Bergmynte (Oreganum vulgare). Foto: Anita LandBergmynte (Oreganum vulgare). Foto: Anita Land

Norsk økologisk urtefrøproduksjon

Så langt ser det ut som det vil vera mogeleg å få fram frø i Norge av sortar i dei eittårige kryddervekstane sar og dill. For fleirårige kryddervokstrar vil dette også vera mogeleg for kryddersalvie og sitronmelisse. For bergmynte bør vi satsa på den som er tilpassa vårt klima. 

Det er krav om å bruka økologisk frø i økologisk produksjon. Økologisk urtefrø med kjent sortsnavn er det berre få av. Spørsmålet er om vi kan få fram sortar som eignar seg i norsk klima.

”Økologisk frø til urteproduksjon” var eit delprosjekt under ”Nasjonalt pilotprosjekt —økologisk formeiringsmateriale”. Delprosjektet vart utført av Bioforsk Øst Kise (nå NIBIO). Målet med prosjektet var å finna fram til gode sortar for dei vanlegaste artane i urter. Ein skulle dessutan finna ut om sortane ville gi moge frø på friland på stader med ulike klimatilhøve.

Sortar utan navn

Det vart planta fire felt med sju artar: Bergmynte (Oreganum vulgare), kryddertimian (Thymus vulgaris), kryddersalvie (Salvia officinalis),sar (Satureja hortensis),dill (Anetheum graveolens),glattbladpersille (Petroselinum crispum var. neapolitanum), også kalla fransk eller italiensk persille, og sitronmelisse (Melissa officinalis). Av kvar art vart det kjøpt inn frø frå fem ulike frøfirma. Ingen av frøpartia hadde sortsnavn. Dei kan difor brukast til vidare oppformeiring utan krav om eigarrettar. Det vart kjøpt inn så mykje frø at for frøparti som ga gode resultat første året skulle det vera mogeleg å produsera frø av desse seinare år. Overskytande frø vart lagra ved -18 °C for seinare bruk. Forsøksfelta vart plassert i ulike klimasoner, i Hedmark, Vestfold, Nord-Trøndelag. Eit felt vart delt mellom Agder og Sogn og Fjordane.

Observasjonar det første året (2003)

Det første året registrerte vi tørrstoffavling. Vi sende bladprøvar til analyse av eterisk olje. Dette vart gjort ved Plantebiosenteret ved NTNU i Trondheim. Vi testa dessutan sortane for farge, smak og lukt.

  • Bergmynte: Alle rutene hadde blomst og frø på Kise, i Vestfold og i Sogn og Fjordane, men det var ikkje einsarta planter i dei ulike frøpartia.
  • Kryddertimian: Alle rutene hadde blomst og frø på Kise, i Vestfold og i Sogn og Fjordane. Blomstringa på rutene var ujamn.
  • Kryddersalvie: Ingen frøparti blomstra på nokon av stadene.
  • Sar: Alle frøpartia blomstra og sette frø på alle felta.
  • Dill: Alle frøpartia blomstra og sette frø på alle felta.
  • Bladpersille: Som vi venta fekk vi ikkje frø første året på bladpersille som er ein toårig plante. På Kise sette vi planter av bladpersille inn i kjølelager til overvintring for å sjå om ein fekk frø det andre året.
  • Sitronmelisse: Ingen planter blomstra første året med unntak for nokre få planter på Kise.

Vi valde ut to sortar i dei eittårige vokstrane sar og dill som vi arbeidde vidare med.

Andre året (2004)

Både kryddersalvie og sitronmelisse ga modent frø det andre året i Vestfold, Sogn og Fjordane og Hedmark. På Kise vart det hausta frø tre gonger i august. Tilsvarande vart sitronmelisse hausta 11. oktober og 23. november. Dårleg-are spiring med utsett hausting skuldast først og fremst sterkare åtak sopp og andre skadegjerarar.

Av frøpartia vart 20 prøvar testa for sopp. Mange ulike soppar/skadegjerarar vart registrerte. Medan dei opphavelege frøpartia hadde moderate førekomst, hadde sein hausting og dårleg vær før hausting auka mengda av skadegjerarar.

Spireprosenten i sar i 2004 varierte sterkt med dyrkingsstad, sjølv om det også var skilnad på sortane. Dei sørlegaste dyrkingsstadene ga best resultat dette året. Utslaget var endå større for dill.

Tredje år (2005)

Vi hadde ti felt hjå dyrkarar og felt lagt ut gjennom forsøksringane på Østlandet og i Trøndelag. Svært dårleg sommar i Trøndelag førte til dårlege felt, og eit felt vart sådd ut så seint at vekstsesongen vart for kort. Frå prøvefelta vi hadde fekk vi inn seks prøvar hausten 2005. Av desse var det tre prøvar av sar, to av dill, og ein med glattbladpersille. Dette var prøvar med kvalitet som vi fann var brukbar. Desse prøvane vart spiretesta i januar 2006 ved Skogfrøverket i Hamar.

Alle prøvane av sar hadde høg spireprosent, svært godt ut kom frøet frå Brøttum. Dillfrøet frå Brøttum hadde ein del sopp, og kom svært dårleg ut. Dill nr. 5 frå Røyse hadde svært høg spireprosent. Stratifisering av frøet hadde negativ verknad for begge frøpartia i dill. Å stratifisera frø betyr at frøa blir handsama før spiring. Vi la frøa i fuktig papir i plastposar ved 4 °C i 6 dagar. Den same verknaden for stratifisering fekk ein i glattbladpersille med 16 og 6 % spiring.

Konklusjon

  • Etter tre år meinar vi at det er mogeleg å få fram gode sortar i dill og sar på gode dyrkings-stader. Særleg såg vi god spireprosent i dill og sar i 2005.
  • For sitronmelisse og kryddersalvie er det truleg mogeleg å dyrka frø i Norge på andreårs planter. Bruk av enkle plasthus vil truleg vera ein fordel.
  • For kryddertimian må ein satsa på eit betre materiale enn det vi starta med.
  • For bergmynte er det viktig å få fram sortar for norske vilkår. Det vart sommaren 2004 planta ut eit klonfelt med 36 klonar, frå Sør-Norge til og med Nordland, på Bioforsk Øst Kise.
  • For glattbladpersille er det lite realistisk med norsk produksjon på friland. Dyrking i plasthus på klimatisk gode stader vil truleg gjera det mogeleg. Men det frøet vi fekk inn frå eit felt i 2005 ga dårlege resultat for spiring.

     Utarbeidet av Vestfold Bondelag i samarbeid med Bioforsk Øst, Kise. Artikkelen er tidligare publisert i Økologisk Landbruk nr 1-2006

Les mer

Børtnes, G. & R. Mordal 2009. Dill (Anethum graveolens). Resultat frå prøvedyrking i tre år. Bioforsk TEMA nr. 9, 2009

Børtnes, G. & R. Mordal 2009. Glattbladpersille (Petroselinum cripum var. neapolitanum). Prøvedyrking 2006.Bioforsk TEMA nr. 12, 2009

 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no