Høy
Høy er engvekster som er tørket til minst 84 % tørrstoff slik at de kan lagres uten tap. Då er det lagringsstabilt. Høy er eit fôrmiddel med lange tradisjoner, men i dag er det hesten som er den største forbrukeren av høy.
Ved alle former for høyberging vert det eit andingstap som følgje av at dei levande plantecellene brukar lettomsettelege næringsstoff for å halde livsprosessane i gang. Andinga sluttar når innhaldet av vatn har kome ned på 30-40 %. Difor er det viktig å tørke høyet raskt slik at andingstapet vert lite. Normalt andingstap ved høyproduksjon er 5-15 % av næringsverdien.
Kløverrikt høy
Kløverrikt høy er meir krevjande å tørke enn høy utan kløver, spesielt når det er slått tidlig. Det same gjeld høy som inneheld mykje luserne. Luserne har grove stilkar som tek lang tid å tørke, og blada smuldrar lett. Slike planter i engblandinga set krav til ei skånsom behandling ved slått, vending og innkjøring for å unngå at blad og andre verdifulle plantedeler smuldrar og dett av.
Stengelbehandling
Stengelbehandling ved slått gjer at høyet tørkar raskare enn når det berre vert brukt høyvendar, men det fører også til avlingstap ved at små plantedelar vert liggjande igjen. Stengelknusing er aktuelt når det er mykje kløver, luserne eller andre plantar med grove stenglar i graset. Men kjem det regn på halvtørt høy der det er brukt stengelbehandling, kan tap på grunn av utvasking verta stort.
Låvetørking
Dersom høyet vert tørka på låvetørke, kan ein kjøyra det inn etter relativt kort tid med bakketørking ute. Innhaldet av vatn bør helst vera under 40 % ved innkjøyring. Det vil sei at massen er så tørr at vi høyrer knitrelyden som er typisk for høy, når vi løfter det med høygaffel. Høyet kan saltast med litt koksalt for at vatn kan trekkas ut av plantecellene og sopp får mindre gunstige høve for å veksa. Det passar med 0,5-1,0 kg salt per 100 kg høy. Spesielt rått høy er det grunn til å salte.
Tørking på bakken
Ved bakketørking er det viktig med rask opptørking. Det kan bli store tap ved slik tørking. Dersom det kjem regn på graset mens det ligg til tørk på bakken, vert sukker og lettløyselege næringsstoff raskt vaska ut. Avrenninga er større når graset er halvtørt enn når det er nyslått. Halvparten av energien kan bli borte under slike forhold. Om det regnar på nyslått gras, skjer det inga utvasking, men andingstapet vert stort fordi det går lang tid før planten vert så tørr at andinga stansar.
Tørking i streng gir berre halvparten så stort tap som når høyet ligg spredt utover. Kor stort tapet vert, er avhengig av kor mykje kløver det er i enga. Med mykje kløver kan tapa verta veldig store.
Hesjing er ein sikrare bergingsmåte enn tørking på bakken, men er svært arbeidskrevjande og sjeldan i bruk i dag.
Sol under tørking reduserer innhaldet av A- og B-vitamin, men aukar D-vitamininnhaldet i høyet.
Les meir:
Kval-Engstad, O. 2017. Tørking og lagring av høy. Fagforum Grovfôr
Kval-Engstad, O. 2017. Dyrking av gras til høy. Fagforum Grovfôr
Se også:
Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no