Nettside for
økologisk landbruk
Gras Img 7851

Kalium i jord og planter

Hos engvokstrane er kalium, nest etter nitrogen, det næringsstoffet plantene våre treng mest av for å sikre god vekst.

2970 1
Forsøksruter utan og med kalium. Legg merke til skilnad i samansetnaden av planter i enga. Foto: Arve Arstein

Dei lause jordmassane i Noreg er for det meste yngre enn ti tusen år, og mineralmaterialet er derfor sterkt prega av dei opphavlege bergartane. Erfaringane har synt at trongen for tilførsle av kalium (K) varierar frå at jorda frigjev det plantane treng, til at bortimot heile K-trongen må dekkast ved tilførsle av gjødsel.

Kalium i jord

Torv og moldjord inneheld små mengder kalium, det same gjer også visse typar sand og grushaldig jord. For mineraljord verkar opphavsmaterialet  i stor grad inn på innhaldet av kalium. Materiale med opphav i kvarts har særs lågt innhald av kalium, og det same gjeld også for sparagmitt. Finkorna jordartar som leire og silt har ofte større evne til å forsyna plantene med kalium enn grovkorna jord (sand og grus). Morenejord kan avhengig av opphavsmaterialet, ha eigenskapar som minner om situasjonen for ei jord med vesentleg meir finmateriale. Sjølv jord som i hovudsak består av sand og grus, med berre nokre få prosent leire og moderat med silt, kan gje ei næringsforsyning som liknar den ein finn hos finkorna jord. Ein liknande situasjon kan ein også finne for skred- og forvitringsjord.

Ved fornying av eng kan pløying gje positiv effekt då pløyinga fører opp K-rik jord frå djupare lag. Pløyinga betrar også jordstruktur, vilkåra for rotutvikling, og dermed opptak av vatn- og næring hjå plantene.

Klassar for innhald av lett- og syreløyseleg kalium i jord

 Analysetype

Klasse 1
låg

Klasse 2
middels

Klasse3
god

Klasse 4
særs god

 Syreløyseleg kalium (K-HNO3)

 < 30

 31-79

 80-119

 > 120

 Lettløyseleg kalium (K-AL)

 0-2

 3-6

 7-15

 > 15

Jordartar som er rike på glimmer og særskilt mørk glimmer (biotitt) er betre stilt med tanke på K-forsyning. Frigjeving av kalium frå glimmerrik jord kan vere så stor at den saman med noko husdyrgjødsel kan vere tilstrekkeleg. Som ei følgje av desse variasjonane har berggrunn, jordsmonn, og kjemiske jord- og planteanalysar stor verdi når val av areal til økologisk dyrking skal vurderast. Kunnskapen er også naudsynt for å avdekke trong for K-tilførsle ved konvensjonell dyrking. Organiske materiale inneheld lite kalium , men materialet er likevel av verdi då det verkar i prosessen binding/frigjeving av kalium, særskilt der mold finst ilag med leir.

Kjemiske analysar av kalium i jorda

Kjemisk analyse av jord der innhaldet av K er bestemt etter AL-metoden fortel oss i kva grad næringsemnet som ein finn i jorda, er lett tilgjengeleg for plantene. For mineraljord (fastmarksjord) er det vel så aktuelt å analysere for K-HNO3 (syreløyseleg kalium) for å kartleggje situasjonen. Analyseverdien for K-HNO3 er eit uttrykk for den langsiktige kaliumreserven i jorda. Ei jordprøve av mineraljord kan gjerne komme ut med låg verdi for K-AL som indikerer eit lågt innhald av lettilgjengeleg kalium for plantane, og samstundes høg verdi for K-HNO3. Ein slik situasjon finn ein ofte i område med morenejord og/eller elvesortert materiale (bredalføra), eksempelvis i dalane rundt Jostedalsbreen.

 

Kaliumoverskudd
K-mangel hjå gras og kløver. Øverst ser ein gulning (klorose) hjå dei eldste blada hos gras. Nederste bilete syner visning i bladkanten hos kløver (bladkant nekrose) som eit resultat av kaliummangel. Foto: Arve Arstein

Kalium viktig for grovfôrplanter

Kalium gjev mekanisk styrkje til planta, og førebyggjer slik legde. Kalium gjev også plantene auka evne til å stabilisere sitt eige vasshushald, og slik evne til å motstå tørke og frost når tilhøva vert ugunstige. Erfaringar har synt at ved knapp tilgang på kalium, vil ei yterik eng som i utgangspunktet er rik på timotei og kløver kunne reagere med avlingsreduksjon. Ved skort vil ofte rappartar, kvein og ugras bre seg på kostnad av kløver og timotei. Å halde oppe kløveren i enga er viktig grunna nitrogeninnsamlinga som knollbakteriane på kløverrøtene gjer. Dette er av verdi for både avlingsmengde og proteininnhald i avlinga. Forsking har klårlagt at K-innhaldet i avlinga ved første- og andreslått bør vere høvesvis 1,5-1,8 % og 1,7-2,0 % av tørrstoffet for å unngå avlingsreduksjon. Ved tidleg hausting bør K-innhaldet ligge i øvre nivådel, ved sein hausting kan eit innhald i nedre nivådel vere tilstrekkeleg.

Kalium er mobilt i planta, noko som betyr at planta ved mangel vil transportere kalium frå eldre blad i retning av unge blad i vekst. K-mangel vert av denne grunn først synleg på dei eldste blada og skota hjå engplantene. Mangelsymptom vil kunne sjåast som gule område på blada (klorose), og visning (nekrose) i bladspiss og bladkant. Om kalium ikkje vert tilført vil symptoma kunne spreie seg til heile planta, og føre til kraftig reduksjon i vekst og avling.

For stor tilgang på kalium kan derimot resultere i eit luksusopptak av kalium i planta som gjev eit høgt forhold mellom mengde kalium og magnesium/kalsium i planta. Dette gjev dårleg mineralbalanse i fôret, med påfølgjande fare for graskrampe og mjølkefeber hos husdyra. Faren for at dette skal skje er størst på areal med høge nivå av syreløyseleg-K der slåtten vert tatt tidleg, i kombinasjon med lågt trevleinnhald (struktur) og høgt proteininnhald. Ved økologisk dyrking der ein gjødslar med avgrensa mengder nitrogen og kalium vil dette sjeldan verte eit problem.

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no