Foto: Steffen AdlerFoto: Steffen Adler

Sau og lam: Fôring og beiting

Beite og innhausta grovfôr er dei viktigaste fôrressursane i saueproduksjon. I økologisk drift er det svært viktig å fokusere på fôrkvalitet. Tilgjengeleg grovfôr må disponerast slik at det beste fôret blir bruka til dyr som har størst behov. Det er viktig å ha oversikt over totalt fôrbehov og kor mykje ein kan dyrke sjølv.

Ulike fôrmidlar

Økologiforskrifta sine krav til fôring av sau

Nokre av reglane som gjeld fôring oppført i regelverksveiledaren per mai 2020 er:

  • Fôret skal vera 100 % økologisk. Det vil seie at fôrvarer som ikkje finst økologisk (til dømes mask, drank og potetrasp) ikkje kan brukast. Heller ikkje luta eller ammoniakkbehandla halm er godkjend. Det er utarbeida eigne reglar for bruk av karensfôr (fôr frå areal som er under omlegging frå konvensjonell til økologisk dyrking).
  • Minst 60 % av fôret skal koma frå eigen gard eller frå gardar i samme region.
  • Grovfôret (gras, høy, surfôr, rotvekstar, frukt- og grønnsaksrestar eller lauv) skal utgjere minst 60 % av tørrstoffet i dagsrasjonen.
  • Fôringa skal baserast på størst mogleg bruk av beite, i den grad beite er tilgjengelege til ulike tider av året.
  • Lam skal fôrast med naturleg mjølk frå sau dei første 45 dagane.
  • I sauehaldet kan det brukast konvensjonell mjølkeerstatning, produsert av naturleg mjølk, fordi det ikkje finst gode økologiske alternativ på marknaden. Lam som vert fôra med konvensjonell mjølk eller mjølkeerstatning, vil ikkje lenger vera økologiske, men vil likevel vera ein del av eit økologisk driftsopplegg. Desse dyra må stellast og fôrast i samsvar med økologiforskrifta, med unntak av mjølkefôringa. For produsenten betyr dette ekstra krav til dokumentasjon. Lamma må omsetjast som konvensjonelle dersom ikkje karenstida på 6 månader er gjennomført.

Tabellen under syner korleis ein kan klassifisere grovfôret etter næringsinnhald. I økologisk eng der ein tek to slåttar er både energi- og proteininnhaldet oftast høgare i fôr frå andreslått enn førsteslått. Dersom ein har eit hausteregime med tre slåttar vert energi- og proteininnhaldet høgare også i førsteslått, men totalavlinga kan bli lågare. Kløver i grasblandinga aukar både avlinga og proteininnhaldet. AAT-innhaldet i grovfôr er oftast mellom 70 og 80 g per kg tørrstoff. Dyra sitt grovfôropptak aukar med aukande energiinnhald og minkande trevleinnhald i grovfôret. God gjæringskvalitet på surfôret er med og sikrar høgt grovfôropptak.

Klassifisering av grovfôret i ulike kvalitetar etter innhald av energi (FEm), protein (g PBV) og trevlar (g nøytralt løyseleg fiber=NDF) per kg tørrstoff (TS).

Klassifisering av kvalitet

Fôrslag

Svært låg

Låg

Middels

Høg

Svært høg

FEm

Gras og surfôr

0,77 – 0,82

0,83 – 0,88

0,89 – 0,94

>0,94

Høy

0,69 – 0,74

0,75 – 0,80

0,81 – 0,86

>0,86

PBV

Gras og surfôr

-30 – 0

1 – 30

31 – 60

>60

Høy

-50 – -21

-20 – 10

11 – 40

>40

NDF

Gras og surfôr

>630

590 – 630

540 – 580

490 – 530

Høy

>650

610 – 650

560 – 600

510 – 550

I praksis viser det seg at graset på mange økologiske sauebruk har negativ PBV, og dette gir problem med lavt proteininnhald i grovfôret. Det er då viktig å syte for nok protein frå andre fôrmidlar. 

I tillegg til grovfôret er det behov for energirike fôrvekstar som for eksempel bygg, havre, potet eller rotvekstar.

Dyrking av eige korn til kraftfôr vil kunne redusere kraftfôrkostnadene. Dyrking av eige kraftfôr passer inn i den økologiske tankegangen om mest mogleg ressursar frå eigen gard, og det fører til mindre import av kraftfôr frå andre delar av verda. Krossensilering av korn kan gjere eigen produksjon av kraftfôr mogleg i marginale område for korndyrking.

