Rundballer

Konservering av gras

Gras og belgvekstar er fundamentet i mjølk- og kjøtproduksjon på drøvtyggarar i Noreg. For å ha godt fôr til dyra utover hausten og vinteren må graset konserverast på ein god måte.

Dei to mest brukte metodane for konservering i Noreg er ensilering og tørking av høy. Regnfullt ver i haustetidsperioden er eit stort stressmoment for gardbrukarane. Ved høyberging og totrinns ensilering er verforholda og verutsiktene avgjerande, for kvalitetstapet kan bli stort ved lang tørketid ute.

Kvaliteten på fôret vil i tillegg til veret under hausting avhenge av haustetidspunkt. Tidleg hausta fôr gir høgt næringsinnhald, men blir det for tidleg går avlingane ned. Det vil derfor være eit skjæringspunkt mellom haustetid og avlingsmengde som den enkelte gardbrukar må ta stilling til. Det er fleire faktorar som vil vere avgjerande for val av haustetid. Uansett haustetidspunkt er det viktig å ta vare på fôret gjennom ei vellukka konservering.

Surfôr

Når gras, kløver og grønfôrvekstar vert lagra lufttett i 8 veker, vert det danna surfôr. I denne perioden, gjæringsperioden, fell pH i fôret slik at fôret vert surt og lagringsstabilt.

Ideell behandling av gras som skal omdannast til surfôr er omlag slik:

  • Slått i solskinn slik at sukkerinnhaldet er høgt.
  • Rask tørking til tørrstoffprosenten kjem mellom 23 og 35. Det gir lite pressaft, og eit godt grunnlag for ei vellukka gjæring. Våtare gras gir stort tap av sukker og syrer med pressaftavrenning, mens tørrare gras lagt i silo lett gir ufullstendig gjæring, og dårleg pakking.  Dette aukar faren for feilgjæring og ikkje minst faren for muggdanning og varmgang under uttak.
  • Til rundballepakking er kraftig fortørking ein fordel då graset vert pressa og lufttett pakka på kort tid. Oppfôringa går raskare for rundballar, så her er det ikkje fare for mugg etter opning.  Problemet for rundballar har ein under lagringstida; eit hol i ballen og alt kan vera mugla på kort tid.
  • Sørg for knusing av stengel og blad. Det sikrar god pakking, og «innmaten» (sukkerstoff og cellesaft) i plantane er næring til mikrobane i gjæringa.
  • God kapping av plantane gir betre pakking i siloen, lettare handtering og auka fôropptak. For kort kuttelengde (2 cm og kortare) kan gi strukturproblem i vomma om det ikkje blir gitt halm, høy eller anna i tillegg.
  • Graset må ikkje grisast til med jord, eller jordsmitta vatn. (Smørsyrebakteriane kjem herifrå). Stubbehøgde på 8 -12 cm for slaghaustar og 6-8 for slåmaskin er gunstig. Djupe hjulspor og andre ujamnheter fører lett til innsmitting med jord eller jordtilgrisa gras. Myr med bevegeleg overflate og midlertidig nedsynking, kan gi for lav stubbehøgde, sjølv om marka ser uskadd ut etter hjulpassering. Myrjord og sporeproblem i surfôret har vist seg å henge i hop. Det var einaste sikre samanheng ein fant i ei undersøking i Møre og Romsdal som TINE utførte for å kartlegge husdyrgjødsla som smørsyrekilde.
  • Kort tid frå graset blir innkøyrt til det ligg ferdig komprimert og lufttett lagra i silo er ønskeleg.

Fortørking

Ved fortørking frå 20 % ts til 33 % er halvparten av vatnet tørka bort. På same tid aukar luftmengda i massen. Fortørking fører vidare til at sukkeret blir meir konsentrert og det lettar tilgangen for næringa til mjølkesyrebakteriane og gjæringsprosessen går lettare.

Plansilo

I plansilo bør ein ikkje ha som mål å fortørka lengre enn til kring 30 % ts og det er tilrådd at ein alltid brukar ensileringsmiddel. Det er vanskelegare å oppnå god nok pakking i slike siloar og det vil alltid vera ein god del luft i massen. Det er viktig med god jamning og pakking under innlegging – at ein brukar utstyr med høg nok vekt og ikkje kjører for fort fram og tilbake. Vanleg jordbrukstraktor med lessing er i lettaste laget. Sluttpakkinga er heilt avgjerande for godt resultat. Ta god tid til denne pakkinga til det øvre laget er ”daudt” og lagar eit mest mogleg tett topplag slik at eventuelt luftinnslepp ikkje vil trenga gjennom.

