Drivhus

Veksthus og andre klimafremjande tiltak

Alle planter stiller bestemte krav til klima og vekstvilkår elles. Mange av kulturplantene våre høyrer heime under heilt andre himmelstrøk. Til alle tider har grenser vorte flytta, så også med dyrkingsgrensene.

Med ulike tiltak har ein freista å gjera klimaet betre. Det kan vera planter som treng eit totalt anna klima og må ha skikkeleg veksthus, eller planter som berre treng litt hjelp, til dømes under oppalet dei fyrste vekene om våren. Til dei siste kan det vera nok med enkle tiltak.

Innan miljøet for økologisk landbruk vert det reist ein del motførestellingar mot veksthus og dyrking i veksthus. Dei fleste aksepterer ulike klimatiltak. Det er meir spørsmål om kvar ein skal setja grensene. Kva er eit økologisk veksthus? Kva er økologisk dyrking i regulert klima? Slike spørsmål er ikkje enkle å svara på. Veksthusproduksjon er meir energikrevjande i Noreg enn i sydlegare land. Kor mykje energi vil vera rett å bruka til slike produksjonar? Kan energitypen vera avgjerande? Skal det vera eit krav at forbrukarar skal ha tilgang til økologiske veksthusgrønsaker heile året? Kva er mest økologisk - å dyrka lokalt i veksthus eller dyrka i dei varmaste stroka og frakte rundt etterpå?

Drivbenkar

Ein god benkeplass må vera lun og solrik, serleg er det viktig med godt ly mot kald vind frå nord. Om ein ikkje har naturleg ly, bør det setjast opp eit plankegjerde eller plantast hekk.

Drivbenkar har karmar med lause vindauge over. Karmane vert laga av tre. Lerk eller malmfuru vil halda seg lenge. Impregnerte plankar bør ikkje nyttast. Slike plankar gjev frå seg gift som skadar livet i jorda. Om det skulle verta kaldt om natta, kan benken dekkjast med lemmer, vintermatter, halm e.l. Når temperaturen stig om dagen, må ein vera påpasseleg med å lufta skikkeleg. Har du lange benkar med mange vindauge, må annakvart vindauge opnast på kvar side. Då vil det verta gjennomtrekk - krysslufting.

Kaldbenken får berre varme ovanfrå gjennom solstrålane. Kaldbenkar kan nyttast til å forlenga veksttida, til oppal av planter om våren, og til stikking og overvintring av stauder. Kaldbenkar kan og nyttast til planter som krev høgare sommarvarme enn vi har her, slik som til dømes melonar.

Varmbenken får også varme nedanfrå, frå gjærande gjødsel (gjødselbenkar), elektriske varmekablar, eller vassboren varme.

Solfangar

Solfangar etter bøylemetoden, eller dyrking i grop, er enkle og billige klimatiltak. Det vert først og fremst nytta om våren, til tidlegkulturar. Ved bøylemetoden vert det sett opp bøylar over sengene eller radene som er planta. Deretter vert det lagt ut plast manuelt eller med plastutleggar på traktoren.

Dyrking i grop er ein enklare metode. Her vert plantene planta i ei langsgåande grop, og plasten vert lagt over med plastutleggar. Her vil plantene raskare koma i konflikt med plasten og plasten må difor fjernast tidlegare. Metoden krev ikkje bøylar.

Til solfangarar vert det nytta tynn, klår plastfolie. Temperaturen vert lett for høg på solskinnsdagar, og då er lufting nødvendig. Først vert det opna i endane, seinare skjer ein berre nokre enkle kutt i plasten. Deretter vert desse hola utvida og til slutt vert plasten opna heilt. Termometer utlagt på jorda vil vera god hjelp. Blomkål toler minst varme og må luftast tidlegast. Vert blomkål for varm, vil det berre verta knartar.

Bygningsmateriale

Val av bygningsmaterialer bør skje ut frå prinsippet om at produktet må vera miljøvennleg å framstilla, miljøvennleg for dei som skal bruka det og miljøvennleg å verta kvitt.

Dei fleste veksthus har reisverk av metall, ofte aluminium. Til mindre hageveksthus har det vorte lansert reisverk av sedertre eller teak. Sedertre er særs haldbare, men både teak- og sedertreskogane er trua. Elles vert det lansert dårleg trevirke som er trykkimpregnert, og det høyrer heller ikkje heime i økologisk drift. Trevirke kan vera litt vanskelegare å halda reint, men det finst mykje trevirke som er brukbart. Lerk og malmfuru er gode alternativ, men kanskje kan også osp og andre lauvtre nyttast.

Tekkemateriale

Som tekkemateriale er det nytta plastfolie, enkelt glas, herda glas, dobbelt glas, isolerglas, akrylplatar og polykarbonat. Enkelt glas har stor varmegjennomgang og kan lett gå sund. Herda glas er varmebehandla og er solid. Herda glas kan ikkje skjerast. Tolags-glas og isolerglas reduserer varmetapet utan at det går vesentleg utover lysgjennomgangen.

Akrylplatar (polymetylmetakrylat, forkorta PMMA,) og polykarbonatplatar er plaststoff og vert produserte som kanalplater i ulik breidde og tjukkleik. Dei har god lysgjennomgang og isolerer godt. Polykarbonatplatar er litt bøyeleg. Akrylplatane er stive, har hatt lett for å få småsprekker og er også meir brannfarlege. Tidlegare var det ujamn kvalitet på polykarbonatplatane, men dette skal vera betre no.