Fråsorterte grønsaker er godt fôr. Dersom det er mykje jord blanda saman med poteter eller rotvekstar aukar faren for oppblomstring av Listeria-bakterien som fører til listeriose hos sau.

Aktuelle proteinfôrmidlar er erter, ryps/raps-frø eller belgvekstar som hestebønner (bondebønner) og lupinar. Dersom ein ikkje dyrkar konsentrerte fôrmidlar sjølv, finst det økologiske kraftfôrblandingar med ulikt innhald av energi og protein å få kjøpt. Tabellen under viser døme på næringsinnhald i nokre vanleg brukte fôrmidlar. Tabellen er rettleiande.  Innhald av råprotein og PBV vil variere mykje etter dyrkingsforhold som temperatur, nedbør og nitrogengjødsling. Verdien av dei ulike fôrmidlane vil også variere med fôrmengde og rasjonssamansetning. 

Fôrslag

FEm/

kg TS

Råprotein

%

AAT

g/kg TS

PBV

g/kg TS

NDF

g/kg TS

Bygg

1,16

11

106

-56

198

Havre

1,09

11

74

-18

300

Erter

1,18

24

112

48

102

Dyrka beite forsommar

1,04

19

107

12

505

Potet

1,13

9

103

-98

73

* Data henta frå: Institutt for husdyr og akvakulturvitenskap, Universitetet for Miljø og Biovitenskap og Mattilsynet, 2009. Fôrmiddeltabell 2008.

Fôringa skal gi dyra nok energi, protein, mineralar og vitaminar. I tillegg skal fôret vera av god hygienisk kvalitet. Eit viktig hjelpemiddel er analysar av fôret. Som minimum bør grovfôret verta analysert for innhald av energi og protein og dei konsentrerte fôrmidlane for innhald av protein.

Vinterfôring av søyer

Grunnlaget for rett innefôring er at saueflokken er rett gruppert. Dei ulike søyegruppene har ulikt fôrbehov, ulik kapasitet til å ta opp fôr og ulik ete-fart. Yngre søyer kan bli taparar i konkurransen om fôret dersom dei må gå saman med eldre søyer.

Søyene må minimum bli delt etter alder i tre grupper: Åringar, to-åringar og vaksne søyer. Vaksne søyer i dårleg hold bør få eigen binge eller gå saman med to-åringane. Ideelt sett bør søyene også bli gruppert etter tal foster. Dette kan fastsetjast ved ultralydundersøking av søyene.

Vedlikehald

Eit godt utgangspunkt for å berekne næringsbehov til vedlikehald kan vere å bruke gjennomsnittsvekt i besetninga. I den samanhengen er det viktig å vurdere holdet på dyra. Meir om korleis ein gjer holdvurdering kan ein lesa på: www.animalia.no eller http://medlem.nortura.no/smaafe/. Vedlikehaldsbehovet inkluderer også behov knytt til ullproduksjon. Normer for vedlikehaldsbehovet er vist i tabellen nedanfor.

Rettleiande normer for dagleg behov for FEm, g AAT og g PBV til vedlikehald og ullproduksjon hos søyer1) ved ulike levandevekter.

Vekt i kg

FEm

AAT, g

PBV, g (nedre grense)

35

0,45

40

-15

40

50

0,52

0,62

42

50

-15

-15

60

0,71

57

-20

70

0,80

64

-20

80

0,88

71

-20

90

0,96

77

-30

100

1,04

83

-30

1)Berekn 10 % høgare vedlikehaldsbehov for vêrar ved samme vekt.

Fôring av lam

Lamma hentar mesteparten av fôret sitt gjennom mjølk frå mora og beite frå innmark og utmark.

Ved fødselen har lammet relativt stor løypemage og lita vom. Lammet treng difor tid til å utvikla vomma og den mikrobielle fordøyelsen. I starten er lammet heilt avhengig av å få høgverdige næringsemne som morsmjølk eller mjølkeerstatning for å få nok næring. Dersom lam i økologiske saueflokkar får mjølkeerstatning, blir lammet konvensjonelt. Lammet må få råmjølk så snart som mogleg og seinast fire  til fem timar etter fødselen på grunn av at råmjølka inneheld immunstoff som lammet er avhengig av. Evna til å ta opp immunstoff frå råmjølka avtek raskt etter fødselen.

