det kan vere lettare å oppnå eit tett grasbestand. Fleire granskingar i utlandet tyder på at nettoproduksjonen er om lag lik ved skiftebeiting og kontinuerleg beiting, dersom ein greier å halde plantehøgda innanfor optimalområdet.

Kontinuerleg beiting

Ved kontinuerlig beiting går dyra på det same skiftet heile sesongen, og beitevekstane får såleis ikkje noka kviletid. Arealbehovet er normalt noko større enn for skiftebeiting. Ved regulert kontinuerleg beiting, som er noko brukt til mjølkekyr i Danmark, deler ein arealet i 2-3 skifte. Eitt skifte vert hausta til siloslått på forsommaren, og etter kvart som tilveksten minkar, utvidar ein arealet gradvis etter behov. Til slutt vert heile arealet beita. Kontinuerleg beiting høver godt på overflatedyrka beite, men er også aktuell på fulldyrka beite dersom det er god tilgang på areal. Det kan vere vanskeleg å halde plantehøgda på eit tilfredsstillande nivå, og metoden set såleis store krav til oppfølging frå gardbrukaren. Utan slik styring er det fare for dårleg beitekvalitet og redusert avdrått utover i sesongen.

Skiftebeiting

Ved skiftebeiting vert beiteareala delte i skifte som kan vere om lag like store. Dyra går 2-4 dagar på kvart skifte. På forsommaren kan det høve med 6-8 skifte, medan talet bør aukast til 8-15 seinare i sesongen. Tida mellom kvar avbeiting, kviletida, bør vere 3-5 veker. Skiftebeiting gir god utnytting av areala, og høver både på fulldyrka og overflatedyrka beite og på areal med kombinasjon av slått og beiting. Skifte der graset tek til å utvikle stenglar, bør pussast av straks etter beiting, eller setjast av til seinare slått. Ved stripebeiting kan ein dele skifta opp i dagsrasjonar. Utnyttinga av beitet kan bli svært god, men metoden er enno meir arbeidskrevjande enn anna skiftebeiting. Stripebeiting vert tilrådd på grønfôrbeite fordi nedtrakkinga normalt vert mindre ved tilgang på eit lite areal kvar dag.

Styring av beiting med mjølkekyr

Før beitesesongen tek til, må ein setje opp ein plan for utnytting av dei ulike skifta. Om våren bør ein starte med dei beita som ein veit har størst vekstpotensial og best bereevne. Når grasveksten er stor, vil det dessutan være fornuftig å beite dei første skifta under eitt, slik at plantehøgda blir halden nede på ønskt nivå. Dersom ein ønskjer å utnytte heile vekstsesongen, er tidleg beiteslepp svært viktig dersom ein skal greie å halde plantehøgda nede. Der ein av erfaring veit at veksten kan være svært stor om våren, og dersom mesteparten av beita er på innmark, kan det vere aktuelt å hauste noko av arealet maskinelt i samband med den første slåtten. Dette gjer styringa enklare, samstundes som ein kan sikra seg næringsrikt og lett tilgjengeleg tilskottsfôr til seinare i beitesesongen ved å ensilere gras i rundballar. Tal for beiteproduksjon og fôropptak som er viste i døma, gjeld konvensjonelt landbruk, men prinsippa for planlegging og styring av beiting er stort sett like for alle driftsopplegg.

For å oppnå ein effektiv mjølkeproduksjon på beite er det nødvendig å dele opp beitesesongen i periodar i samsvar med den typiske variasjonen i tilvekst og kvalitet på graset. Alt etter lengda på beitesesongen tilrår ein å dele inn i 3-4 periodar:

Kort vekstsesong (< 120 dagar), 3 periodar:Lang vekstsesong (> 120 dagar), 4 periodar:
Vår (juni/juli)Vår (mai-medio juni)
Sommar (juli/august)Forsommar (medio juni-medio juli)
Haust (september)Seinsommar (medio juli-august)
Haust (september-oktober)

 For kvar periode må ein setje opp ein fôrplan (sjå døme på ein slik i tabell 1), som både skal omfatte forventa beiteopptak, kraftfôrtildeling og tildeling av anna tilskottsfôr som til dømes surfôr eller høy.

