Lamming Setefodsel Anita Land 7275

Innefôring, lamming og kjeing

Sau og geit har normalt ein lang beiteperiode, og god evne til å nyttiggjere utmarksbeite med både lyng, kratt, skog og gras. Her er det derfor fôringa i innefôringsperioden og tidspunkt for kjeing og lamming som påverkar bruken av innkjøpt fôr.

Dyrking og fôring med grovfôr av god kvalitet er viktig. Tek ein prøvar av fôret og får sjekka næringsstatusen, har ein eit betre utgangspunkt for å styre fôringa. Mellom anna har det vist seg å vere ei utfordring for mange saueprodusentar å få høgt nok proteininnhald i grovfôret på økologiske bruk, noko som gir negativ proteinbalanse i vomma (PBV).

Alternative energikjelder

Raps, fôrreddik, grønfôrnepe, raigras og liknande er gode vekstar som tilskot til tynne lam og søyer, og er gode erstatningar for kraftfôr. Overskot og biprodukt frå økologisk potet- og grønsakdyrking kan med fordel nyttast til sauefôr, særleg før og under paring. Ein tilrår betydelege mengder kraftfôr etter lamming. Godt beitegras kan ikkje erstattast av kraftfôr, og ein tilrår derfor å tilpasse lamminga etter utsleppstidspunktet. Det beste fôret etter lamming er godt beitegras. Det er ein fordel å ha kraftfôr i reserve i tilfelle våren kjem seint, for å unngå ein knekk i tilveksten hos lamma.

Paring av årslam

Paring kan vere energikrevjande for årslam. Det krev godt haustbeite (hå og raps) og store lam i godt hold. Lam som skal parast, bør ved haustveginga vere 38–40 kg for rasen spæl og for norsk kvit sau (NKS) vere 45 kg. Eit argument mot lammeparing i økologisk sauehald er at para lam har større behov for energi og protein i innefôringsperioden, både vinteren før første lamming og vinteren etter, som i stor grad må tilførast i form av kraftfôr. Ein kan også rekne med at åringane får tvillinglam sidan fruktbarheita hos spæl og NKS er høg. Tvillinglam under åringar må følgjast opp, sidan mødrene har noko lågare mjølkeproduksjon enn eldre søyer. Det er fort at desse då blir kopplam.

Fôring av kopplam

Fôrrasjonen dei første vekene skal i økologisk produksjon vere naturleg mjølk frå same dyreslag. Det er viktig at kopplamma også får råmjølk, anten via morsmjølk, andre søyer eller frå ku eller geit. Det er sjeldan ein har mjølk til å fôre opp kopplamma med økologisk fôr, og det mest vanlege er oppfôring på syrna mjølkeblanding (kalvegodt). Lamma må då kunne identifiserast, og seljast som ikkje-økologiske lam. For å unngå å få kopplam kan ein prøve å setje aktuelle lam under søyer som berre har eitt lam.

Geita er drøvtyggjar

Frå gammalt av var geita eit fattigmannsdyr som var alternativet om ein ikkje hadde råd til mjølkeku. Geita var nøysam, og fann seg mat i dei karrigaste og brattaste liene. I dag har krav til mjølkeyting og mjølkekvalitet ført til at stor kraftfôrprosent og forholdsvis intensiv produksjon er det mest vanlege. Ved økologisk produksjon bør ein prøve å tilpasse driftsopplegget slik at ein unngår dei store toppane med kraftfôr, men i staden utnytte geita som drøvtyggjar og den gode evna ho har til å utnytte ulike planter i utmarka. Dette kan ein delvis gjere ved å velje kjeingstid nær beiteslepp slik at ein utnyttar vårbeite av god kvalitet når geitene er i topplaktasjon. Ein får då utnytta fleire av ressursane på garden eller i lokalområdet, samtidig som ein reduserer behovet for innkjøp av fôr. I tillegg er det ein fordel med moderat yting og avflata mjølkekurve.

Les meir:

Ebbesvik, M. m.fl. 2012. Økologisk sauehald - kort innføring. Bioforsk FOKUS nr 7, 2012

 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no