Foto: Anita LandFoto: Anita Land

Etablering av eng

Enga kan kallast motoren i eit økologisk vekstskifte. Når ein dyrkar eng dannar det seg verdifull humus som stimulerer jordlivet. Enga har dessutan nitrogenfikserande vekstar som kjem seinare kulturar til gode. Ei god eng har òg positiv påverknad på ugrassituasjonen fordi mange ugras vert utkonkurrerte av engvekstane.

Hovudproduktet frå ei eng er sjølvsagt graset, som anten blir beita direkte eller hausta for ensilering til surfôr eller tørka til høy. Samansetnad av plantar i enga og val av dyrke- og haustemetodar avgjer kva avling ein kan hauste. Kvaliteten på økologisk eng er ikkje dårlegare enn i konvensjonell dyrking, men det er vanleg å rekne mellom 10 og 20 % avlingsreduksjon i økologisk drift. Reduksjonen er avhengig av jordtype og tilgang på husdyrgjødsel. For å få ei godt etablert og produktiv eng er det viktig å gjere godt jordarbeid i forkant.

Jordarbeiding

God jordstruktur er viktig for å lykkast i økologisk landbruk. Grunnlaget for jordstrukturen er størrelsen på og stabiliteten av aggregatane i jorda. Målet er å ha ei lett smuldrande jord, med passande blanding av aggregatar som lar vatn og luft bevege seg fritt i jorda.

For å etablere ei god eng, må grunnlaget leggast i god jordarbeiding. Formålet med jordarbeidinga er å få eit såbed som gir gode spire- og veksevilkår for kulturplantane. Rask og jamn etablering gjer at kulturplantane greier seg betre i konkurransen mot ugraset. Vidare har jordarbeidinga direkte verknad på ugraset når arbeidet blir gjort riktig.

Trong til fornying

Jordarbeiding kjem ofte som eit resultat av låge avlingar. Det kan vere fleire årsaker til låge avlingar i eng. Om kløveren har gått ut, vil forsyninga av nitrogen fort bli for lita til å gi stor avling. Da kan isåing eller oversåing av kløver vere eit alternativ til pløying i ung eng.

På pakka jord er plogen ein nødvendig reiskap ved fornying. Vassjuk jord må grøftas, elles hjelper det lite å fornye enga. Ein bør òg fornye om det er mykje ugras som blir vraka av dyra (sølvbunke, høymole, tistel).

Med eng av ulik alder på garden kan ein lettare tilpasse drifta ved at den eldste enga blir hardast beita og den yngste behandla meir skånsamt. Slik utnyttar ein betre avlingspotensialet i enga, og dei sådde artane vert meir haldbare.

Vårpløying eller haustpløying

På erosjonsutsett jord og i nedbørrike strøk er vårpløying best, men då jorda tørkar fort ut etter vårpløying, må ein ikkje utsetje resten av jordarbeidinga for lenge. Haustpløying gir også godt resultat der forholda ligg til rette for det. Då startar omdanninga av forkulturen allereie om hausten, og mineralisering av næringsstoff kjem tidlegare i gang komande vår. Likeins kan
gjødslings- og såarbeid starte tidlegare.

Tromling etter såing

Grasfrøet er smått, og om såbedet er for laust, kjem frøet lett for djupt, og spiringa blir dårleg. På laus jord bør ein derfor tromle før såing av grasfrø, eventuelt etter såing av dekkvekst. Tromling etter såing kan òg vere nødvendig for å sikre betre kontakt mellom jord og frø og gi ei jamnare overflate. Som regel bør ein ha eitt eller to år med åker før ein legg att til eng på ny. Då får ein omsett det meste av torva, og ein kan få bukt med rotugraset.

Eng som forkultur

På bruk med mykje åker er det fornuftig å la enga gå inn i eit fast vekstskifte for å sikre gode forkulturar til åkervekstane. Enga bygger opp humus, og med engbelgvekstar som kløver og luserne kan ho samle mykje nitrogen.

Varighet på enga

Liggjetida på enga kan variere frå to til seks år, alt etter storleiken på åkerarealet, kvaliteten på enga og kor godt kløveren etablerer seg og held. Det er også aktuelt å ha eit fast vekstskifte på areal som høver godt til åkerbruk, og ha meir langvarig eng på resten. På bruk med lite åker ønskjer mange å ha enga liggjande lenge for å spare utgifter til fornying og unngå avlingstap i attleggsåret. Då er kvaliteten, og ikkje alderen, på enga avgjerande for om ho bør fornyast eller ikkje. Avlingsnivået ligg normalt høgare i første- og andreårsenga enn seinare, og meiravlinga her må dekkje ekstrakostnaden med fornying.

