Foto: Leif Arne HolmeFoto: Leif Arne Holme

Lagring av friske planteprodukt

Her gis eit oversyn over viktige moment som gjeld lagringsbehov på garden. Det som gjeld store engroslager og fellesanlegg, er halde utanfor. Bygnings- og kjøletekniske spørsmål er lite omtala.

Foto: Leif Arne Holme
Foto: Leif Arne Holme

Føremålet med lagring er å halde oppe kvaliteten på produkta over kort eller lang tid etter at dei er hausta. Dette skjer ved å regulere temperatur og luftråme til det som er optimalt for dei ulike produkta.

Enkelte planteprodukt kan lagrast over lang tid, medan andre er lite lagringsdyktige, slik som bær og enkelte grønsakslag. Men til desse har vi også trong for lager, for å få ei rask nedkjøling etter hausting. Dette er avgjerande for å sikre kvaliteten på varene fram til forbrukar.

Lagring over lang tid er særleg aktuelt under våre klimaforhold med ein relativt kort vekstsesong, dersom målet er å vera sjølvforsynt med frukt og grønt det meste av året. Vi ser i dag ein sterk tendens til at friske planteprodukt blir frakta over store avstandar for å forsyne marknaden med ferske planteprodukt til ei kvar tid. Dette har svært negative miljøkonsekvensar.

Ved økologisk landbruksdrift er det eit viktig mål å velja energiøkonomiske løysingar, også for lagring. Likevel er dette eit område der ein må kunne forsvare eit visst energiforbruk, sett i høve til energien som går med ved transport av varer frå varmare strøk. Til sist er det eit viktig moment at lagerromma blir bygde med miljøvennleg bygningsmateriale.

Viktig å hugse på om lagring

  • God reingjering av lagerrom og utstyr er viktig
  • Sørg for at varene som blir lagt inn er tørre og uskadde
  • Rask nedkjøling av produkta som skal inn på lager
  • Klima på lagerrom tilpassa dei produkta ein har
  • Ver merksam på faren for etylenskade

Reingjering av lagerrom og kassar

God reingjering av lagerrom og utstyr, i god tid før ny lagringssesong, bør innarbeidast som ein vane. Dersom det er treveggar på lageret, bør dei malast eller kalkast - det hindrar soppvekst i treet. Kassane bør stå ute ein del av sommaren, for då blir eventuell smitte i treverket sterkt redusert.

Kvaliteten på produkta

Utviklingsstadiet på vekstane ved hausting verkar inn på lagringsresultatet. For ein del produkt vil hausting på eit seint stadium redusere lagringsevna. Samstundes er det uheldig å hauste for tidleg, før produkta har modnast tilstrekkeleg og fått karakteristisk smak, form og farge.

Mekanisk skade i samband med hausting aukar faren for lagersjukdomar og stort lagersvinn.

Så sant det er mogleg, bør innhaustinga foregå i tørt ver. Tørr overflate på produkta når dei blir lagt inn på lageret, gjev mindre fare for transport av smitte frå åkeren og inn på lageret. Ved tørt innhaustingsver blir det også ført mindre jord med varene. Det reduserer også smitterisikoen.

Godt vekstskifte er nødvendig for å unngå fleire av lagersjukdomane. Til dømes kan klosopp på gulrot haldast i sjakk med dyrkingspauser på 6-7 år mellom kvar gong det blir dyrka gulrot til lagring på same skiftet.

Nedkjøling

Lite lagringsdyktige produkt må få rask nedkjøling rett etter hausting. Dette gjev betre lagringsresultat. Produkta må haldast ved ideell temperatur og luftråme heile vegen fram til forbrukar. Dette gjeld mellom anna blomkål, brokkoli, salat, tomat, agurk, plommer og alle bærslaga. Rask nedkjøling er gunstig for dei fleste produkta - også dei som skal lagrast over lengre tid.

