Foto: Anita LandFoto: Anita Land

Økologisk sauehald

Utmarksbeite er grunnlaget for mykje av kjøttproduksjonen på sau og lam i Noreg. Målet i ei økologisk driftsform er at sauehaldet skal klare seg mest mogleg med garden sine eigne, lokale og fornybare ressursar.

Beite og konservert grovfôr dyrka etter økologiske retningsliner er dei viktigaste fôrmidlane. Kunstgjødsel og kjemiske sprøytemidlar vert ikkje brukt, og god dyrevelferd og vekt på førebyggjande helsearbeid er vesentleg. Reglane for økologisk produksjon vert revidert med jamne mellomrom og du finn dei på www.mattilsynet.no under økologisk landbruk eller på www.debio.no.

Val av driftsopplegg

Kva driftsopplegg ein vel avheng av fleire faktorar, mange av desse er knytt til garden og garden sine ressursar uavhengig av om ein driv økologisk eller konvensjonelt:

  • Tilgang på grovfôr
  • Tilgang på beite – både areal og kvalitet
  • Tilgang på eigenproduserte og konsentrerte fôrmidlar
  • Bygningar og investeringsbehov
  • Klimatiske tilhøve, jordsmonn og arrondering
  • Arbeidskraft, arbeidstoppar og fagleg interesse

Kva mål ein har med sauehaldet er avgjerande for driftsopplegget. Skal ein produsere mest mogleg kjøtt, eller er det landskapspleie som er hovudmålet? Vel ein å ha ein kjøttfull rase eller ein meir lettbeint rase? Kan jorda drivast intensivt, eller er det eit meir ekstensivt jordbruk som høver best?

Når ein vel å drive økologisk og kuttar ut kunstgjødsel går avlingane oftast ned. Det er difor ein fordel å ha rikeleg med grovfôrareal, eller kunne  ta i bruk meir areal dersom ein ønskjer å oppretthalde samme avlingsmengde. Ei viss mengde innkjøpt økologisk kraftfôr kan nyttast. Økologisk kraftfôr kostar 1- 2 kr meir per kg enn konvensjonelt kraftfôr. Det er difor ein fordel med innmarks- og utmarksbeite av god kvalitet og høve til å dyrke og hauste godt grovfôr for å redusere behovet for kraftfôr. Dersom ein ynskjer å bruke lite kraftfôr, kan eit alternativ også vera og ikkje para lamma. Para lam har større behov for energi og protein i innefôringsperioden, både vinteren før første lamming og påfølgjande vinter. Å tilpasse lammingstidspunktet slik at søya og lamma kjem raskt ut på beite, gjer at behovet for kraftfôr i perioden rundt lamming vert mindre.

Gjødsel

Ei av dei største utfordringane ved økologisk saueproduksjon er å ha nok plantenæring, særleg til langvarig eng og beite. Sauene er ofte i utmark, skog eller på fjellet store delar av beitesesongen. Samanlikna med andre husdyrproduksjonar gir sauer lite husdyrgjødsel per dekar på arealet som vert bruka til fôrproduksjon. Difor er det viktig å utnytte tilgjengeleg gjødsel best mogleg og leggje til rette for at avlingsnedgangen etter omlegging vert minst mogleg. 

Rase og avl

Det kan vere mange ulike årsaker til kva sauerase ein vel å ha i gardsdrifta, uavhengig av om ein driv økologisk eller ikkje.

Dei ulike rasane har ulike karakteristikkar som kan vere fordelar eller ulemper avhengig av kva ein vil leggje vekt på. Sauerasane i Noreg blir delt inn i korthala og langhala rasar. Alle spælsaurasane har kort hale og stammar frå den nordeuropeiske korthalesauen, som har vore i Noreg så lenge det har vore sau her. Dei korthala har ull med forholdsvis kort, finfibra botnull og lang, glatt, grovare dekkull.

Dei langhala rasane stammar frå ulike britiske sauerasar som vart importert på 17-, 18- og 1900 talet. Dei blir også kalla crossbredtype på grunn av crossbredull som er ull med berre middels fin botnull. 
Det viktigaste er å tilpasse dyretalet til ressursgrunnlaget på garden uavhengig av rasen. Når ein tek ut søyelam til påsett, må ein ha klart for seg kva eigenskapar ein vil leggje mest vekt på. I tabell en er det lista opp eigenskapar som bør få stor vekt i avlen, med ei kort grunngjeving.

Viktige avlsmål for økologisk sauehald.

Eigenskapar

Grunngjeving

Søyer som mjølkar godt og har gode moreigenskapar

 Vitale lam som blir flinke til å beite

 God grovfôrutnytting

 Ynskjeleg med lågt forbruk av kraftfôr

Ikkje for store dyr

Mindre vedlikehaldsfôr

Friske og sterkbygde dyr

Sterke mot sjukdom og tar seg godt fram i ulendt terreng

God jur- og speneform

Lamma må lett finne spenane, sidt jur uheldig i utmark

 Lite lammingsvanskar

Spare dyra for lidingar, unngå tap

God tilvekstevne

Slaktemodne rett frå fjellet, sparer heimebeite

Søyer med tvillingar

Eitt lam gir liten netto, tre lam krev sterkare fôring med kraftfôr

 God evne til å motstå parasittangrep (informasjon manglar om dette per i dag)

Spare dyra for lidingar, unngå tap, auka tilvekst, mindre parasittbehandling

 God slaktekvalitet

 God lønnsemd

 

Slaktekvalitet

EUROP-systemet, som vert brukt ved klassifisering av slakt, verdsett slaktet etter mengde kjøtt, feitt og bein i slakteskrotten.