Utviklinga av drøvtyggjarmagen skjer gradvis og blir påverka av kva fôr ein gjev lammet. Tidleg tilgang på kraftfôr eller ungt beitegras gjer at vomgjæringa kjem i gang. Dersom eit lam berre får tilgang til mjølk eller mjølkeerstatning, vil utviklinga av vomma bli hemma. Ved å stimulere til ei tidleg utvikling av vomma, kan lammet utvikle seg til å bli ein drøvtyggar alt ved tre til fire vekers alder. Vomma vil vera fullt utvikla etter om lag åtte veker.

Den første brunsten hos lamma er avhengig av rase, alder og vekt. Til dømes vert spælsau kjønnsmoden ved lågare vekt enn NKS. For å kunne pare lamma må dei vere i godt hold. Lam som skal parast, bør fôrast slik at vekta ved paring er minst 60 % og etter lamming minst 70 % av vaksen vekt. Dette betyr fôring minst 50 % over vedlikehaldsbehovet frå innsett til ein månad før paring og til etter lamming. Ungsøyer bør fôrast 20 – 30 % over vedlikehaldsbehovet frå dei er 1½ år og fram til siste månad av fostertida.

Lam av rasen spæl, som skal parast, bør ved haustveginga vere 38 – 40 kg. For lam av NKS bør denne vekta vere 45 kg. Lamma må ikkje ha stoppa opp i vekst når dei kjem frå sommarbeitet. Påsettlamma skal deretter gå på middels godt beite fram til innsett. Eit NKS-lam bør ha dagleg tilvekst på 200 gram frå haustveging og fram til innsett. Livlamma bør settast inn omlag ein månad før planlagt paring og få godt grovfôr, gjerne eitt måltid silo og eitt måltid høy per dag. Det er viktig at lamma i tida før og rett etter innsett ikkje har stagnasjon i tilveksten. I økologisk drift må ein ha grovfôr av svært god kvalitet til påsettlamma før paring, så ein ikkje kjem i konflikt med regelen om minst 60 % grovfôrtørrstoff per dyr og dag. Ein kan og vurdere å ikkje para lamma. I eit økologisk driftsopplegg kan det vere ønskeleg å redusere behovet for innkjøpt kraftfôr. Å utsetja lamminga vil sannsynlegvis ha positiv effekt på søyas  levetid.

Kva gjer ein med kopplam?

I følgje Regelverket for økologisk produksjon (pkt. 3.6. i veilederen) skal «pattedyr fra fødselen fôres med naturlig mjølk, helst morsmjølk, i en minimumsperiode på 45 dager for sau og geit». Eventuelle kopplam oppfôra på konvensjonelt fôr som kalvegodt, må difor kunne identifiserast, og vert seld som ikkje-økologiske lam. For å unngå å få kopplam, kan ein prøve å sette aktuelle lam under søyer som berre har eitt lam. Svake lam kan med fordel få litt kraftfôr. Hugs råmjølk også til kopplamma!

Behov for mineraler og vitaminar

Forsøk har vist at det ofte er mangel på ei rekkje makro- og mikromineralar i økologisk dyrka gras på sauegarder. Ein del av behovet vil kunne bli dekka via kraftfôret dersom det er tilsett vitaminar og mineralar.

Behovet for mineralar og vitaminar er størst sist i fostertida og dei første vekene etter lamming.  Fôring basert på grovfôr eller grovfôr og heimeavla konsentrerte fôrmidlar som korn, potet og rotvekstar kan særleg gi behov for ekstra tilskot av mineralar.

Sau som får lite eller ikkje noko kraftfôr skal ha mineraltilskot, 30 – 50 g per sau dagleg avhengig av type mineraltilskot. Kva mineralblandingar som kan brukast i økologisk drift finn ein under driftsmiddelregisteret på Debio.no.

Sau er utsett for kopparforgifting, dei har mykje meir effektivt opptak av koppar (Cu) enn andre drøvtyggarar. I område med kopparrikt jordsmonn, må det nyttast mineraltilskot utan eller med lågt innhald av koppar.

Sau skal ha tilgang på saltslikkestein, og i dei fleste områda bør ein bruke saltslikkestein utan koppar (kvit stein).

