Melk Foto Al

Mjølkekvalitet

God mjølkekvalitet er ein føresetnad for at forbrukarane skal kjøpe mjølkeprodukta. Moderate kraftfôrmengder og ein stor del trevlerikt fôr held feittprosenten i mjølka oppe. Godt vårbeite med lite trevlar kan gi låg feittprosent. Ein kan då gi tilskot av til dømes grovt høy eller tørrhalm.

Proteinet i mjølka blir danna i hovudsak av aminosyrer som er absorberte i tarmen. Juret må få store nok mengder energi til å utføre samankoplinga av aminosyrene for å produsere normale mengder protein. For å halde proteinprosenten i mjølka oppe er det derfor viktig med tilstrekkelege mengder AAT og karbohydrat som gir energi til juret. Tidleg hausta grovfôr og stor beitedel i årsfôret kan vere med på å auke proteinprosenten i mjølka. Raudkløver ser ut til å senke proteinprosenten i mjølka samanlikna med gras- og kvitkløversurfôr.

Undersøkingar i fleire land viser at økologisk mjølk skil seg frå konvensjonell mjølk ved at mjølkefeittet inneheld meir av omega-3-feittsyrene og feittsyra CLA. Dette er truleg på grunn av større grovfôrdel og beite i fôrrasjonen. Det er også funne eit høgare innhald av betakaroten, vitamin E og A i mjølk frå kyr som beiter.

Stor grovfôrdel og beite i fôrrasjonen gir høgt nivå av omega-3-feittsyrene og feittsyra CLA.

Fôringsforsøk har vist at kvitkløver i grasblandinga gir noko høgare proteininnhald i mjølka enn raudkløver. Derimot gir raudkløver i fôret høgare del fleirumetta feittsyrer og lågare forholdstal mellom feittsyrene omega-6 og omega-3. Dette gir ei meir gunstig samansetjing av feittsyrene med tanke på eventuelle helseeffektar hos dei som drikk mjølka.

Raudkløver i fôret aukar innhaldet av planteøstrogen i kumjølka. Forsking har vist at planteøstrogen kan verke førebyggjande på bryst- og prostatakreft, hjarte- og karsjukdommar, beinskjørheit og plagar i samband med overgangsalder hos kvinner. Det finst mykje kunnskap om innhaldet av planteøstrogen i vegetabil, men lite er kjent om innhaldet i animalske produkt. Det er derfor usikkert om planteøstrogena i mjølka har gunstige helseeffektar. Ein har lenge trudd at planteøstrogena har verka forstyrrande på fruktbarheita til storfe. Raudkløver har høgt innhald samanlikna med andre fôrplanter, og det er raudkløver som derfor har vore rekna som problematisk. Fleire studiar med fôring av rein kløver viser at dette ikkje er tilfellet, verken med raud- eller kvitkløver. Det er derimot funne positiv effekt av raudkløversurfôr jamført med raigrassurfôr på fruktbarheita hos kviger, og planteøstrogen ser ikkje ut til å vere eit stort problem under norske forhold.


Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no