Foto: Steffen Adler, NIBIOFoto: Steffen Adler, NIBIO

Tilskot av mineral

I økologisk produksjon ønskjer vi at drøvtyggjarane skal ha eit høgt grovfôropptak for å dekkje energibehovet. Det er fleire mineral som er viktige for grovfôropptak og utnyttinga av fôret; svovel, fosfor, magnesium, natrium, kobolt og selen. Mineral har også ein direkte effekt på dyrehelsa og fruktbarheita.

I økologiske driftsopplegg bruker ein ikkje lettløyseleg kunstgjødsel. Kunstgjødsla inneheld fleire mineral i tillegg til nitrogen, fosfor og kalium. Men samtidig kan til dømes redusert kalium- og nitrogentilførsel på økologiske gardar bidra til auka opptak av andre mineral både hos planter og dyr. Økologisk eng inneheld ofte mykje kløver og urter, som er mineralrike vekstar.

Variasjon i innhald av mineral i grovfôr

Resultat frå undersøking av mineralinnhaldet i økologisk dyrka grovfôr viste stor variasjon i mineralinnhald mellom ulike gardar, først og fremst avhengig av innhald av urter og kløver i enga. For alle minerala unnateke klor var det høgare innhald i andreslåtten enn i førsteslåtten. I forhold til normene for behovet til dyra inneheldt enga for lite av makrominerala fosfor, natrium og svovel og mikrominerala kopar, kobolt og selen, mens tilførselen av magnesium stort sett var tilfredsstillande.

Eit tiltak for å auke mineral- og vitamininnhaldet i enga er å auke kløverdelen om denne er låg. Ein kan også slå tidlegare og hauste fôret på måtar som tek godt vare på E-vitaminet. Generelt tek surfôr betre vare på E-vitaminet enn høy. Det er eit tett samspel mellom selen og E-vitamin i dyrekroppen. På grunn av dei svært låge nivåa av fleire mineral er det likevel vanskeleg å sikre mineralforsyninga til dyra utan direkte tilskot av einskilde mineral via kraftfôr eller mineraltilskot. Ved bruk av heimeavla korn og kross, eller kraftfôrnivå mindre enn 3–4 kg kraftfôr/ku per dag og 3–4 hg kraftfôr/sau per dag, tilrår ein å gi ekstra mineraltilskot.

Dei vanlege mineralblandingane og kraftfôrblandingane er ikkje tilsette svovel. Tangmjøl er ei mineralkjelde rik på svovel. Tangmjøl inneheld derimot lite selen. Ei løysing er derfor å kombinere tilskot av ei økologisk godkjend standard mineralnæring med tilskot av tangmjøl. For ikkje å gi for mykje mineral totalt må ein då redusere tilrådd mengd av både mineraltilskotet og tangmjølet.

Ein tilrår saltslikkestein både ute på beite og inne. Har ein problem med dårleg fôropptak, dårleg fôrutnytting eller at dyra generelt er utrivelege, kan mineralanalysar vere eit nyttig hjelpemiddel for å finne årsaka.

Les mer

Kristoffersen, A. 2017. Svovel. Nibio.no, 23.10.2017

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no