Vatn

Vassbehovet til søyene aukar utover i drektigheitstida, særleg dersom grovfôret inneheld lite vatn. Sauer i alle aldrar skal ha fri tilgang på vatn av god kvalitet.

Proteinfôr til sau og lam

Fins det alternativer til bruk av importert soya som råstoff i kraftfôr til sau og lam? Dette spørsmålet var utgangspunkt for et litteraturstudium utført ved Sveriges Lantbruksuniversitet.

Aktuelle alternativer til soya, som kan dyrkes i Sverige, kan være erter, åkerbønne, lupin, vikker, linfrø, rapsprodukter og drank. Litteraturen som er gjennomgått i prosjektet er for det meste ikke svensk, da få svenske studier av kraftfôr til sau er utført. I tillegg inngår data fra forfatternes egne fôringsforsøk, med blant annet erter og rapskake. Rapporten er inndelt etter de ulike alternativene, og det er beregnet maksimal anbefalt mengde ut fra tall i litteraturen. Næringsinnholdet for de ulike produktene er dessuten oppgitt i en tabell, og flere eksempler på fôrplaner er også tatt med.

Bernes, G. & K. Martinsson: Lämpliga proteinfodermedel för svensk lammproduktion – en litteraturöversikt, Institutionen för norrländsk jordbruksvetenskap, Sveriges Lantbruksuniversitet, 28 s.

Rapporten kan lastes ned fra: http://ekolantbruk.se/pdf/58174.pdf

Grovfôropptak

Tidleg hausting, god gjæringskvalitet, kutting og høg tørrstoffprosent i surfôret vil verke positivt på fôropptaket til sauen.

Variert fôring med f.eks. både høy og surfôr er positivt. Ein bør vege grovfôret av og til for å få eit bilete på kor mykje fôr sauen et. Søyer med lam og lam på sluttfôring er dei som produserer mest i forhold til kapasiteten til å ta opp fôr.

Grovfôropptaket vert styrt av ulike faktorar:

  • Avdrått. Ei produktiv søye som mjølkar tar opp meir grovfôr enn ei søye tidleg i fostertida fordi fôrbehovet er større og svoltsignala sterkare hjå søya som produserer mjølk.
  • Fysisk fylling i vom. Dette er styrt av kor fort fôret blir brote ned, og kor fort den delen av fôret som ikkje blir melta og soge opp i vomma, kan passere vidare til tarmen.
  • Grovfôrkvalitet. Det er ein positiv samanheng mellom næringsverdien i grovfôret og fôropptaket til søya. Næringsrikt fôr er lettmelteleg og blir raskt brote ned i vomma. Den fysiske fôropptaksreguleringa blir difor ikkje så avgrensande for grovfôropptaket. Det næringsrike grovfôret er som regel hausta tidleg og har lågt innhald av fiber (NDF). Tidleg hausta grovfôr vil difor i tillegg til å vera næringsrikt, også stimulere til eit høgt grovfôropptak.
  • Andelen kraftfôr. Jo høgare næringsverdien er i grovfôret, jo meir vil grovfôropptaket bli redusert av å gje kraftfôr i tillegg.

Søyer i drektigheitsperioden har kapasitet til å ta opp det doble av vedlikehaldsbehovet sitt dersom grovfôret har høg næringsverdi og blir gjeve etter appetitt. Overskotsenergien blir avleira som feitt på søya. Dersom søya er i dårleg hold ved innsett, er det gunstig med ei viss feittavleiring i lågdrektigheitstida, men direkte feite søyer ved lamming er ingen fordel fordi dette reduserer fôropptaket.

Fiberinnhaldet (NDF) i den totale rasjonen er viktig for at drøvtygginga og vomma skal fungere optimalt, for gjødselkonsistensen og bingehygienen. Fiberinnhaldet i samla fôrrasjon av grovfôr og kraftfôr bør minimum vera 30 % av tørrstoffet. Med tidleg hausta grovfôr kan ein nærme seg denne grensa. Det ideelle grovfôret i lammings-perioden bør ha 0,9 FEm/kg TS og omlag 500 g NDF/kg TS.

Tabellen under gir oversikt over sannsynleg grovfôropptak for ulike grupper av dyr ved ulik grovfôrkvalitet før og etter lamming. Tabellen er rettleiande.

Sannsynleg grovfôropptak hos NKS i FEm per dag før og etter lamming ved ulik grovfôrkvalitet.

