Fargerikt felleskap med ulike saueraser. Foto: Peggy HaugnesFargerikt felleskap med ulike saueraser. Foto: Peggy Haugnes

Val av sauerase

Det kan vere mange ulike årsaker til kva sauerase ein vel å ha i gardsdrifta, uavhengig av om ein driv økologisk eller ikkje. Døme er tradisjon for ein bestemt rase i området, eller eigenskapar knytte til ein bestemt rase.

Dei ulike rasane har ulike karakteristikkar som kan vere fordelar eller ulemper avhengig av kva ein vil leggje vekt på. Sauerasane i Noreg blir delt inn i korthala og langhala raser. Alle spælsaurasane har kort hale og stammer frå den nordeuropeiske korthalesauen som har vore i Noreg så lenge det har vore sau her. Dei korthala blir også kalla landrasetype og har ull med forholdsvis kort, finfibra botnull og lang, glatt, grovare dekkull.

Dei langhala rasane stammer frå ulike britiske sauerasar som vart importert på 17-, 18- og 1900-talet. Dei blir også kalla crossbredtype pga. crossbredull som er ull med berre middels fin botnull. Nedanfor er nokre av dei norske rasane omtala. For meir informasjon om rasane eller om andre rasar av utanlandsk opphav, sjå Norsk genressurssenter sine sider om småferasar og Norsk sau og geit sin informasjon om saueraser i Noreg.

Gamalnorsk spælsau og moderne spælsau

Spælsau har opphav frå korthalesauene frå innlandet, som fantes i Noreg i bronsealderen. Gamalnorsk spælsau og moderne spælsau har same opphav, men etter ca. 1960 vart det avla for meir kjøttfulle dyr og kvite, kolla dyr, med mindre vekt på ullkvalitet. Gamalnorsk spælsau kan være både kolla og ha horn. Dei skal ha kort hale (spæl) utan ullhår, kronelokk og tydeleg pannelugg, små øyrer og livlige auge. Dei kan ha alle fargevariantar i dyras grunnfarge, og være både korte og kompakte eller lange, høgfota og lågfota. Pelsen skal være lang, med tydeleg skilje mellom ullhår og dekkhår. Spælsauen beiter i større grad saman i større flokkar enn dei andre rasane. Dette kan vere ein fordel ved sanking av sau frå fjell og utmark om hausten. Å beite i store flokkar kan også vere ein fordel i rovdyrutsette område, sidan det er verre for rovdyra å velje bytte når byttedyra går i samla flokk. Dei har gode morseigenskapar, er fruktbare og har mindre variasjon i lammetalet i gjennomsnitt, med ein større del tvillinglam enn hos andre rasar med same lammetal. Kjøttfylden er derimot mindre enn ved langrumpa Norsk kvit sau (NKS).

Gamalnorsk sau

Denne rasen er den som liknar mest på dei aller første sauene som fantes i Noreg i bronsealderen. Den stammer frå korthalesauene som var på kysten. Rasen er liten og lettbeint, og har ein pels med tett fin botnull og grov dekkull med stor variasjon i farge og teikningar. Ulla skal ikkje være lang slik som hos spælsauen. Gamalnorsk sau røyter ulla av seg i motsetnad til andre saueraser som må klippast. Søyene kan være både med og utan horn, men væren har horn. Gamalnorsk sau held ofte saman i familiegrupper og er gode flokkdyr, med alltid ein sau som er på vakt og som kan varsle flokken om fare. Dei passar godt på lamma sine og føder flest enkeltlam. Rasen høyrer heime langs kysten der den beiter kystlynghei. I tillegg til lyng beiter dei urter og lauv, og gjerne tang og tare. Kystklimaet med milde vintrar med relativt lite snø, og kjølige somrar gjer at gamalnorsk sau kan finne mat både sommar og vinter og kan gå ute heile året. Norsk Villsau er varemerket på produkt frå gamalnorsk sau som beiter lynghei og som går ute heile året.

