Foto: Steffen Adler, NIBIOFoto: Steffen Adler, NIBIO

Etablering av fleirårige beite på fulldyrka jord

Krava til jord, drenering, kalk- og næringstilstand er dei same ved etablering av eit fleirårig beite som for fleirårig eng.

På fulldyrka jord ligg forholda godt til rette for vedlikehald av beite gjennom kalking, gjødsling og pussing av beite. 

Dersom jordanalysar syner at kalktilstanden på fulldyrka beite er for dårleg, kan ein nytte høvet til å kalke ved fornying av plantesetnaden gjennom pløying og attlegg. Om plantesetnaden er for god til å verte øydelagd, kan ein setje til skjelsand på overflata. Kalkverknaden vert då noko forseinka i høve til innblanding i jord. Kalkmengda må tilpassast surleiksgraden i jorda og innhaldet av kalsium i sanden.

Gjødsling

Tilføring av næringsstoff til fulldyrka beite må naturlegvis vurderast i høve til kor mykje husdyrgjødsel og kompost ein disponerer på garden. Innhald av belgvekstar i beitet er også ein viktig faktor.

Om ein har ubehandla blautgjødsel, bør ein vente 30 dagar frå gjødsling om våren til ein slepper beitedyra. Forsøk og erfaringar syner at spreiing av husdyrgjødsel på beite kan gi dårlegare avbeiting enn der det er gjødsla med mineralgjødsel. Men dersom ein avgrensar mengda til 1-1,5 tonn per dekar og spreier gjødsla om våren, vil truleg problema med låg smakelegheit vere små. Land, våtkompostert blautgjødsel og vassblanda  blautgjødsel høver betre på beite enn ufortynna blautgjødsel, så ved gjødsling i beitesesongen er det ønskjeleg å nytte desse gjødseltypane.

Kompost av husdyrgjødsel og organisk avfall kan spreiast på beite med skjelsandspreiar, fastgjødselspreiar eller manuelt i vekstsesongen. Godt omdanna kompost ureinar ikkje fôret, og dyra vrakar ikkje graset sjølv om det nettopp er gjødsla.

Viktige artar i frøblandingane

Grasartar og belgvekstar som skal nyttast i beite, må ha ein stor produksjon og høg kvalitet, slik at fôropptaket vert stort og utnyttinga effektiv. Artane bør ha stor evne til busking, og dei bør kome med minimal mengd generative skott i gjenveksten. I tillegg må dei tole påkjenninga av ulik beitedrift slik at plantesetnaden kan vare lenge utan behov for fornying. I mest heile Europa er fleirårig raigras den dominerande grasarten i beite, og mykje av kunnskapane om moderne beitedyrking er knytte til denne arten.

Utvalet av gras- og belgvekstartar til beite hos oss er avgrensa, og den ideelle beiteplanten finst ikkje. Smakelege artar som fleirårig raigras og timotei har anten for svak overvintringsevne eller toler hyppig hausting dårleg. Meir varige artar som engrapp og raudsvingel, og kanskje også engsvingel, er mindre smakelege. Det må understrekast at smakelegheita er sterkt avhengig av utviklingsstadium og beitehøgd.

I det følgjande omtaler vi kort dei viktigaste fleirårige artane som er aktuelle for beitefrøblandingar:

  • Engrapp
    • etablerer seg seint, men kan gi eit tett plantedekke som armerer godt
    • vil ha god nærings- og kalktilstand i jorda
    • er varig og toler hyppig beiting godt
    • vert godt eller middels avbeita
    • av sorten ’Lavang’ høver best i Nord-Noreg, medan utanlandske sortar overvintrar tilfredsstillande berre i Sør-Noreg
  • Engsvingel
    • er eit bladrikt gras som veks i opne tuer
    • vert noko dårlegare avbeita enn engrapp
    • høver betre til slått enn til beite, men bør som oftast vere med i beitefrøblandingar på grunn av rask etablering, stor produksjon og relativt god varigheit
    • av dei norske sortane ’Salten’ og ’Fure’ er dei mest aktuelle å nytte
  • Fleirårig raigras
    • har høg kvalitet og gir eit tett plantedekke
    • toler beiting godt og vert godt avbeita
    • har ei overvintringsevne som er for svak i dei aller fleste regionar i Noreg. Men på grunn av mange positive eigenskapar kan det vere aktuelt å ha med ein viss del av denne arten i frøblandinga. I år og distrikt med milde vintrar vil ein såleis kunne få ein stor del raigras i beitet
    • har berre utanlandske sortar på marknaden
  • Hundegras
    • er eit produktivt gras som kjem tidleg i vekst om våren
    • vert godt avbeita på eit tidleg utviklingsstadium, men vert raskt trevlerikt, og dyra vil då vrake det
    • kan i kyststrok høve godt i blanding med kvitkløver
    • finst i to norske sortar, ’Apelsvoll’ og ’Hattfjelldal’
  • Engkvein
    • er eit varig gras som veks godt også på sur jord
    • viltveksande engkvein er vanleg på langvarig eng og beite
    • har ein beitekvalitet som er middels god
    • av den norske sorten ’Leikvin’ er aktuell i beite som skal liggje lenge
  • Raudsvingel
    • er som engkvein vanleg i langvarig beite
    • har middels til dårleg beitekvalitet
    • er varig og toler beiting godt, bør difor vere med i blandingar til langvarig beite
    • har ein norsk sort, ’Leik’
  • Timotei
    • toler ikkje hyppig beiting. Men fordi arten produserer eit smakeleg beitefôr dei første par åra etter såing, er det ofte aktuelt å blande inn ein viss del timotei
    • bør alltid vere med i blandinga på skifte der ein ønskjer å kombinere slått og beiting
    • finst det gode, norske sortar for ulike regionar av på marknaden
  • Kvitkløver
    • har krypande, overjordiske utløparar og formeirer seg vegetativt
    • toler beiting godt
    • kan vere sein om våren, og det er vanleg at kvitkløveren utgjer ein aukande del av avlinga utover i sesongen
    • har ei avbeiting som vanlegvis er god, men fleire har observert tilfelle der beitedyra vrakar kløveren. Årsaka til dette er uklar
    • av dei norske sortane ’Norstar’ og ’Snowy’ er no godkjende, men det vil enno ta nokre år før det er frø å få kjøpt. Den danske sorten ’Milkanova’ er mest brukt