Haustetid

Gruppe sau

1-2 veker før skyting

Full skyting

Blomstring

Før lamming:

1-åringar

0,8

0,6

0,4

2-åringar

1,2

0,7

0,5

Vaksne

1,3

1,0

0,6

Etter lamming:

1-åringar

1,8

1,2

0,6

2-åringar

2,2

1,5

0,8

Vaksne

2,2

1,5

0,8

Spælsau vil ha noko lågare opptak enn NKS. Ved hjelp av denne tabellen kan ein rekne ut kor mykje kraftfôr ein må gi til sauene i ulike periodar.

Eit døme:

  • Tilgjengeleg surfôr er hausta ved full skyting og har middels kvalitet.
  • Ei vaksen søye kan ta opp 1,0 FEm surfôr/dag.
  • Søya treng å gå opp i hold, totalt fôrbehov er 1,3 FEm/dag.
  • Kraftfôrbehovet vert 0,3 FEm/dag.

Det er tilrådd å gi sauene surfôr av god kvalitet før lamming og slepping på vårbeite for å unngå brått fôrskifte og fordøyingsproblem. Dersom ein ynskjer at ei vaksen tvilling-søye skal ha 300 g tilvekst på lamma sine og grovfôret er hausta ved skyting, kan ein rekne seg fram til kraftfôret slik:

Produksjon                   Behov i FEm

Vedlikehald:                 0,9

Mjølkeproduksjon:        1,8

Sum fôrbehov:             2,7

Energikjelde                 Tilførsel i FEm

Holdmobilisering           0,4

Grovfôropptak               1,5

Sum tilførsel:              1,9

Kraftfôrbehov:            0,8

Overgangsfôring etter lamming

Å omstille søya frå ein grovfôrbasert fôrrasjon i byrjinga av fosterperioden til ein rasjon med mykje kraftfôr etter lamming er ein stor overgang for søya. Vommikrobane treng 7-10 dagar for å tilpasse seg store endringar i fôringa. Kraftfôr- og grovfôrslaga ein skal bruke etter lamming bør derfor brukast dei siste to vekene før lamming, og ein må unngå fôrskifte i samband med lamming.

I økologisk drift er det eit mål å ha lammingstidspunktet så nær beiteslepp som mogleg. Uansett driftsform bør ikkje søyene stå inne for lenge etter lamming fordi det kan føre til problem med jurhelse og anna sjukdom. I samband med beiteslepp bør ein også prøve å få til overgangsfôring ved å gje tilgang på grovfôr (surfôr eller høy) på vårbeitet og trappe gradvis ned på kraftfôrrasjonen den første veka etter beiteslepp. Dette er lettast å få til dersom ein gjennomfører puljevis beiteslepp på vårbeite og ikkje gjev tilgang på alt beite med ein gong. Ein må passe på at det ikkje blir varmgang og mugg i surfôr som står ute.

Maksimal mengde potet i rasjonen er 1 – 2 kg/dag, og krossa korn rundt 2 kg/dag ved to utfôringar.

Ein bør prøve å hauste ein del fôr tidleg, ved begynnande skyting, slik at ein kan bruke dette næringsrike fôrret (høgenergi-fôr) i dei siste åtte vekene før lamming og etter lamming. Dersom ein har innsett midt i oktober, lamming frå starten av mai og beiteslepp i siste halvdel av mai, bør om lag 40 % av innhausta grovfôr vera høgenergi-fôr. Ein reknar då med at høgenergi-fôret vert bruka frå ca 1.april til beiteslepp.

Dersom ein har rikeleg med grovfôrareal og ynskjer å prioritera grovfôrkvalitet, bør ein også bruke tidleg hausta grovfôr med god kvalitet  frå innsett til paringa er unnagjort. Då slepp ein å bruke kraftfôr i samband med paringa. Med slik drift bør om lag 80 % av innhausta grovfôr vera høgenergi-fôr.

 

Beiteplanlegging

På økologiske bruk kan veksten på graset koma noko seinare i gang om våren enn på konvensjonelle bruk. Dette fordi det er mindre lettløyselig nitrogen tilgjengelig til plantene tidleg på våren. Difor bør ein berekne noko større beiteareal ved økologisk drift.

Nok beite vår og haust bør vera høgast prioritert på ein sauegard fordi det er då ein har flest dyr med høg næringstrong, og beite er oftast det beste og billegaste grovfôret.

