Lam Foto A Land Img 9453

God dyrevelferd i sauehaldet

God dyrevelferd i økologisk produksjon inneber ikkje berre god helse, men å ta vare på dyra sin eigenart og legge til rette for at dei skal få utfalde seg i samsvar med naturen deira. For å kunne leggje til rette for naturleg åtferd i sauehaldet må ein skaffe seg kunnskap om kva som er normal åtferd for sau som er i sin naturlege biotop.

Ein veit ikkje sikkert kva saueart som er stamforma til tamsauen, men truleg er det den vestasiatiske mufflonen (Ovis orientalis) frå det sørvestlege Asia. Sauene har endra utsjånad og bygning etter kva naturforhold dei etter kvart har blitt flytta til, og etter seleksjonen til menneska. Sauen har stort sett blitt litt mindre og har kortare bein enn den opphavlege villsauen, sidan det etter kvart ikkje er så viktig å springe fort. Sidan åtferd er styrt av mange ulike genar, og derfor er vanskeleg å endre, er i hovudtrekk åtferda til den opphavlege villsauen og dei ulike sauerasane lik.

Ulike raser

Skilnadene vi ser mellom rasane, er først og fremst kor dominerande ei åtferd er, og ikkje om vi finn dei ulike åtferdsmønstra hos dei ulike rasane eller ikkje. Vi ser til dømes at tunge rasar som norsk kvit sau (NKS), dala og steigar flokkar seg mindre enn spælsauen, som er mindre avla for produksjonseigenskapar. At dyra går spreidd i landskapet har vore ein ønskt eigenskap som ein har avla på i delar av sauenæringa, og dermed har ein fått ei mindre dominerande flokkåtferd. Dei eldste sauerasane våre, som spælsau, gammalnorsk sau og grå trøndersau, er minst avla for produksjonseigenskapar, og viser også betre morsåtferd og ein sterkare reaksjon på rovdyr enn dei tunge rasane.

Flokkdyr

Sauen er ute på beite i store delar av året, og somme går ute heile året. Dyra på beite har rikeleg høve til å utføre naturleg åtferd. Sauer er flokkdyr og har eit sterkt flokkinstinkt. Ein sau har ein stor motivasjon til å følgje andre sauer og vil prøve å vende tilbake til flokken om han blir skild frå han. Sauer vil stoppe opp når dei ser andre sauer som går i motsett retning. Ekstra sterkt er bandet mellom søye og lam, noko som er viktig for at dei ikkje skal komme bort frå kvarandre. Den sterke flokkåtferda kan ein bruke for å lette arbeidet med flytting og sanking av sau, og samtidig bør ein ta omsyn til ho for å redusere stress hos dyra. Unge sauer gjer også lettare nye ting dersom dei får følgje eldre, meir erfarne sauer.

Villsauen var avhengig av å kunne tole å springe lange avstandar sjølv om det var svært varmt. Når temperaturen i blodet blir over 41 gradar, kan hjernen bli skadd. Sauen har derfor utvikla ein «radiator» i nasen. Dette er eit slags filter kledd med fuktig slimhinne som er full av fine blodkar. Dette «filteret» avkjøler lufta som passerer, som igjen avkjøler blodet i dei fine blodkara. Eit nettverk av blodkar under hjernen blir deretter avkjølt av det kalde blodet frå «filteret». Får sauen eit bra forsprang, kan han greie å springe frå potensielle fiendar, utan at hjernen blir for varm. Dette er fordi fiendar som ikkje har det same kjølesystemet til hjernen, blir for varme og må stoppe opp.

Det er ingen utprega rangorden i ein saueflokk, men dei største og eldste søyene tek nokre gonger leiarskapen ved fare og stress. Forskjellige dyr kan ta leiinga i ulike situasjonar. I ein saueflokk vil ofte 4–10 hodyr med avkom gå saman. Vêrane lagar eigne undergrupper som blandar seg med søyene i paringstida. Innanfor ei vêrgruppe er det større sosial rangorden, og ein ser gjerne stanging og slåsting.

