Naturleg mjølkefôring - kalv og diing
Diing er ein naturleg måte å tildele mjølk på. Kalvane får då mange måltid i løpet av døgnet, noko som er bra for næringsomsetjinga. Dei brukar lengre tid på å suge i seg mjølka enn med bytte og smokk, og får dermed tilfredsstilt sugetrongen.
Det kan sjå ut til at kalvar som har dia, blir meir robuste kviger som tilpassar seg lettare i ei gruppe seinare i livet. Det er også vist at tilveksten til kalvar aukar ved diing samanlikna med byttefôring, og særleg ved diing over lengre tid. Det er fleire positive helsegevinstar for kalven knytte til å gå saman med morkua, samtidig som ein skal vere forsiktig med diing dersom ein har ein smittsam sjukdom eller bakterieinfeksjon i besetninga. For kua vil diing kunne gi auka total mjølkeproduksjon og betre jurhelse. Fri tilgang til mjølk til kalvar har vore assosiert med lågt opptak av grovfôr og kraftfôr, og dermed dårlegare utvikling av vomma. Det ser derimot ikkje ut til at diing gir dårlegare utvikling av vomma til kalven.
Det er ein del utfordringar ved å praktisere diing, men mange av utfordringane kan ein møte ved praktisk tilrettelegging. Den største utfordringa ser ut til å vere stress ved fråskiljinga av ku og kalv. Det er derfor viktig at det blir jobba for å få til gode metodar for å redusere stressnivået til både ku og kalv.
Vurdering av dieregelen
Ei vurdering av regelen om diing i tre dagar, på oppdrag frå Regelverksutvalet for økologisk produksjon, konkluderte med å anbefale vidareføring av kravet om diing. Anbefalinga var gjort ut frå vurdering av fordelar og ulemper med regelen om tre dagars diing og at det pågår eit forskningsprosjekt finansiert av MATFONDAVTALEN som skal sjå på helseeffektar og dyrevelferd knyta til diing, og praktiske løysingar for å redusere stress ved fråskiljing ku-kalv. Det vart også anbefalt å vurdere krav om ekstra tilførsel av råmjølk rett etter fødsel i tillegg til diing, for å sikre at kalven får tatt opp nok av dei viktige immunstoffa som særleg er i den første råmjølka.
Ei utredning gjennomført av KRAV i Sverige, “Separation ko & kalv samt mjölkutfodring av kalvar”, poengterer at både ku og kalv opplever det som stressande å bli separert etter å ha gått saman i 3 – 4 dagar, samtidig som det er helsefordelar for både ku og kalv å gå saman. Ein må derfor vege stress- og helsefaktorar mot kvarandre ved vurderinga om når det er best å separere dei. Ein måte kan være å la ku og kalv ha kontinuerlig samvær det første døgnet, for deretter å la ku og kalv ha kontakt i berre korte periodar for å la kalven die i resten av råmjølksperioden.
Les mer
Henriksen, B.I.F. 2010. Vurdering av regel om diing i tre dagar. Bioforsk Økologisk
Ellingsen, K. m.fl. 2015. Kalvestell blant produsenter av økologisk melk i Norge og Sverige. Resultater fra en spørreundersøkelse. Veterinærinstituttets rapportserie, Rapport 16-2015.
Johnsen, J.F. m.fl. 2015. The effect of physical contact between dairy cows and calves during separation on their post-separation behavioural response. Applied Animal Behaviour Science. Vol 166, s. 11-19
Johnsen, J.F. m.fl. 2015. The effect of nursing on the cow-calf bond. Applied Animal Behaviour Science. Vol 163, s. 50-57
Se også:
Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no