Fordeler med fortørking:

  • Sparer transport, lager og eventuelt embalering av vatn
    • Større haustekapasitet
    • Mindre pressafttap og arbeid med pressaft
    • Mindre gjæringstap og sparer konserveringsmiddel
    • Høgare fôropptak, opp til ca 30 % ts.

Ulemper med fortørking:

  • Meir veravhengig
  • Større fare for varmgang og sopputvikling i surfôret
  • Større fare for felttap

Rundballesurfôr

Faktorar som påverkar kvaliteten i rundballar:

  • Fortørking
  • Kutting og knusing av graset
  • Pressegraden
  • Bruk av ensileringsmiddel
  • Innpakkinga
  • Lagringsmåten, tid og temperatur

Til vanleg blir graset fortørka når det skal pakkast i rundballar. Ved fortørking får ein høgare tørrstoffmengde per m3 i rundballane, og dermed reduksjon i kostnadene. Oftast blir også fôrkvaliteten betre ved fortørking, men skadar på plasten kan lett resultera i vekst av uønska bakteriar og sopp. Rundballar er derfor meir utsette for dårlegare hygienisk kvalitet samanlikna med surfôr frå ein tett silo.

Feltundersøkingar syner at sterkt fortørka rundballar (kring 44 % ts) hadde meir av muggsopp samanlikna med svakt fortørka (kring 26 % ts).  Dersom rundballen veg kring 600 kg og har same graskvaliteten, vil rundballen med 44 % ts innehalda 70 % meir fôr og kostnadene per produsert FEm blir redusert noko som mellom anna skuldast mindre behov for plast og køyring.

Kutting av graset

Ved god kutting/ knusing og pressing av graset vil det vera mindre luft i massen, og det er positivt for gjæringskvaliteten. Ved punktering av plastfilmen vil oksygen vandra lengre inn i massen under lagring i ballar med aukande fortørking og ved lågare pressegrad.

Bruk av ensileringsmiddel i rundballer

Forsøk og praktisk erfaring har synt at gjæringskvaliteten i rundballar blir forbetra når det blir tilsett effektive ensileringsmiddel.  Maursyrehaldige middel har utan unntak synt høgare sukkerinnhald i surfôret, lågare innhald av mjølkesyre og eddiksyre og redusert proteinnedbryting i surfôret, opp til kring 40 % ts i graset. Middel som inneheld sopphemmande komponentar vil oftast gi mindre soppvekst ved høgt tørrstoffinnhald.

Pakking av rundballer

Pakking med plastfilm gir betre gjæringskvalitet samanlikna med plastpose. Det blir tilrådd å bruke 6 lag plast, og helst 75 cm plastbreidde. Brei plast gir større overdekking mellom laga. Det er ein fordel om pakkinga blir utført straks etter pressing, og innan 2 – 3 timar. Etter pakking skal ballen uroast minst mogleg og eventuell omplassering må gjerast innan 2 timar.

Rundballar med lågare ts enn kring 25 % kan endre fasong under lagring og bør derfor lagrast oppned. Det gir mindre fare for luftinnslepp og reduserer faren for at fuglar kan hakke hol i plasten.

Ensilering

Ei god eng kan verta øydelagd av ein lite vellykka ensileringsprosess. Dette gjelder enten graset vert konservert i rundballar, tårnsilo eller plansilo. Eit godt konservert surfôr er avgjerande for resultatet i mjølke- og kjøtproduksjonen.

Grovfôret har høgast næringsverdi når enga vert slått. Deretter tapes næringsstoffer på jordet i form av ånding, eventuell utvasking på grunn av regn og av mekaniske tap ved handtering under fortørking og hausting.

Haustig av vått gras

Hausting av vått gras gir vanskelegare ensilering, blautt surfôr, stort pressafttap og større fare for kjøreskadar ved haustinga. Kjøreskade kjem både frå direkte skade i hjulspora på plantedekket gjennom knusing av plantevev og sluring, og av skade på jordstrukturen gjennom pakking. Under vanskelege hausteforhold kan ei skånsam hausting gi store fordelar.