Dei beitefrøblandingane som er i handelen, høver dårleg til eit økologisk driftsopplegg på grunn av låg kløverdel. Frøblandingane kan difor med fordel blandast ute på kvar enkelt gard.

Grasartar og belgvekstar som skal nyttast i beite, må ha ein stor produksjon og høg kvalitet, slik at fôropptaket vert stort og utnyttinga effektiv. Artane bør ha stor evne til busking, og dei bør kome med minimal mengd generative skott i gjenveksten. I tillegg må dei tole påkjenninga av ulik beitedrift slik at plantesetnaden kan vare lenge utan behov for fornying. I mest heile Europa er fleirårig raigras den dominerande grasarten i beite, og mykje av kunnskapane om moderne beitedyrking er knytte til denne arten.

Dei beitefrøblandingane som er i handelen, høver dårleg til eit økologisk driftsopplegg på grunn av låg kløverdel. Frøblandingane kan difor med fordel blandast ute på kvar enkelt gard.

Forslag til frøblandingar til beite:

Kortvarig beite, gode overvintringstilhøve på kysten i Sør-Noreg:
60 % fleirårig raigras
20 % eittårig raigras (westerwoldsk)
20 % kvitkløver

Kortvarig beite, usikker overvintring for fleirårig raigras:
20 % timotei
30 % engsvingel
10 % engrapp
20 % fleirårig raigras
20 % kvitkløver

Langvarig beite:
20 % timotei
20 % engsvingel
25 % engrapp
10 % raudsvingel
 5 % engkvein
15 % kvitkløver

 

Ugraskontroll /pussing av beite

Førebyggjande rådgjerder er berebjelken i kampen mot uønskte plantar i beite. Eit stort innhald av ugras er symptom på at veksevilkåra ikkje er tilfredsstillande for kulturvekstane. På fulldyrka beite ligg det normalt godt til rette for å kalke, gjødsle og drenere jorda slik at dei sådde vekstane kan konkurrere godt mot ugrasa. I tillegg er det viktig å leggje opp beitedrifta slik at beiteplantane ikkje vert utarma og såleis er dårleg førebudde på vinteren.

Pussing av beita er dels eit ledd i ugraskampen, dels ein hjelp til å fjerne vraka gras rundt gjødselruker og liknande. På fulldyrka areal bør ein pusse beita mekanisk minst ein gong per år. Tidspunkt for pussinga vil avhenge av beitepresset. Om ein klarer å halde plantehøgda nede frå våren av, kan det høve å pusse av etter andre eller tredje avbeiting. I motsett fall må ein pusse av straks etter første beiting. Av utstyr høver slaghaustar og slåmaskin godt. Om det er mykje vrakgras, bør det samlast opp og eventuelt komposterast. Køyring med moseharv eller ein bom med 6-7 traktorkjettingar knuser og jamnar ut kuruker.

Les mer

Bergersen, L. m.fl. 2020. Ulike beitemetoder. Buskap nr. 4, 2020

Hillestad, M.E. 2020. Beitemarka - et ukjent karbonlager. Buskap nr. 2, 2020

Jordbruksverket 2021. Vägen till bra ekologisk betesdrift. Jordbruksinformation nr. 1, 2021

Jørgensen, S. 2020. Beitestell. www.nlr.no

Jørgensen, S. m.fl. 2020. Beiteblad. Praktisk veiledning til god beitebruk. NLR Innlandet og TINE Rådgivning 

Livenengen, M. B. 2020. - Nær det ideelle beitetinnlandet.nlr.no, 25.11.2020

Sommerseth, J.K. 2020. Bruk av beite sen sommer og høst. Buskap nr. 5, 2020

Sundet, H. 2023. Beiter som blir bedre år for år. NLR Østafjells, 9.6.2023

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no