 

Såing

Ved attlegg med dekkvekst er det viktig å så tidleg, så snart jorda er lagleg på våren. Dette gir større avling, sikrare spiring og betre tid til utvikling av attlegget på hausten. Ved attlegg utan dekkvekst står ein friare med omsyn til såtid. Ein kan få godt resultat ved sommar- og tidleg haustsåing.

Problem med frøugras er mindre ved sommar- enn ved vårsåing. Etableringa av kløver blir dårlegare og meir usikker med såing mot hausten. For å sikre godt tilslag bør ikkje kløver såast seinare enn først i august i Sør- Noreg, og endå tidlegare nordpå og i fjellbygdene.

Sein haustsåing, slik at graset ikkje spirer før neste vår, er aktuelt i innlandsstrøk. Kløverfrø må då såast inn neste vår.

Radsåing og breisåing

Aktuelle såmåtar er radsåing og breisåing. Ved radsåing får frøet jamn nedmolding og gode spirevilkår. Metoden er spesielt nyttig under tørre forhold. Ved breisåing blir frøet spreidd på overflata og må moldast ned med ei lett ugrasharv eller liknande. Nedmoldinga gjer at noko frø kjem for djupt, mens noko frø blir liggjande på overflata. Såmengda bør derfor aukast ved
breisåing i høve til radsåing.

Grasfrøet er smått og må såast grunt. Spiringa er best ved 0,5-1,5 cm sådjupn og blir gradvis dårlegare ved djupare såing. Frø som ligg på overflata, kan også spire bra, men spirene er utsette for uttørking. Stort frø som bladfaks og engsvingel toler noko djupare såing enn smått frø.

Ved attlegg med dekkvekst bør det såast i to omgangar. Då sår ein kornet eller grønfôret først, tromlar om nødvendig og sår grasfrøet etterpå. Såing av grasfrøet saman med dekkveksten er eit vanskeleg kompromiss der anten dekkveksten blir sådd for grunt eller grasfrøet for djupt. Tromling etter såing jamnar overflata og gir betre jordkontakt for frøet.

Val av artar og sortar, engfrøblandingar

Frøblandinga må være tilpassa jord og klima i distriktet. Frøfirmaene har sett saman frøblandingar for ulike distrikt, og desse gir eit godt utgangspunkt også for økologisk dyrking.

Vag av grasartar i frøblandinga skiljer seg lite frå konvensjonell drift, men belgvekstane er viktigare i økologisk drift. 15-20 % kløver av ein total såmengde på 2,5-3,5 kg/daa er som regel nok. For mykje belgvekstar kan auke faren for trommesyke og fruktbarhetforstyrrelser hjå dyra, og det kan gi problem med konserveringa av fôret. I ståande eng bør ikkje kløverandelen være høgare enn 40 %. Hvis kløvermengda er lågare enn 10 %, blir totalavlinga mindre. En plass mellom 20 og 40 % kløver vil være passeleg. Av belgvekstane er det raudkløver som er mest brukt. Kvitkløver er best tilpassa beiting, men bør være med i små mengder også i slåtteblandingar for å gi bunndekke mot ugras og kløver i avlinga hvis raudkløveren går ut. Alsikekløver kan være betre tilpassa enn raudkløver til kystklima med låg temperatur og sur jord. Luserne krev kalkrik, djup jord, og trivs best ved varme, tørre forhold.

Døme på blandingar og såmengde

Surfôr/høy:

Natura - surfôr pluss     2,5-3,5 kg /daa
Surfôr - beite               3,0-4,0 kg/daa      

Grønforblandinger:

Natura - grønfôr           20 kg/daa
Spire -  raigras               4 kg/daa

Dekkvekst

Dekkvekst ved attlegg av eng har til formål å gi større avling i såingsåret og betre kontroll med ugraset. Men dekkveksten vil også konkurrere med engvekstane om lys, vatn og næring.

Korn som dekkvekst

På flatbygdene, og i distrikt med korndyrking, er attlegg i korndekkvekst å føretrekkje. Her vil avlingstapet i attleggsåret vere lite, og engvekstane vil normalt etablere seg godt og gi god avling engåra.