Norsk kvit sau (NKS)

Norsk kvit sau (NKS) er den mest vanlege rasen i Noreg per i dag. NKS er ein crossbred-rase og er eigentleg ein “syntetisk” norsk rase. Rasen er ei kryssing mellom norske og utanlandske crossbredrasar, og er ein relativt ueinsarta rase. Nemninga Norsk Kvit Sau vart innført først i 2000/2001. NKS er ofte tyngre enn spælsauen og dei andre kortrumpa norske rasane. Den er likevel i hovudtrekk meir spedlemma enn den opphavlege dalasauen, og meir rasktvoksande, fruktbar og kjøttfull. Det er Norsk Sau og Geit som driv det organiserte avlsarbeidet for NKS.

Dalasau

Dalasauen, som er den mest utbreidde av dei langrumpa kvite sauene etter Norsk kvit sau, er grovbygd, har god tilvekst og kjøttfulle slakt, og dyra er kjende for å vere rolege og tamme. Vaksne søyer får oftast tvillinglam. Den er avla fram frå ei kryssing av gamalnorsk spælsau og fleire av dei engelske sauerasane som sjeviot, leichester og sutherland. Vaksne søyer veg ofte mellom 80 og 100 kg. Den har brei nakke, store øyre som heng litt, har krittkvitt ansikt og føt, og er jamn over kvit. Det finnes også svart dalasau.

Steigarsau

Steigarsauen er ein langrumpa rase som har namnet sitt frå Steigen i Nordland. Opphavet er ei kryssing mellom i hovudsak sutherland og dei stadegne sauene av rasen gamalnorsk spæl. Seinare vart også leicester kryssa inn. Det er rekna som ein roleg og produktiv rase, med gode morseigenskapar. Den er høg med nette bein, med ei levandevekt for vaksne søyer på rundt 70 -80 kg. Hovudet kan kjennast igjen ved ein lett bøygd naserygg. Den har svarte nasebor og klauvar, og ullfellen skal ikkje ha svarte går.

Norsk pelssau

Dette er ein rase som har opphav via kryssing av svensk Gotlandsfår og den “gråblå” varianten av spælsau, og er avla for god pelsskinnproduksjon. Norsk pelssau er meir høgfota enn spælsauen, og den skal ha meir kjøttfylde. Dei er einsfarga grå med god glans i pelsen og god lokk. Det er ønskeleg med framtredande dekkull.

Rygjasau

Rygjasauen kjem frå Rogaland og er ei blanding av den opphavlege sauen i området kryssa med britiske rasar, og er langrumpa. Den er mindre og mindre grovbygd enn dalasauen, har svart nase og klauvar, blankt og glansfullt hårlag i hovud og på beina, og glansfull og mest margfri ull. Den kan ha svarte flekkar i hårlaget i fjeset og på beina.

Blæset sau

Dette er ein norsk, langrumpa rase, med noko usikkert opphav. Den kan ha oppstått som ei kryssing mellom svart rygjasau og spælsau i Rogaland, eller så stammar den frå zwartblessauen som har opphav i Nederland. Rasen har kvit bles i hovudet, kvite sokkar, og kvit haletipp. Dyra er svarte som lam og ungsau, og blir etter kvart brunare eller gråare som vaksne dyr. Rasen liknar elles rygjasauen i bygning og form. Blæset sau har god fruktbarheit og gode morseigenskapar, og det blir hevda at dei har god resistens mot sjukdomen alveld.

Grå trøndersau

Det er usikkert kva som er opphavet til grå trøndersau, men ein reknar med at rasen er frå kryssing mellom tautersau og gamalnorsk sau. Rasen var rekna som utdøydd inntil 1992. Grå trøndersau har vore avla for svært finfibra grå ull. Rasen skal være svart på buk, bein og hovud, med stålgrå ull på ryggen og sidene. Dei skal ha ein kvit flekk under kvart auge, ha halvlang hale og ull av crossbred type som er meir finfibra enn ulla til norsk kvit sau.

Les meir:

Ebbesvik, M. m.fl. 2012. Økologisk sauehald - kort innføring. Bioforsk Fokus nr. 7, 2012

Rahmann, G. 2006. Do endangered sheep breeds have an advantage in organic farming?

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no