Klima i lagerrommet

Planteprodukt som blir lagt inn på lager, er framleis levande organismar. Vekst og utvikling vil halde fram til ein viss grad, men det er fyrst og fremst anding og prosessar knytt til dette som dominerer. Sterk anding gjev rask modning og nedbryting av produktet. Andinga blir sterkare med aukande temperatur. Ved å halde låg temperatur på lageret vil andinga vera på eit minimumsnivå.

Etylen

Ein del planteprodukt bør ikkje lagrast i same lokale. Det har samanheng med produksjon av etylen. Levande plantevev produserer etylen, men det er store skilnader på planteslaga, slik det går fram av tabellen. Etylenproduksjonen varierer også med temperatur og utviklingsstadium på produktet.

Etylengass påskundar andinga og dermed nedbrytinga av sukker. Den fører også til raskare nedbryting av klorofyll og verkar negativt på cellestrukturen slik at produkta misser saftspenning. Smaken på varene kan også endra seg. Til dømes kan etylenskade hjå gulrot føre til at det blir danna bitterstoff. Det er stor skilnad på kor mykje dei ulike produkta tek skade av etylen under
lagring.

Produksjon av etylen hjå nokre planteprodukt
Produksjon av etylenProdukt
HøgSærleg eple, men også pærer og plommer
Middels høgTomat
LitenBrokkoli, rosenkål og agurk
Svært litenKål, blomkål, gulrot, potet, purre, salat, kirsebær og jordbær

 

Grøntvarer gruppert etter kor utsette dei er for etylenskade på lager
Fare for etylenskadeProdukt
Svært utsettBrokkoli, blomkål, kinakål, agurk og salat
UtsettPotet, lauk, bladselleri
Mindre utsettRotfrukter, hovudkål

Sjukdomsorganismar og etylen

Skade på grunn av sjukdomsorganismar vil auka etylenproduksjonen. Til dømes produserer rotnande hovudkål like mykje etylen som tomatar ved høg temperatur.

Køyretøy og forbrenningsmotor

Bruk av køyretøy med forbrenningsmotor inne på lageret aukar konsentrasjonen av etylen på lageret. Dette er rekna som den farlegaste kjelda til etylengass på lager. Difor er rask og god utlufting etter bruk av motordrevne køyretøy særs viktig.

Lagring i hus

Lagring i kassar som vert stabla oppå kvarandre ved hjelp av truck eller traktor med lasteapparat, er den dominerande metoden for lagring av friske planteprodukt inne. Den gjev god utnytting av rommet i høgda. Samstundes er metoden rasjonell og gjev skånsam handtering av produkta.

Det har vore og er delvis vanleg å lagre poteter, kepalauk og ulike rotvekstar til fôr og mat i bingar. I mindre skala er det framleis ein aktuell måte å lagre på, men ved nybygg blir det rådd til å planleggje bygningen med tanke på å kunne bruke kasselagring. Faren for mekanisk skade på produkta i samband med oppfylling av lageret er større ved bingelagring enn ved kasselagring.

Dersom ein skal setja opp nytt lagerbygg, bør det plasserast med tanke på rasjonell inn- og utkjøring. Det er også viktig at bygningen blir plassert slik at det blir liten temperaturpåverknad utanfrå. Sterkt solskinn på ytterveggen til eit ventilert lager er til dømes ugunstig. Lagerrom med ein eller fleire veggar og golv mot jordbakke er eit godt utgangspunkt.

Isolasjonen må vera god, for å halde ute varmen om sommaren og kulden om vinteren. God isolasjon vil også førebyggje kondens. Det er tilrådd å bruke 20 cm isolasjon i vegger og 25 cm i taket. Golvet bør også isolerast i kjølelager som skal brukast i sommarhalvåret. I lagerbygg som berre blir brukt i den kjølige årstida, er det ein føremon med uisolert golv. Konstruksjonen skal vera diffusjonsåpen.

Kombinert kjølelager og ventilert lager

Det vil vera eit energisparande tiltak å byggje ein kombinasjon mellom kjølelager og ventilert lager. I dei periodane som temperaturen ute er lågare enn inne på lageret, vil viftene regulere lagertemperaturen ved å ta inn uteluft, i staden for at kjøleaggregatet startar.