Lengda av beiteperioden vil variere frå bruk til bruk, avhengig av klima, lammingstidspunkt, tilgang på innmarksbeite/kulturbeite og vekststart på utmarksbeite.

Vårbeite

Godt vårbeite er spesielt viktig for tilveksten på lamma, då det er i denne perioden grunnlaget for god kjøttutvikling på lamma blir lagt. Søyer med lam bør ut på beite så raskt som mogleg og innan to til tre veker etter lamming. Vårbeite skal vera i god vekst når sauen blir sleppt ut, det vil seie at beitegraset er frå 5-7 cm høgt. Ei NKS-søye med to lam vil eta omtrent tre kg tørrstoff på beite. For å dekke dette fôrkravet, bør ein i økologisk drift ha 0,9-1,3 daa vårbeite per søye med to lam som skal beite i to veker. Beitetrykket bør vera slik at graset på vårbeitet held seg på 5-7 cm gjennom vårbeiteperioden. Ein bør vurdere å bruke fulldyrka eng til vårbeite sjølv om det kan redusere grovfôrproduksjonen til vinterfôr. Har ein kulturbeite til disposisjon, er dette eit godt alternativ. Ein treng då 25 % meir areal per søye med lam samanlikna med fulldyrka eng.

Sommarbeite

Produksjonen på eit heimebeite om sommaren vil variere mykje. Ved eit dagleg tørrstoffbehov på 3-3,5 kg TS per søye med lam, vil arealkravet i økologisk drift vera 1,0–1,3 daa per søye med lam. For å sikre størst overlevingsevne for lamma og best mogleg utnytting av beitet, bør lamma vere minst ein månad gamle og vege 13–14 kg før dei vert sleppte på utmarksbeite.

Haustbeite

Om hausten er tilveksten på beitet lågare og meltegraden av beitegrøda er også lågare enn om våren.

Planlegginga av haustbeite til søyer og lam er viktig. Lam som ikkje er slaktemogne direkte frå utmarksbeite, bør ha tilgang på godt håbeite, gjerne raps eller raigras. Dersom ein let søyer og lam beite noko av enga om våren, kan ein jordarbeide etterpå og så raps eller raigras. Såtidspunktet er avhengig av sanketidspunkt og veksttilhøve. Raigras og fôrraps passer godt til beiting høvesvis omlag 50, og 60 – 80 døgn etter såing. Er søyene i dårleg hold når dei kjem frå sommarbeite, og lamma har hatt for liten tilvekst år etter år, må ein enten skifte beite eller redusere sauetalet. Det er nødvendig med store areal med haustbeite av god kvalitet for å få dyra i normalt hold til paring.

Kor lang tid det bør gå frå siste grasavling er hausta til sauen kan beite gjenveksten, kjem an på kva grasartar det er i enga og veksttilhøva om hausten. For raigras er det som regel nok med tre til fire veker gjenveksttid, medan ei vanleg graseng kanskje treng seks veker.

Ved sluttfôring av lam på haustbeite er arealbehovet per lam avhengig av kor mykje gras det er på arealet i utgangspunktet. På eit haustbeite med omlag 10 cm langt gras og 0,4 daa per lam har ein hausbeite i ein månad. Har ein sådd raigras, vil grastilveksten halde seg mykje lenger utover hausten enn ved bruk av andre grasslag.

Kulturbeite kan og nyttas til haustbeite, men dei bør pussast i løpet av sommaren slik at dei ikkje gror igjen til haustbeitinga. Best utnytting av kulturbeite får ein dersom andre dyreslag kan beite det om sommaren. 

For å kartleggje gode og svake sider med beiteoppleggjet sitt, bør ein følgje med vekta på lamma. Ein bør vege ei gruppe av flokken ved lamming, ved beiteslepp om våren, ved slepp på utmarksbeite og om hausten.

Sambeiting

Sambeiting med sau og for eksempel storfe gjev betre unytting av beita og høgare tilvekst på dyra fordi dei ulike dyreartane likar ulike beiteplanter, og det blir såleis også mindre vraking av planter på beitet.

Ei form for sambeiting er beiting vår og haust med sau og med storfe i sommarmånadene. Dersom beitearealet kan haustast maskinelt, vil ein få det beste resultatet ved å bytte på å bruke areala til innhausta grovfôr eit år og sambeiting mellom ulike dyreslag det neste året.

