Jordprøvetaking. Foto: Anita LandJordprøvetaking. Foto: Anita Land

Kaliumtilførsle i eng på ulike jordartar

Ulik jord krev ulik gjødsling med kalium

I perioden 1999-2007 har det vore lagt ut fem forsøksfelt på ulike jordartar, der innhaldet av kalium i jorda har vore moderat. Målet med forsøka har vore å klarleggje trongen for ekstra K-tilførsle ved økologisk produksjon av grovfôr på jordtypar med avgrensa forsyning. Serien har vore eit samarbeid mellom Bioforsk Vest Fureneset og Norsk landbruksrådgjeving, og vart støtta med midlar frå fylkesmannen. Her vil vi presentere nokre av resultata frå to av felta, eit på torvjord på Fureneset og eit på siltig mellomsand på Voss (fyllittgrunn). Dei andre felta har lege i Ølve (torvjord ), og Surnadal og Tolga (sandjord). På alle felta vart 3 tonn gylle tilført om våren. Tilført kalium (0, 5 og 10 kg) vart delt likt mellom vårgjødsling og gjødsling etter 1. slått. Alle forsøksfelta vart sådd med engfrøblanding med:

  • 40 % timotei
  • 30 % engsvingel
  • 10 % engrapp
  • 10 % raudkløver
  • 10% kvitkløver

6-8 kg havre vart nytta til dekksed i attlegget.

Tabell 1: Feltdata for dei fem forsøksfelta som inngjekk i forsøksserien.

 Felt   Fureneset  Voss  Ølve  Surnadal  Tolga
 Tidsrom 1999-2004  2004-2007  2000-2003  2000-2003  2001-2003
 Jordtype  Torvjord  Siltig mellomsand  Torvjord  Siltig sand Mellomsand
 K-HNO3 21 28 14 45 24
 K-AL 18 11 10 11 6
 Volum vekt (kg/l) 0,35 0,95 0,32 1,2 1,6

 Effektar av kalium på avling

Ved dyrking på torvjord (Fureneset) gav 10 kg ekstra kalium ei avlingsauke på 201 kg tørrstoff per dekar i siste engåret. Utslaget av K-tilførsla var særleg tydeleg frå tredje engåret. På feltet med siltig mellomsand (Voss) gav ikkje kalium noko tilsvarande utslag på avling. Ved kjemiske analysar av K-innhald i avlinga (% av tørrstoff) ser ein at fyllittjorda gjev god forsyning av kalium der plantematerialet inneheld ca. 2 % kalium uavhengig av K-tilførsle. På torvjorda var det naudsynt med ekstra tilførsle av kalium for å gje eit innhald i plantetørrstoffet på ca. 1,5 % K, som vert rekna som eit naudsynt kaliumnivå for engavokstrane.

Figur 1 Kalium
Figur 1: Utslag på avlingsmengde (kg tørrstoff per dekar), på torvjord (venstre figur frå Fureneset) og siltig mellomsand (høgre figur frå Voss), ved tilførsle av høvesvis 0 kg, 5 kg og 10 kg kalium ekstra per dekar

Om ein ser på avlingsutviklinga (sjå figur 2) så registrerer ein på torvjord ein generell nedgang i avling i engperioden (sjølv der ekstra kalium er tilført), medan mineraljorda på Voss har gjeve grunnlag for relativt stabil avling.

I Surnadal og på Tolga fekk ein på sandjord ikkje utslag ved K-tilførsel utover det som vart gjeve i gylla. På desse to lokalitetane var nitrogenmangelen eit merkbart problem og årsak til låg avling. På torvjorda i Ølve vart resultata øydelagd grunna utbreiing av ugras på feltet frå tredje engår.

Botanisk samansetnad

På torv gav ekstra tilførsle av kalium K klare utslag på plantesetnaden. Kløver heldt seg mykje betre når ekstra kalium vart tilført, og sameleis timotei. Rutene som fekk tilført kalium hadde 15-20 % meir av timotei og kløver samanlikna med rutene som ikkje fekk ekstra kalium. K-mangel førte vidare til at engrapp, engkvein og ugras breidde seg på kostnad av meir yterike artar i enga.

Figur 2 Kalium
Figur 2: Avlingsutvikling på torvjord på Fureneset (venstre) og mineraljord på Voss (høgre).

Oppsummering

Resultata syner kor viktig det er å ta omsyn til jordtilhøva ved økologisk produksjon. Det er vanskeleg å lykkast om jordarten ikkje bidreg til langsiktig K-forsyning.

På torvjord vil K-innhaldet raskt verte tappa ned om ikkje næringsemnet vert tilført. På Fureneset gav ekstra K-tilførsle (10 kg per dekar) ei auke i avling på 38 % (siste engår) noko som må reknast som svært bra. Ein generell avlingsnedgang i løpet av engperioden vart likevel registrert uavhengig av om kalium vart tilført eller ikkje.

Resultata frå mineraljorda syner at avlinga held seg jamnare og på eit høgare nivå enn tilsvarande for torvjord. For mineral jordartar er forsyningsevna av kalium betre trass i moderate måleverdiar for K-HNO3, og ein kan her vente at forsyning frå jord og gjødsel dekkar K-trongen i enga. Unnataket er K-fattig sandjord med opphav i kvarts og sparagmitt. Ein del finkorna jordtypar, morene-, skred- og forvitringsjord, og jordartar som er rike på glimmer kan såleis gje eit godt utgangspunkt for økologisk dyrking, sjølv om innhaldet av K-HNO3 i utgangspunktet ser ut til å vere lågt. Tilstrekkjeleg forsyning av kalium er også viktig for å bevare kløveren og timoteien i enga. Ein grenseverdi på ≈1,5-1,8 % kalium av plantetørrstoffet ser ut til å gje ein grei peikepinn både for å bevare plantesetnad og avling ved eit toslåttssystem.

Resultat frå andre forsøk med økologisk engdyrking på Vestlandet underbyggjer kløver sin viktige funksjon i attlegget med omsyn til avlingsmengde og kvalitet. Maktar ein i tillegg å halde oppe innhaldet av timotei i enga, vert avlingsnivået ofte tilfredsstillande. Timoteien er ynskjeleg med omsyn til avlingsmengde og kvalitet, medan kløveren har ei sentral rolle i N-forsyninga. Ved økologisk drift er tilgangen på nitrogen ofte avgrensande for avlinga. Tilførselen av kalium må derfor stå i høve til den mengda nitrogen som er tilgjengeleg for enga. Kunnskap om eigenskapane til jordarten ein driv planteproduksjon på, er såleis avgjerande for å ta rette avgjerder og for å lukkast med produksjonen.

Figur 3 Kalium
Figur 3: Endring i plantesetnad på torvjordsfeltet på Fureneset. Timotei til venstre og kløver til høgre i forsøksruter med og utan ekstra tilførsle av kalium.

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no