Klassifiseringa skal gi grunnlag for oppgjer til bonden og verdsetting vidare utover i verdikjeda. Klassifiseringa vert gjort på bakgrunn av tre kriterium; kategori og klasse, som er eit uttrykk for kjøttfylde, og feittgrad. Kategoriane som slakta vert delt inn etter er (per 01.02.12); lam, ung sau, sau og vær. Fastsetting av klasse og feittklasse vert gjort på grunnlag av slakteskrottens form (konvekse eller konkave linjer) og i kva grad skrotten er dekka av feitt. Klassen er eit uttrykk for muskelfylde. Fleire opplysningar om klassifiseringssystemet er å finne på www.animalia.no.

Slaktemogne lam

Slaktemogning er nær knytt til feittavleiring. Når veksten i musklar avtek og avleiringa av underhudsfeitt aukar, er dyret slaktemogent. Vektgrensa for når eit lam er slaktemogent, blir bestemt av kjønn, rase og tilvekst. Tilveksten tidleg i livet er spesielt viktig.

  • Enkeltlam er slaktemogne ved ei høgare vekt (0,6 – 0,8 kg) enn tvilling-lam. Tvilling-lam er slaktemogne ved ei høgare vekt (0,4 – 0,6 kg) enn trillinglam.
  • Lam av tunge rasar er slaktemogne ved ei høgare vekt enn lam av lette raser. NKS lamma er slaktemogne ved omlag 1 kg høgare slaktevekt enn spællamma.
  • Verlamma er slaktemogne ved ei høgare vekt (omlag1,5 kg) enn søyelam.
  • Generelt kan ein ha ei høgare vektgrense ved plukkslakting tidleg i slaktesesongen fordi lam som er tunge direkte frå utmark har hatt høg tilvekst. Desse er difor slaktemogne ved ei høgare vekt (ca 1,4 kg) enn lam som har hatt lågare tilvekst.

Under maksimale tilhøve kan lam frå rasen NKS vekse 550 til 650 gram i levandevekt per døgn. Dersom lamma veks over 550 gram per døgn kan dei allereie vere overfeite etter 1,5 månad og ha ei slaktevekt på 14 til 15 kg. Søyelam kan ved høg tilvekst oppnå gode slakteklassar på låge slaktevekter, men med fare for at dei blir overfeite.

Det ser ut til at ein vårtilvekst på mellom 350 og 400 gram er bra for lamma. Dei vil då utvikle ein god kjøttfylde med lite feitt. Veks eit verlam 300 gram i snitt per døgn vil det ta 5 månader før det er slaktemogne på 50 kg levande vekt. Eit søyelam med samme tilvekst vil bli slaktemogent på 45 kg levande vekt på 4,5 månader. Lamma er i utgangspunkt slaktemogne ved ei slaktevekt på mellom 17 og 23 kg og er i feitgruppe 2 til 3-.

For NKS vil normal slakteprosent på dei gode lamma vere 40 - 42 %. Den er høgast for dei beste lamma, og vert fort redusert på dyr i dårleg hald.

For spælsau er slakteprosenten på dei gode lamma omkring 38 - 40 %. Texelsøyelam kan vere slaktemogne heilt ned i 38 kg levande vekt, og ha ein slakteprosent opp mot 50 %.

For gammalnorsk sau er slaktevektene til lamma lågare og ein kan rekne slakteprosent mellom 37 og 42 prosent av levandevekta hos lam. Tynne lam på 23 kg levandevekt eller lågare bør få ein vinter til før dei vert slakta. Lamma er slaktemogne ved ei levandevekt omkring 25-28 kg.

Vektgrensa for når eit lam er slaktemogent, blir bestemt av kjønn, rase og tilvekst. Tilveksten tidleg i livet er spesielt viktig. Alder verkar negativt inn på slakteprosenten og etter kvart som dyra vert eldre ut over hausten vil difor slakteprosenten på samanliknbare vekter gå noko ned. Holdvurdering er eit godt supplement til vekt spesielt når ein plukkslaktar.

Det er mogleg å bestille ultralydmåling av kjøtt og feitt på livdyr mellom anna frå Nortura si rettleiingsteneste for småfe. Ultralydmål av høgda på muskelen og feittlaget på ryggen gjev eit godt bilete av slaktekvalitetseigenskapane til eit lam.

Les meir

Abel, L. 2023. Sjukdomsforebygging og parasittbehandling i økologisk drift. nlr.no 14.4.2023

Ebbesvik, M. m.fl. 2012. Økologisk sauehald - kort innføring. Bioforsk Fokus nr. 7, 2012

Grøtta, M. 2023. Vårbeite til sau - hva gjør du for å lykkes? nordvest.nlr.no, 9.5.2023

Lind, L.J. 2022. Slik kan bonden vurdere beitekvaliteten i egen utmark. NIBIO.no 8.10.2022

Smedsland, G. 2021. Gode resultater uten bruk av kraftfôr. NLR Agder

Bernes, G. 2023. Utfordring av får i ekologisk produktion. Jordbruksverket. Jordbruksinformation 10-2023.

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no