Img 0720 Eple

Plantevern i økologisk frukt og bær

Dette er ei bok om norsk økologisk frukt- og bærdyrking med vekt på plantevern og plantehelse. Både førebyggande og direkte tiltak mot ei rekkje sjukdommar og skadegjerarar vert omtala. Ugras er og teke med.

Hovudprinsippet i økologisk plantevern er å førebyggje skade, og for mange skadegjerarar i frukt og bær er dette oftast tilstrekkeleg. Men for nokre skadegjerarar vil det vere vanskeleg å halde skaden på eit akseptabelt nivå utan effektive direktetiltak. Boka går grundig inn på alle dei vanlege frukt- og bærtypane me har. Ho kan og brukast som eit oppslagsverk om ein har konkrete spørsmål eller utfordringar. Livsløpet til mange av skadegjerarane er godt forklart og illustrert, noko som kan gjera det enklare å skjøne kvifor og korleis ulike tiltak alltid verkar eller bare verkar under bestemte høve. Mange flotte bilete og illustrasjonar er eit stort pluss.

Dette er ei bok for økologisk interesserte, men også andre kan få gode råd frå denne boka.

Røen, D. m.fl. 2008. Plantevern og plantehelse i økologisk landbruk. Bind 4 - Frukt og bær. Bioforsk FOKUS nr. 7, 2008

Les mer

Hansen, J. 2020. Skurvbekjempelse i økologisk epledyrkingNLR Vest SA

Kienzle, J. m.fl. 2020. Plant health care in organic farming. The role of natural substances in a biodiversity-based system approach.  IFOAM Organics Europa

Rein, A. 1996. Skader på epler før høsting. Enkel bestemmelsesnøkkel for kontroll av økonomiske skadeterskler, prognoser og varsler. Agro inform AS

Plantevern Og Plantehelse I Okologisk Landbruk Frukt Og Baer Bild 4

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no