Kjølelager

I eit kjølelager er det kjøleaggregat som sørgjer for å regulere temperatur og luftråme. Her har ein full kontroll med temperatur og luftråme. Lufta blir ikkje skifta ut, slik som i eit ventilert lager. Kjølelager eller kombinert kjølelager/ventilert lager er nødvendig for den som skal kjøle ned grønsaker eller frukt og bær på sommaren eller tidleg om hausten, men også der vinterklimaet er ustabilt.

Her må ein vera særleg merksam på kjølemediet, og syte for at ein brukar det mest miljøvennlege som er på marknaden. Kjøleskap og frysarar som er produsert før 1991 kan innehalde drivhus- og ozongassen KFK. Den bidreg til drivhuseffekt og lagar hol i ozonlaget. Etter at KFK vart forbode brukte ein HKFK´ar som kjølemiddel. HKFK’er er litt snillare enn KFKar, men også desse gassane er så skadelege for både klima og ozonlag at myndigheitene har bestemt at dei skal fasast ut innan 2015.

Dei siste åra har HFK-gassen R134a vore mest brukt som kjølemiddel i kjøleskap. Han er ikkje skadeleg for ozonlaget, men er ein drivhusgass med 400 gongar sterkare effekt enn CO2. Derfor vurderer myndigheitene ulike tiltak for å avgrense bruken. Dei fleste nye kjøleskap og frysarar brukar isobutan (R600a) som kjølemiddel. Isobutan har korkje ozonnedbrytande effekt eller drivhuseffekt. Også som isolasjonsmiddel i kjøleskap og frysarar har det vore og blir brukt miljøskadelege stoff. Det mest miljøvennlege isolasjonsmidlet på marknaden er cyklopentan.

Miljøomsyn ved val av kjøle- eller fryselager

  • Alle kuldemøblar har energimerking. Merkinga går frå A til G, kor A tyder lågast straumforbruk.
  • Som kjølemiddel bør du velje R600(isobutan). Unngå kjøleskap med R134a (HFK).
  • Som isolasjonsmiddel er cyclopentan det mest miljøvennlege på marknaden.

Ventilert lager

Ventilert lager er mest aktuelt til planteprodukt som vert hausta relativt seint på hausten og som skal lagrast utover vinteren. Nedkjøling er basert på fordamping av vatn og termostatstyrt ventilasjon. Det er ei forutsetning at utelufta er kaldare enn lufta inne i lageret.

Inneluft og uteluft blir blanda og oppfukta til passeleg temperatur og luftråme. Denne lagertypen er fyrst og fremst aktuell til lagring av potet, kålrot, kepalauk og vinterkål der det er kjølig og stabilt vinterklima. Når lageret er godt isolert og/eller har ein eller fleire veggar mot jordbakke, vil det også kunne fungere godt haust og vår når nettene er kalde. Det er to ulike system å velja mellom:

  • Findussystemet: Oppfukting av lufta skjer ved hjelp av luftfuktar. Inntaksluft og omluft blir blanda til passe temperatur og luftråme i eit klimatårn, før lufta blir pressa inn i ein hovudkanal og derifrå under ristene og inn i lagringsmassen.
  • Græes system: Lufta blir fukta ved hjelp av ein drypande glasfiberduk som heng langs veggen. Duken heng over plastrøyr med dryppniplar like under taket og litt ut i frå veggen. Ei termostatstyrt vifte trekkjer luft ut, og undertrykket fører til at frisk luft blir trekt inn gjennom ein tilluftshimling. Blandinga av lufta er basert på naturleg sirkulasjon.

«Græes system» er mindre energikrevjande enn «Findussystemet» ved at det ikkje er omluftsvifte eller kunstig fordamping ved hjelp av luftfuktar. Anleggskostnadane er også mindre.