For å etablere seg godt før vinteren og gi full avling året etter treng engvekstane ein periode med gode veksevilkår etter tresking. Bygg er mest brukt til dekkvekst. I distrikt med lang nok veksetid kan havre og vårkveite også brukast. Legde kan gi store skadar på attlegget, og det er derfor viktig å bruke stråstive sortar. Såmengda av kornet bør også reduserast med 10-20 %.

I distrikt utan korndyrking bruker ein gjerne anten korngrønfôr til dekkvekst eller attlegg utan dekkvekst. Attlegg utan dekkvekst er mykje brukt ved konvensjonell drift. Metoden kan gi bra resultat også ved økologisk drift, men risikoen for problem med frøugras aukar. Spesielt kan vassarve og linbendel bli plagsame.

Ei tidleg avpussing med høg stubb med forhaustar eller slåmaskin kan dempe høgvaksne ugras som meldestokk og då-artar.

Grønfôr som dekkvekst

Dyrking av attlegg med grønfôrdekkvekst er i stor grad som for attlegg i korn til modning. Ved bruk av bygg eller havre bør såmengda reduserast til 5-10 kg korn per dekar. Erter og vikker kan også brukast saman med kornet i moderate mengder (3-4 kg per dekar), men i altfor frodig åker kan det bli mykje legde. Grønfôrblandingar med korn, erter og italiensk raigras bør ikkje
brukast, då raigraset konkurrerer for hardt med attlegget.

Andre grønfôrvekstar som fôrraps og westerwoldsk raigras er også prøvd i forsøk. Resultata er varierande, og vekstane må reknast som meir usikre enn korngrønfôr.

Haustetida for grønfôrdekkvekst er meir fleksibel enn for korn til modning. Ein bør hauste under tørre forhold for å unngå kjøreskade. Ei tidleg hausting frå skyting til grønmodning av kornet gir betre fôrkvalitet og tid til utvikling av attlegget etter slått enn seinare hausting.

Gjødsling

Tradisjonelt har det ved konvensjonell drift blitt brukt store mengder husdyrgjødsel ved attlegg av eng. Forsøk syner at dette gir svært dårleg utnytting av næringsstoffa i gjødsla, og at det ikkje er grunn til å bruke mykje gjødsel til attlegg.

På grunn av lågare avling er næringskravet til attlegget ikkje så stort som til enga. Ein jamn bruk av husdyrgjødsel på arealet i engåra sikrar tilfredsstillande fosfor- og kaliumforsyning, og gir normalt ei betre utnytting av næringsstoffa enn ved bruk av større mengder gjødsel i attlegget. Til kortvarig, kløverrik eng kan sterkare gjødsling i attlegget (tre til fire tonn blautgjødsel per dekar) likevel gi bra resultat og spare ein for arbeid ved at ein slepp gjødsling i engåra. Ei slik gjødsling sikrar fosfor- og kaliumforsyninga for eitt til to år framover, og bra kløvertilslag sikrar god avling og nitrogenforsyning i enga.

Bruket sin tilgang på gjødsel og prioritering av gjødselmengda til ulike vekstar får styre kva strategi ein skal velje. Med ei blanding av ung og eldre eng på garden bør gjødsla prioriterast sterkare til den eldste enga fordi denne normalt har mindre kløver og lågare innhald av lettløyseleg kalium i jorda enn den yngste enga. Om fosfor- og kaliumtilstanden er tilfredsstillande, kan ein bruke husdyrgjødsel i attleggsåret og kutte ut gjødsling i første- og kanskje i andreårsenga.

Nitrogenfiksering

Nitrogenbehovet i økologisk eng vert dekt gjennom biologisk nitrogenfiksering hjå engbelgvekstar, mineralisering av organisk materiale i jorda og gjennom gjødsling. Den positive nitrogeneffekten frå belgvekstane kjem fyrst og fremst enga til gode når vekstane døyr og vert mineraliserte. Då kan engvekstane ta opp det frigivne nitrogenet. Elles bruker belgvekstane fiksert nitrogen til eigen vekst, og lite kjem graset til gode direkte, sjølv om ein ikkje kan utelukke at det kan leke ut små mengder frå røtene.

Raudkløver er den viktigaste nitrogenfikserande belgveksten hjå oss, men andre engbelgvekstar som kvitkløver, alsikekløver, luserne og strekbelg kan også samle store mengder nitrogen.