Ensileringsmiddel

For bruk av kjemiske middel er det først og fremst klimatiske høve som blir lagde vekt på i Debio si vurdering. Bruken av syrebaserte middel i økologisk landbruk er mykje diskutert, og reglane er bygde på prinsippet om at landbruket ikkje skal vere avhengig av kjemisk framstilte, syntetiske driftsmiddel.

Behovet for tilsetjing av ensileringsmiddel er avhengig av tørrstoffinnhaldet i fôret og kvaliteten på innleggingsarbeidet. Generelt er resultatet sikrare med tilsetjing av ensileringsmiddel, men ved høgt tørrstoffinnhald (25-35 %) og god pakking, som til dømes i rundballar, kan ein få godt resultat utan bruk av ensileringsmiddel. I norske forsøk har syrebaserte ensileringsmiddel jamt over gitt best resultat, mens biologiske preparat har vore meir varierande. Ein fordel med syremiddel er at dei reduserer gjæringa slik at surfôret inneheld meir av sukkeret i graset.

Faren med å ikkje nytta ensileringsmiddel er at ein kan få høgare innhald av mjølkesyre og eddiksyre, og mindre innhald av restsukker i surfôret. Risikoen aukar for oppformeiring av sporedannande klostridier, med påfølgjande proteinnedbryting. Ved fôring vil ein få nedsett opptak.

Ved feilgjæring får ein også utvikling av mugg og gjærsoppar.  Muggsoppen dannar kvite trådar (hyfer) som filterer massen.  Muggsopp kan danne toksinar (giftstoff).  Gjærsopp dannar ikkje trådar, men kvite smular som er seige å ta på.  Gjærsopp dannar ikkje toksiner, men er oftast årsaka til varmgang i massen.

Viktige faktorar å ta omsyn til ved ensilering

  • Belgvekstinnhald: mykje kløver gir lågt sukker/protein og stor bufferevne i ensilasjen.
  • Nitrogengjødsling: sukkerinnhaldet i graset aukar ved svak gjødsling med nitrogen.
  • Tidspunkt for hausting: graset vert meir tørrstoffrikt dess eldre det vert, og får ein grovare struktur. Det gjer graset vanskelegare å pakke.
  • Tørrstoffinnhald: lågt innhald av tørrstoff gir ein våt masse som pakkar seg godt. Samtidig kan tapet av pressafttap vere stort og gjæringa bli vanskelegare. Gras med høgt innhald av tørrstoff har ein grov struktur som er vanskelegare å pakke.
  • Arbeidet i siloane : om ensileringa skjer i silo, er det avgjerande at pakkinga er jamn og god, og at godt press vert lagt på så fort som råd er.

Bufferkapasitet

Ei viss mengd syre gir ikkje den same pH-senkinga i alt plantemateriale. Det er på grunn av at ulikt plantemateriale har ulik bufferkapasitet, eller ulik evne til å motvirke forandring i pH.

Buffereffekten kommer av innholdet av anioner av organiske syrer (eplesyre, sitronsyre o.l.) og innholdet av ulike salter. Planteproteiner utgjør 10-20 % av den totale buffereffekten i grasmaterialet. Kløver har eit høgare mineralinnhald, eit høgare proteininnhald og høgare innhald av organiske syrer enn grasartene, noko som fører til at kløver har høgare bufferkapasitet.

Vær oppmerksam på gassfaren

Under surfôrgjæringa blir det danna ei rekkje ulike gassar. Produksjonen av karbondioksid er størst under og dei første dagane etter nedlegging. Karbondioksid er fargelaus og utan lukt. Den er 1,5 gangar tyngre enn luft og samlar seg derfor i fordypninger. Den fortrenger lufta og konsentrasjonen kan bli så stor at den er livsfarlig.

Nitrøse gassar utvikles særlig under og dei første dagane etter nedlegging. I større konsentrasjonar er gassane synlig gulbrune. Saman med vatn dannar dei salpetersyre. Nitrøse gassar er også tyngre enn luft. Det kan bli stor produksjon av slike gassar når sterkt N-gjødsla gras og grønnfôrvekstar vert lagt i silo og tørrstoffinnhaldet er høgt eller materialet er grovt slik at det blir temperaturstigning.