Tilleggsfôring på beite

Det bør vera eit mål at dei fleste NKS-lamma oppnår ein tilvekst på minst 300 g/dag frå fødsel til slepping i utmark. Undersøkingar viser at 100 g betre vårtilvekst per dag gjev om lag fire kg høgare haustvekt. Det er ei utfordring å få ei søye med trillingar til å ta opp nok beite så ho greier å produsere denne tilveksten på lamma. Det kan difor vere aktuelt å tilleggsfôre trillinglam med kraftfôr på vårbeite. Dette kan ein gjere ved å venne lamma på kraftfôr alt i lammegøymet inne eller kraftfôrautomat på eit areal der berre lamma får tilgang.

På lam av gammalnorsk sau er det høveleg med ein vårtilvekst på om lag 150-200 g/dag.

Ein periode før avvenning har lamma behov for betre beite enn søyene. I staden for å gje lamma støttefôring med kraftfôr, kan lamma få tilgang på neste beiteskifte gjennom ei grind som berre lamma kjem igjennom. Når lamma har teke det beste beitegraset, kan søyene koma etter og pusse beitet. Lamma blir utsett for mindre parasittsmitte med eit slikt beitesystem.

Blir grashøgda på store delar av beitet under fem cm, bør ein vurdere tilleggsfôring. Dette gjeld særleg til mjølkande søyer om våren og sluttfôring av lam om hausten.

Det er best dersom sauene kan ha tilgang til utmarksareal med variert vegetasjon i tillegg til innmarksbeitet. Sauer har behov for visse mineral og strukturfôr som dei finn ved å beita på buskar, tre og urter, og i tillegg finna skugge og ly.

Utegang

Dyr som går ute heile året er ein viktig del av kulturlandskapsstellet. I mange høve er det også dyrevelferdsmessig best at dyra får gå ute, men drifta må vera forsvarleg og innanfor rammene som regelverket set.

Det er to typer utegang:

  • Dei som ikkje har tilgang til opphaldsrom i det heile tatt, til dømes gammalnorsk sau som lever på ein holme heile året.
  • Dei som har tilgang på eit leskur med tre vegger og tak.

Det første alternativet krev særskilt godkjenning av Mattilsynet etter forskrift om unntak frå plikta til å sørgje for opphaldsrom for dyr, sjå «Forskrift om velferd for småfe» http://www.lovdata.no.

Dei klimatiske og geografiske tilhøva i området må ikkje utsette dyra for å bli påført unødig liding, og dyra må ha tilstrekkeleg ly mot vêr og vind.

Minimumskrava til utegange med leskur, er at leskuret har tre tette vegger og tak. Liggjeplassen skal vera drenert og dekka med halm eller liknande materiale som held liggjeplassen tørr. Liggjeplassen skal vera stor nok til at alle dyra kan liggje samtidig. Fôringsplassen skal sikra hygienisk fôring, og den skal ha tak dersom fôret vert liggjande ute over eit døgn. Fôringsplassen skal haldast fri for gjødsel. Det skal vera eit trekkfritt rom tilgjengeleg ved behov for oppstalling av sjuke eller skadde dyr. Leskuret må ikkje liggje for langt frå eteplassen. I kuldeperiodar, når dyra treng å eta store delar av døgnet, vil dei helst ikkje gå langt unna fôringsplassen.

Dyreeigar har ansvar for at dyra til ei kvar tid får dekka næringsbehovet sitt. Dersom beitetilgangen vert for liten, må det gjevast tilleggsfôr. Tilleggsfôr må også gjevast i periodar med ugunstige tilhøve som snø, is og liknande. Dyra skal ha tilgang til ferskvatn av akseptabel kvalitet til drikkevatn. Sjøvatn er ikkje drikkevatn. Dyra skal heller ikkje vera tvunge til å eta snø for å dekka behovet for vatn.

Les meir

Bernes, G. 2023. Utfordring av får i ekologisk produktion. Jordbruksverket. Jordbruksinformation 10-2023

Ebbesvik, M. m.fl. 2012. Økologisk sauehald - kort innføring. Bioforsk FOKUS nr. 7, 2012

Grøtta, M. 2023. Vårbeite til sau - hva gjør du for å lykkes? nordvest.nlr.no, 9.5.2023

Havn, O. 2024. Fôring av utegangarsau om vinteren. nlr.no, 10.1.2024

 

Smedsland, G. 2021. Gode resultater uten bruk av kraftfôr. NLR Agder

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no