Lamming

Når søya skal lamme, vil ho under naturlege forhold prøve å finne ein lammingsplass isolert frå resten av flokken. Søya treng frå eit døgn til nokre timar på det. Grunnen blir stampa med føtene like før fødselen kjem i gang. Dersom søya må forlate plassen like før lamming, kan ho bli alvorleg forstyrra. Dyra bør derfor ikkje bli flytta frå lammingsplassen før dei går sjølve. Mor–lam-bindinga blir etablert straks etter fødselen ved at søya luktar på og slikkar lammet. Dei første fire timane etter fødselen er vitale for denne bindinga. Lammet kjenner først mora på lukt og smak, og først etter ca. ei veke har det lært å kjenne ho på utsjånaden.

Viktige sansar

Synet er svært viktig for sauen, og han har eit godt djupnesyn og oppdagar rørsler godt. Sauen syter alltid for å ha augekontakt med minst eitt dyr. Dette for at dei raskt skal kunne flokke seg ved eventuell fare. Til dømes føretrekkjer sauer å gå frå mørke til lyse område. Ein bør derfor unngå store kontrastar og skuggar ved flytting av dyr. Dei vil også gå meir villig mot eit ope område enn ein «blind ende». Om sauen får velje, vil han heller bevege seg på flate område enn oppover, og heller oppover enn nedover. Dette er aktuelt ved til dømes innlasting på bil eller tilhengjar.

Det er viktig å vere roleg ved handteringa. Sauen reagerer negativt på sterke lydar og blir motivert til å springe om han ser andre sauer som spring.

Sauen er god til å kjenne att ulike individ, både andre sauer og menneske. Det er viktig å ha jamleg kontakt med dei slik at menneske og eventuelt hund ikkje blir oppfatta som ein trussel eller fare. Roleg handtering og framferd er viktig. Sauer vil også trekkje bort frå stader som dei oppfattar som farlege. Ved gjenteken flytting eller driving er det derfor ein fordel å ha same mønster frå gong til gong slik at dei blir vane med ruta.

Beiteåtferd

På beite vil sauene lage stigar i forhold til korleis terrenget er. I kuperte terreng vil sauen lage stigar langs åssidene. I bratte bakkar vil dyra beite på veg opp, mens stigane på flat mark vil gå i bølgjer grunna behovet sauene har for å ha oversikt bakover. Dei føretrekkjer å gå i breidda framover når dei beiter. Smale beitestriper er dermed ikkje ideelt for sauen.

Sauene har faste kvile- og beiteområde. I kupert terreng kviler dyra i høgda, og i flatt terreng gjerne rundt tre og buskar. Vi kan ta omsyn til dette ved plassering av saltstein og eventuelle fôringsplassar. Lamma lærer beiteåtferda av morsøyene, og held gjerne fram med å ete dei same plantetypane i vaksen alder. Sauen har kløyvd og lett rørleg overleppe, og smal nase, og er derfor i stand til å beite meir selektivt enn storfe. Sauen et meir urter enn både geit, hest og storfe.

Unormal åtferd

Det er viktig å ta omsyn til saueåtferda både ved planlegging av beitedrift og eventuell fôring og oppstalling innandørs. Dersom sauer ikkje får nok areal og forhold til å utføre naturleg åtferd, er sjuke, stressa eller liknande, kan sauene reagere med unormal åtferd som apati eller manglande interesse for fôr, dei kan bli rastlause, auke respirasjonen, breke mykje osb. Stereotypiar som kan oppstå, er biting på røyr og treverk, og tygging på ull.

Les mer

Abel, L. 2023. Sjukdomsforebygging og parasittbehandling i økologisk drift. nlr.no 14.4.2023

Havn, O. 2024. Fôring av utegangarsau om vinteren. nlr.no, 10.1.2024

Lieber, F, M. Walkenhorst & M. Holinger 2020. The relevance of feed diversity and choice in nutrition of ruminant livestock. Journal of Sustainable Organic Systems 70(1):35-38

Sørheim, K.M. m.fl. 2020. Borkekstrakt som middel mot koksidiose hos lam? NORSØK Rapport nr. 8, 2020

Åkerfeldt, M.P. m.fl. 2020. Health and welfare in organic livestock production systems - a systematic mapping of current knowledge. Organic Agriculture 2020. https://doi.org/10.1007/s13165-020-00334-y

 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no