Viktige fasar i ensileringa

Fase 1: Like etter nedlegging er det framleis litt oksygen igjen i plantematerialet og andinga fortsetter. Det vert danna karbondioksid og vatn og frigjort varme som gir ein temperaturauke på 4-5 grader og eit tørrstofftap i underkant av 0,5 %. Denne prosessen treng sukker. I tillegg til plantecellene vil også aerobe og fakultativt anaerobe mikroorganismar delta i respirasjonen. Denne fasen tek berre nokre timar dersom plantemassen vert pakka godt og det ikkje vert tilført ny luft. Etter vanlig god pakking er lufta brukt opp i løpet av 5-6 timar. Ved dårleg pakking og utette siloar kan varmgangen verta høg og tapet tilsvarande stort.

Fase 2: Andinga stoppar. Koliforme og andre bakteriar produserer små mengder eddiksyre. Dette senker pH. Mjølkesyrebakteriar vert oppformert. Temperaturen kan auke. Denne fasen varer i nokre dagar.

Fase 3: Mjølkesyrebakteriar dominerer og startar å lage mjølkesyre. Lettløyselege karbohydratar (glukose, fruktose, sukrose og fruktan) vert bruka til dette. Temperaturen vert lågare.

Fase 4: I denne fasen vert det oppnådd ein stabil likevektstilstand i surfôrmassen, med tilnærma konstant mjølkesyreinnhald og pH. Surfôret kan halda likevektstilstanden i månader og år.

Fase 5: Dersom det ikkje vert danna tilstrekkelig mjølkesyre til å gi eit stabilt surfôr, kan det verta ein femte fase som gir surfôr av dårleg kvalitet. I denne fasen vil smørsyrebakteriar angripe det som er igjen av oppløyselege karbohydratar og mjølkesyre for å produsere smørsyre. I tillegg vert protein broten ned til ammoniakk og andre nitrogenhaldige basiske spaltingsprodukt. Dette fører til at pH aukar.

Dei tre første fasane varer i 3-5 dagar, og de fire fasane varer til saman i 2-3 veker.

For å få minst mulig tap må graset pakkas godt, siloen vere tett og ny lufttilførsel må hindras. Då vil andinga stoppe på grunn av luftmangel. Samtidig hindrar ein vekst av aerobe mikroorganismar som fører til forråtning og mugg. Grovt gras bør delas opp, f.eks. ved hakking, snitting eller knusing.

I ferskt gras er pH omtrent 6,0. Det er alltid mjølkesyrebakteriar på graset, men dei formerar seg ikkje så lenge det er tilgang på luft. Mjølkesyrebakteriane trives best når pH er lågare og temperaturen er mellom 8 og 35 oC.

Uønska organismer i surfôret

Surfôr er det viktigaste grovfôret til våre drøvtyggjande husdyr og til hestar. Prinsippa for ensileringsprosessen er dei same enten graset vert ensilert i tårnsiloar, plansiloar eller i rundballar pakka i plast. Det gjeld og leggje forholda til rette for ønska bakteriar, og hindre vekst av uønska bakteriar.

Mikrobefloraen i massen etter innlegging er summen av dei artane som finnes naturleg på ståande plantemateriale (epifyttfloraen) og dei artane som vert tilført massen som ei følgje av hausteteknikken. Kor mange artar og kor mykje det er av dei, er svært avhengig av planteslag, årstid, verforhold, gjødsling med meir. Med tanke på ensileringsprosessen finnes det både ønska og uønska artar.

Smørsyre

Smørsyrebakterien er uønska. Ståande plantemateriale er forholdsvis reint for smørsyrebakteiar eller sporar av desse. Dei kjem inn som forureining i form av jord og daudt plantemateriale under hausteprosessen. Her er stubbehøgde, vending av graset under fortørking og bruk av pick-up veldig viktig for kor stor forureininga vert.