Fryselager

For den som driv med bær til friskkonsum, er det ei god forsikring å ha tilgang til fryselager. Dersom det ikkje er fryseri i nærmiljøet, bør ein vurdere å byggje eit eige fryselager på garden. Bær som av ulike årsaker ikkje blir selt til friskkonsum, kan frysast ned for sal til industrien eller med tanke på foredling på garden. 

 

Tverrsnitt av kule
Tverrsnitt av kule

Lagring i kulde ute

Tidlegare var det svært vanleg å lagre rotvekstar ute i såkalla kuler. Det er vorte sjeldnare i vår tid. Fordelen med denne metoden er fyrst og fremst at ein sparar husrom. For den som ynskjer å dyrke rotvekstar til fôr kan det difor vera eit alternativ dersom ein ikkje har tilstrekkeleg lagerplass inne. Det er likevel naudsynt å ha lagerrom inne som tilsvarar nokre vekers forbruk.

Kulene må leggjast på ein tørr plass på åkeren, og for å vera sikker på at det held seg tørt bør ein grava ei lita open grøft rundt kula. Det er tilrådd å leggje røtene i lange, avrunda haugar, 2,5-3 m breie og 1-1,3 m høge. Lengda kan ein ta som det høver. For at andingsvarme og vassdamp skal koma ut, bør det vera to luftekanalar av trebord langsetter haugen, i botnen og på toppen av røtene. Når det er fare for frost om hausten, skal kulene dekkjast med laus halm i eit lag på 30-40 cm. Rett før vinterkulda set inn må det leggjast eit lag med rimeleg lufttett materiale over halmen. Det mest rasjonelle er å dekke halmen med ein plastfolie. Folien har ingen isolerande effekt, men den må vera tjukk nok til å tåle blafring i vinden.

Dersom lagringstilhøva er brukbare, er det normalt med 10-20 % svinn ved lagring i kule. Svinnet kan bli langt større dersom ein ikkje er omhyggeleg nok. Det er viktig å ikkje tette kula for tidleg om hausten slik at den blir for varm, for då aukar lagringstapet. Tap på grunn av frostskade kan ein få dersom dekket er for tynt, og om ein gløymer å tette luftekanalane i kalde periodar. Elles er det gunstig å ha fleire mindre haugar for å kunne køyre inn alt i ein haug samtidig. Kulene bør ikkje opnast når det er under 5 minusgrader - og i alle høve må ein vera særs omhyggeleg med å tette kula dersom ein ikkje tek alt.

Prinsippskisse av jordkjellar
Prinsippskisse av jordkjellar

Jordkjellarar

Det som finst av litteratur om jordkjellarar, gjeld berre storleikar som høver til enkelthushaldningar. Store jordkjellarar til bruk for salsproduksjon er ikkje vanleg her i landet. I eit økologisk perspektiv er jordkjellaren interessant. Vi har ikkje lukkast å finne litteratur om større jordkjellarar til bruk i gardsdrifta. I ein jordkjellar som fungerer slik den skal, vil temperaturen liggje på ca 4 °C og luftråmen på 90-95 %.

Jordkjellaren bør leggjast på ein godt drenert plass med skugge. Det er enklast å leggje den i hallande terreng, då blir det mindre arbeid med påfyllinga av jord. Veggane kan murast av naturstein, leca, lettbetongblokker eller teglstein - oppå ein såle som kan bera veggane. Det er viktig at veggane slepper igjennom råme. På utsida av veggane bør det leggjast drensrøyr -10 cm djupare enn undersida av sålen - for å sikre seg mot at det kjem vatn inn i kjellaren. Golvet skal vera uisolert. Taket må vera vasstett og sterkt nok til å ta presset frå jordmassane over. Med tanke på kondensproblem er det viktig med godt isolert tak. I ein jordkjellar må det vera ventil og avtrekkspipe for å sikre ventilasjon. Luftinntaket til ventilen bør gå i plastrøyr eller liknande under jorda for at det ikkje skal bli for kaldt i kjellaren. Det er også gunstig å lage eit forrom (sluse) til sjølve kjellaren, med isolerte dører. På den måten vil ein unngå store temperatursvingingar inne i kjellaren.

 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no