Tabell 1. Døme på sommarfôrplanar ved ulike drifts- og beitevilkår*
Beiteperiode > 120 dagar
VårForsommer Seinsommer Haust 
Tidleg vårkalving 
God beitekvalitet, god beitetilgang12 + 010 + 29 + 27 + 3
Seint beiteslepp, middels kvalitet 0 + 9 9 + 38 + 36 + 4
Middels kvalitet og tilgang 9 + 3 9 + 48 + 26 + 2
Liten beitetilgang, middels kvalitet 5 + 2 5 + 25 + 25 + 2
Haustkalving
Seint beiteslepp, dårleg kvalitet 0 + 5 4 + 24 + 34 + 4
*Tal for fôropptak gjeld konvensjonelt landbruk, men prinsippa for planlegging og styring av beiting er stort sett like for alle driftsopplegg.

Dersom plantehøgda blir større eller mindre enn det som er tilrådd, vil beiteopptaket bli høvesvis høgare eller lågare enn det tabell 1 syner. Ein må vidare understreke at fôrplanane må tilpassast driftsvilkåra som gjeld på garden, som til dømes storleiken på kua og mjølkemengda, saman med erfaringar ein har frå tidlegare. Etter kvart som ein brukar dette styringssystemet med systematisk kontroll av utrekna beiteopptak, vil ein også gradvis få sikrare tal å setje inn i fôrplanane.

Eit viktig ledd i planlegginga er å rekne ut arealbehovet. For å kunne gjere dette må ein ha planar for kor mange dyr som skal vere på beite, gjennomsnittleg beiteopptak for dyra og mengd beitegras som kan nyttast i dei ulike periodane av beitesesongen. Ulike faktorar vil påverke mengda av beitegras som blir utnytta av dyra, til dømes gjødsling, vasstilgang, beitekvalitet, plantehøgd og beitepress. Dessutan er det geografiske skilnader; både erfaringar og forsøk syner at veksten ofte er meir intens om våren på stader der beitesesongen er kort og lysdagen lang.

 Tabell 2. Døme på mengd beitegras som kan nyttast, per dekar under ulike veksevilkår og varierande utnyttingsgrad (plantehøgd og beitepress)
Meng utnytta beitegras* (FEm/dekar/dag)
Vår Forsommar Seinsommar Haust 
Nordland 
Kyst, høg utnyttingsgrad121053
Kyst, låg utnyttingsgrad 8 741
Innland, høg utnyttingsgrad -1063
Trøndelag
Flatland, høg utnyttingsgrad101074
Fjellstrøk, låg utnyttingsgrad - 641
Møre og Romsdal
Kyst, høg utnyttingsgrad101074
Innland, høg utnyttingsgrad 7 973
* Tal for beiteproduksjon og fôropptak gjeld konvensjonelt landbruk, men prinsippa for planlegging og styring av beiting er stort sett like for alle driftsopplegg.

Ved å kombinere tala i tabellane 1 og 2 kan ein rekne ut arealbehovet per ku.

Måling av plantehøgd og ein dags fôr- og produksjonskontroll er nøkkelfaktorar knytte til dette styringssystemet. Med jamleg måling og justering av planane etter det ein finn i kontrollane, kan ein leggje til rette for ei effektiv beitedrift. Dette krev ein del arbeid, men arbeidet blir mindre etter kvart som ein vinn erfaring.

Plantehøgda er avgjerande for fôropptak, mjølkeproduksjon per ku og nettoutbyttet per arealeining. Tilrådingane her er dei same som ein gir i Danmark og Storbritannia, ettersom ein ikkje har grunnlag for å lage særskilde tilrådingar for norske tilhøve.

Same kor godt ein har planlagt beitinga på førehand, vil det alltid kunne bli avvik frå planane, anten det gjeld plantehøgd eller produksjonsnivå hjå kyrne. Ein har laga forslag til tiltak når plantehøgda avvik frå tilrådingane.

Tabell 3. Styringsreglar for skiftebeiting på dyrka jord i låglandet
Gjennomsnittleg plantehøgd* (cm)Forventa kviletid
Før beitingEtter beiting
Mai-medio juni (1. runde) 8-104-6 -
Medio juni-medio juli15-206-83-4 veker
Medio juli-august15-206-84-5 veker
September-oktober10-206-84-7 veker
*Tal for beiteproduksjon gjeld konvensjonelt landbruk, men prinsippa for planlegging og styring av beiting er stort sett like for alle driftsopplegg.

