Gris Ute Fot Aland

Grovfôr til gris og fjørfe

Dei fleste husdyra, både drøvtyggjarar og einmaga dyr, har behov for grovfôr. Dette er fordi til dømes det å beite gras er naturleg for dei, samtidig som grovfôr gir sysselsetjing og god mage- og tarmfunksjon. Bruk av grovfôr av god kvalitet kan også redusere behovet for innkjøp av kraftfôr eller anna tilskotsfôr.

Gris

Griser skal ha tilgang til grovfôr, både i konvensjonell og økologisk produksjon. I fri tilstand bruker villsvinet store delar av dagen på å leite etter føde. Når vi fôrar drektige purker med berre kraftfôr, vil dei ete opp fôret i løpet av svært kort tid. Grovfôr er derfor viktig for at dyra skal føle seg mette, noko som også gir meir rolege dyr. Tildeling av grovfôr aukar magevolumet hos purkene, og gir grunnlag for høgare fôropptak i dieperioden. Grovfôret fremjar også generelt ein god mage- og tarmfunksjon. Det er viktig at grovfôret er av god kvalitet. Muggent fôr kan føre til kasting.

Fjørfe

Både slaktekylling og høner i eggproduksjon skal ha tilgang til uteareal som i hovudsak er dekt med vegetasjon. Høna er altetande. Den naturlege føda er frø, knoppar, grøne plantedelar, insekt og andre småkryp. Frittgåande høner rører seg meir enn burhøner og treng ca. 5 % meir fôr. Ein må også rekne med større fôrforbruk ved utegang sidan fôrforbruket aukar ved lågare temperaturar.

Høner liker best grov struktur på fôret, og vaksne dyr kan få heile korn. Då må dei i tillegg få smågrus til muskelmagen for å kunne melte fôret. Når hønene går ute, ordnar dei dette sjølve. Korn utgjer hovuddelen av fôret, resten er proteinfôr, mineral og vitamin. Beite, høy og silo gir hønene sysselsetjing i tillegg til fin farge på eggeplomma. Grønkål, kålrot og andre rotvekstar er veleigna vinterstid. Hønene får sysselsetjing og vitamin. Høna er eit einmaga dyr som i prinsippet konkurrerer med mennesket om råvarer med høg proteinkvalitet. Innanfor økologisk landbruk burde oppgåva til høna først og fremst vere å foredle ulike typar av lokalt tilgjengeleg avfall som ikkje er godt nok til menneskemat.

Kalkunar kan nytte seg godt av grasdekt uteareal, dei beiter av graset og søkjer etter insekt å ete. Frittgåande kalkunar kan sjølve finne ein god del av den næringa dei treng. Når dei er ute og et grønt, får dei vitaminbehovet sitt dekt på ein naturleg måte. Kalkunane skal ha grovfôr kvar dag, sjølv om det ikkje treng å utgjere ein stor del av fôrrasjonen. Ein kan gi grønfôr frå andre veka. Kalkunar liker spesielt godt løvetann, nesle og fint gras. Silo kan også brukast, men må vere godt hakka. Om vinteren et kalkunane gjerne kokt potet, kålrot eller gulrøter.

Dei fleste av kalkunane i dag er tilpassa eit stabilt og reint innemiljø, og er vane med i hovudsak å ete kraftfôr. Grovfôr kan derfor ikkje utgjere nokon stor del av fôret, sidan det er relativt tungt fordøyeleg.

Les mer

Frimann, J. 2023. Ley crop silage in diets to fattening pigs: How does it affect pig performance, nitrogen utilization, health and behaviour? Dr. Thesis, SLU, Acta Universitatis Agriculturar Sueciae, nr: 2023:30

 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no