Energibruk

Økologisk interesserte menneske freistar å nytta fornybar energi til å produsere mat. Det blir sett opp lågenergiveksthus og veksthus som utnyttar overskotsvarme frå bustadhus, husdyrrom, industribygg, kontor-/forretningsbygg, frå kompostering av matavfall/gjødsel, frå jord eller sjø. For å få det til må det brukast varmepumpe, og ofte i kombinasjon med ulike former for varmemagasin. Frå ein økologisk synstad er dette rett, og mange av dei som driv økologisk landbruk, vil velja løysingar som er meir riktige i eitt økologisk perspektiv.

Dei vanlegaste oppgåvene i veksthus er: oppvarming, lys, lufting, skyming, brusing, kortdagsbehandling og gjødsling/vatning. Alle desse oppgåvene kan skje automatisk - styrt av ein datamaskin. I norske veksthus vert det brukt kunstig lys frå 5 000 til 15 000 lux. Dette krev mykje energi. Alt etter storleik på drifta, økologisk medvit og økonomi, vert det valt ulike grader av automatisering.

Duk eller nett

Det finst fleire variantar av dukar eller nett, men alle er oljeprodukt. Dei vert først og fremst nytta for å stengje ute skadegjerarar som gulrotfluga og kålfluga, men dei har også ein klimaforbetrande effekt. Denne effekten er ikkje så stor som ved bruk av solfangar, men det er litt skilnad på dei ulike typane, sidan dei ikkje er like tette. Duk eller nett kan ikkje konkurrere med solfangar ved tidlegproduksjon. På andre sida slepp dei gjennom både luft og vatn, og anna lufting er ikkje naudsynt. Det er såleis sjeldan fare for overoppheting.

Slike dukar/nett vert omsette i ulike breidder og storleikar. Største breidde er 12 m. Mange hagesenter har kappa dei opp i småbitar som dei sel dyrt. Skal slik duk nyttast profesjonelt, bør det kjøpast inn i større kvanta. Duk/nett er lette og vert lagt rett over plantene. Plantene lyfter duken opp utan å ta skade. Løk har vekstpunktet i toppen og toler det ikkje.

Duk/nett må festast godt langs kantane. Sandsekker er fint å bruka, men stein, stokkar, røyr og liknande er også brukande. Ved sterk vind vil duken kunna slita seg eller rivna. Dei fleste duktypar har lett for gå sund. Det er viktig å fjerna duken når det ikkje er behov for den lenger. Då vil ein unngå mykje ugras som veks inn i duken/nettet. Duken/nettet bør tørkast og lagrast inne. Med fornuftig og forsiktig bruk vil duken kunna vara i fleire år.

 Les mer

Enkle veksthus

Med enkle veksthus meines her hus utan vesentlege tekniske innretningar. Slike hus er oftast dekka av vove plast eller enkelt glas. Vanlegvis vert det dyrka direkte i bakken.Slike hus høver til å utvida vekstsesongen. Dei høver godt til planteoppal og vert ofte nytta til litt varmekjære vekstar etterpå.

Det høver med relativt enkle vatningssystem som overrislingssystem eller manuell vatning. Gjødslinga skjer som regel manuelt. Det vil sjeldan vera rett å satsa på permanent oppvarming og ekstra lys. Derimot er det aktuelt å bruka vifteomnar for å koma over ei frostnatt eller for å heva nattetemperaturen ein periode. Varmbenk inne i slike hus vil gje både varme og karbondioksid til plantene i huset. Luftinga skjer vanlegvis manuelt ved å opna dører eller ved at det vert opna felt på langsidene.

Plasten bør takast ned om hausten før frost og hauststormar set inn. Lysgjennomgangen i plasten vert gradvis dårlegare frå år til år, men om ikkje lyskrava er for store, kan plasten nyttast i mange år. Dyrking tidleg på våren krev god lysgjennomgang. Utpå sommaren vil dårlegare lysgjennomgang hindra overoppheting. Det er difor ikkje naudsynt med skygging på slike hus. Det er viktig å få plasten på tidleg om våren. Det varmar opp jorda.

Avanserte veksthus

Skal det dyrkast i den kalde årstida, må det satsast på godt isolerte hus. Det krevst mykje ekstra lys og varme. Frå eit økologisk synspunkt bør ikkje berre kortsiktig økonomi vera avgjerande for val av energiform, hustype og automatiseringsgrad. Desse husa er kostbare, og veksthusarealet må utnyttast effektivt. Det finst mange system både for innreiing og tekniske løysingar elles, men ikkje alt konvensjonelt utstyr passar for økologisk dyrking. Gjødslingsutstyr, magnetventilar og vatningsdysar har lett for å tetta seg ved bruk av organisk gjødsel.

Det kan vera utfordrande for dei som sit med veksthus som er tilpassa konvensjonell drift, og som ynskjer å driva dette økologisk. Det var situasjonen på Sogn Jord- og Hagebruksskule. I omlegginga av veksthuset ved skulen vart det hausta erfaringar som kan koma andre til nytte.

Mange av dei tradisjonelle veksthusdyrkarane er særs flinke med biologisk plantevern, energiøkonomisering, resirkulering og attvinning av næringsemne. Her er det mykje nyttig kunnskap å henta.

Reinhald – ikkje desinfeksjon

God hygiene er ein av nøklane til å få til friske planter. Under dei optimale vekstvilkåra i veksthuset går alle prosessar raskare. Det er difor viktig med regelmessig kontroll av plantene. Sjuke planter, planterestar og liknande må fjernast frå veksthuset og komposterast skikkeleg. Det er også viktig å halda borte ugras, også rundt veksthuset.

Etter dyrkingssesongen må huset vaskast grundig med heitt grønsåpevatn. Godt trykk og skrubb er nyttig. Utvendig vask er gunstig for å få betre lysgjennomgang i dei mørkare årstidene. Ofte vil det vera rett å byta dyrkingsjord. Damping er effektivt, men det krev energi og drep også nytteorganismane.

Les meir

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no