Smørsyrebakteriane produserer smørsyre og er også den bakterietypen som er årsaka til det meste av proteinnedbrytinga i surfôret. Smørsyre i surfôret er indikasjon på uheldig gjæring. Dersom surfôret har ei ubehageleg lukt som setter seg fast i klede o.l. og er vanskelig å få bort, tyder det på smørsyrehaldig surfôr. Fôring med surfôr som inneheld smørsyre fører til lågare fôropptak og fare for nedsatt mjølkekvalitet. Smørsyrebakteriane tåler dårlig høgt tørrstoffinnhald og er lite aktive når tørrstoffinnhaldet er 35-40 %. Dei veks heller ikkje ved pH lågare enn 4,2. Under slike forhold finnes bakterien i form av sporar og dei produserar omtrent ikkje smørsyre. Bakteriesporane overlever pasteurisering av mjølk og kan føre til feilgjæring ved ysting av ost. Dersom det er stor forureining med smørsyrebakteriar kombinert med rask pH-senking og/eller høgt tørrstoffinnhald, kan surfôret innehalde store mengder sporar som kan skape problem i ystinga sjølv om surfôret er tilnærma smørsyrefritt.

Gjærsopp

Gjærsopp finnes på alt plantemateriale, men i varierande mengder. Under anaerobe forhold lagar gjær alkohol (etanol) og karbondioksid. Høgt etanolinnhald i fôret kan gi “fôrsmak” på mjølk. Dersom det er aerobe forhold forbrukar gjærsoppen sukker og mjølkesyre og lagar karbondioksid, vatn og varme. Dette kan gi varmgang i siloen. Ofte er det gjærsoppen som er årsak til varmgang ved uttak av surfôr frå siloen. Gjærsopp tåler pH heilt ned til 2, og vert ikkje hemma noko særlig av mjølkesyregjæring eller bruk av sure tilsetningsmidlar. Lav temperatur likar den ikkje.

Dersom blada fell av og smuldrar og fôret har ein aromatisk lukt og mørk farge, tyder det på høg temperatur under gjæringa.

Mugg

Muggsopp kan føre til stor skade på surfôret sidan muggent surfôr må kastast. Mugg veks også ved svært lav pH. Et effektivt middel for å unngå mugg er å hindre tilgang på luft.

 

Klassifisering av surfôr

For at surfôret skal vere av god kvalitet, skal innhaldet av smørsyre være mindre enn 0,1 %, og mindre enn 8 % av total-nitrogenet skal vere som ammoniakk-nitrogen.

Klassifisering av surfôr etter innhold av smørsyre og amoniakk-nitrogen i prosent av total-nitrogen

                                       Smørsyre,  %              Amoniakk-nitrogen, %

Godt surfôr                       maks 0,1                     maks 8,0

Brukbart surfôr                 0,11-0,30                    8,1-12,0

Dårlig surfôr                     0,31-0,60                    12,1-18,0

Mislykka surfôr                 over 0,60                    over 18,0

Ved bruk av ensileringsmidlene Foraform, Kofa Plus og Gras AAT skal analyseverdien av surfôret for ammoniakk-nitrogen reduseres med 2-4%-enheter før man klassifiserer kvaliteten.

Surfôr av god gjæringskvalitet kjennetegnes ved:

  • plantenes struktur er intakt
  • gulgrønn (olivengrønn) farge ved direktehøstet surfôr
  • litt gråbrunt ved fortørket materiale
  • pH < 4,2 ved direktehøstet materiale
  • svakt syrlig lukt

En enkel vurdering av tørrstoffinnholdet kan gjøres ved å klemme en surfôrprøve i hånden:

  • 15-17 % tørrstoff: Det kommer ut vann når vi klemmer prøven i en hånd
  • 18-21 % tørrstoff: lett å vri ut vann
  • 21-24 % tørrstoff : må vri hardt for å få ut vann
  •  > 24 % tørrstoff : vanskelig å vri ut vann

Les mer

Jørgensen, S. m.fl. 2020. Ensileringens ABC. NLR Innlandet

Jørgensen, S. 2021. Dosering og valg av ensileringsmiddel. oklogisklandbruk.nlr.no 6.1.

Steinshamn, H. m.fl. 2020. Grovfôrkostnader - Hvilke tiltak monner for å senke dem? Buskap nr. 3, 2020

Steinshamn, H. m.fl. 2020. Slåttetider, kløverinnhold og bruk av ensileringsmidler. Buskap nr. 3, 2020

Steinshamn, H. m.fl. 2019. Engdyrking - hva gir lavest fôrkostnader?Buskap nr. 7, 2019

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no