Dersom kviletida vert mindre enn 3 veker i juni, mindre enn 4 veker i juli og august, eller om plantehøgda er mindre enn 15 cm i andre avbeitingsrunde, tyder dette på grasmangel. Aktuelle tiltak er då:

  • gå over til stripebeiting dersom det er råd
  • la dyra gå på beite lengre tid så graset blir beita ned til kortare stubb (4-6 cm)
  • auke tildelinga av tilskottsfôr i tilknyting til mjølkingane eller ute på beitet
  • eventuelt fôre dyra inne om natta

Om derimot kviletida vert meir enn 4 veker i juni, eller plantehøgda er over 20-25 cm, er det for mykje beitegras.Ein kan då til dømes setje inn eitt av følgjande tiltak:

  • gå over til stripebeiting
  • auke beitestubben (8-10 cm) og bruke etterbeitarar
  • pusse arealet maskinelt straks etter avbeiting om våren og konservere gjenveksten på nokre av skifta i rundballar
Tabell 4. Styringsreglar for kontinuerleg beiting i låglandet
Veker etter beitestart på nytt skiftePlanlagd plantehøgd (cm)Planlagt % vrakgras
 0-87 5
 8-16615
16-24525

Om plantehøgda og/eller delen vrakgras er mindre enn planlagt (etter tabell 1.4), tyder det på mangel på beitegras. Ein må då bruke tilskottsfôr og utvide arealet, og/eller korte ned beitetida per døgn, det vil seie innefôring om natta. Dersom plantehøgda blir 2 cm mindre enn planlagt om våren, er det fare for daudbiting av graset. Ein må då flytte dyra, og la skiftet kvile i om lag ei veke.

I motsett situasjon, med grasoverskott, må ein auke beitetida per døgn, redusere tildelinga av tilskottsfôr og minske beitearealet. Kor raskt ein skal setje i verk tiltak ved avvik frå planen, vil variere med både tidspunkt i beitesesongen, beitesystem og tilrettelegginga i produksjonen elles. Behovet for raske justeringar er større om våren enn seinare på sommaren. Generelt vil ein tilrå å måle plantehøgda minst ein gong kvar veke om våren og gradvis noko sjeldnare utover i sesongen.

Det beste målet på om beiteopptaket og utnyttinga av beiteareala er i samsvar med planane, er mjølkeproduksjonen. Ein tilrår difor å gjennomføre ein dags fôr- og produksjonskontroll minst ein gong i løpet av kvar periode som ein har delt beitesesongen inn i. Ved å gjere dette får ein grunnlag for å kontrollere fôrplanen, skifteplanen og arealtrongen.

  • Er tildelinga av tilskottsfôr som planlagt?
  • Er utrekna mengd beitegras som kan nyttast, i samsvar med det som var planlagt?

 Innhaldet i artikkelen er stort sett henta frå ein rapport av Astrid Johansen, NIBIO (Johansen 1998).

Les mer

Bergersen, L. m.fl. 2020. Ulike beitemetoder. Buskap nr. 4, 2020

Bernes, G. m.fl. 2021. Produktion med flera djurslag på europeiska gårdar. Svenska Vallbrev nr. 5, 2021

Handrup, L.M. 2022. Holland: Græssende køer udleder mindre metan. Innovationscenter for økologisk landbrug. icoel.dk 26.8.

Jordbruksverket 2021. Vägen till bra ekologisk betesdrift. Jordbruksinformation nr. 1, 2021

Jørgensen, S. 2020.Beitestell. www.nlr.no

Jørgensen, S. m.fl. 2020. Beiteblad. Praktisk veiledning til god beitebruk. NLR Innlandet og TINE Rådgivning 

Livenengen, M. B. 2020. - Nær det ideelle beitet. innlandet.nlr.no, 25.11.2020

Sommerseth, J.K. 2020. Bruk av beite sen sommer og høst. Buskap nr. 5, 2020

Sundet, H. 2023. Beiter som blir bedre år for år. NLR Østafjells, 9.6.2023

Vange, T. H. 2022. Sommarmjølk på beite før bruk av utmarksbeite. Buskap nr. 4, 2022

Prosjektet Mix-Enable - Strategies for sustainable and robust organic mixed livestock farming 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no