Gras konkurrerer sterkare enn kløver om mineralsk nitrogen i jorda. Dette er òg med på å fremje nitrogenforsyninga hjå graset i ei blanding med kløver i høve til gras i reinbestand.

Ei kløverrik eng som hentar mykje nitrogen frå lufta, vil også gi stor ettereffekt gjennom nedbryting av nitrogenhaldige planterestar. Mengda av fiksert nitrogen er avhengig av følgjande faktorar:

  • mengd belgvekst i enga (belgvekstavling)
  • nitrogeninnhald i belgvekstane
  • rotmasse, topp/rot-forhold
  • kor mykje av nitrogenen i planten som er teken opp frå lufta

Ei eng med kløver kan hente meir enn 80 % av nitrogenet frå lufta, mens resten blir teke opp frå jorda. Det er laga likningar for å berekne kor mykje nitrogen som vert fiksert hjå kløver under normale forhold (Nyborg 1995). Kløverdelen er den viktigaste og mest variable faktoren for kor mykje nitrogen som vert fiksert.

Kg N/daa = Tørrstoffavling × kløverdel (% av tørrstoffet /

Ugraskontroll

Kva plantar er ugras i enga? Artar som dyra et, og som ikkje fører til store tap av avling eller kvalitet, kan neppe reknast som ugras. I vekstskiftesamanheng kan det likevel vere negativt at nokre arter oppformeirar seg. Et godt døme er kveke, som ikkje er eit vanskeleg ugras i eng, men som er svært problematisk i open åker. Det er difor uheldig at slike artar formeirar seg i enga i område tett ved åker. Artar som blir vraka av dyra på grunn av innhald av giftige eller lite smakelege stoff, må reknast som engugras og kan gi store problem i dyrkinga. Engsoleie er giftig og blir vraka i fersk tilstand, men giftstoffa forsvinn med tørking. Artar som gir smaksproblem i mjølka, må også reknast som ugras.

Grunnlaget for ei god eng med lite problemugras blir lagt i åra før attlegget. Då skal rotugraset kome under kontroll gjennom god jordarbeiding, konkurranse frå kulturplantane og direkte tiltak som luking i åker. Kveke kan motverkast ved brakking der ein svelt ut plantane gjennom gjentekne harvingar og lèt plantane komme opp til 2- til 4-bladsstadiet mellom kvar harving. Mange utlauparar kan også tørke ut på overflata. Slik brakking fører til meirarbeid og tapt avling dersom vekstsesongen blir korta inn. Det er også risiko for erosjon og næringstap. Brakking er derfor mest aktuelt på hausten etter at avlinga er berga, i strøk med lite nedbør.

Mange vekstar konkurrerer godt med kveka. Til dømes kan ei vellukka avling av italiensk eller westerwoldsk raigras redusere kvekeproblema mykje.

Høymole spreier seg mykje ved frø i husdyrgjødsla. Varmkompostering av gjødsla reduserer mengda av spirande frø vesentleg. I attlegg utan dekkvekst kan ei høg pussing med tohjulstraktor eller fôrhaustar redusere frøspreiinga av ugras mykje.

Veksevilkår og frøblanding

Det viktigaste tiltaket mot ugras er å sørgje for at dei sådde engvekstane får gode veksevilkår og konkurrerer godt mot ugraset. God jordstruktur er då viktig; vi ser ofte at ugraset særleg kjem i kjørespor og pakka jord.

Frøblandinga har også mykje å seie for ugrassituasjonen. Til dømes vert ein art som timotei fort tynn i botnen i ei drift med tidleg slått og hyppig hausting eller beiting. Av omsyn til ugrassituasjonen er det altså viktig å bruke artar i frøblandinga som toler drifta godt.

God jordkultur gjennom god drenering, kalking, balansert næringstilførsel og skånsam hausting under tørre forhold fører til gode avlingar med lite ugras.

Kantslått og luking

Ugrasplantar som står i kantane, kan breie seg innover enga med utlauparar (rotugras) og frø. Kantslått før frøspreiing kan dempe dette smittepresset.

Luking av enkeltplantar er aktuelt for artar som høymole og tistel, for å hindre frø- og plantespreiing.

Les mer

Grøtta, M. 2020. Sommergjenlegg. www.nlr.no

Heggset, S. m.fl. 2020. Lurt å fornye langvarig eng? Buskap nr. 6, 2020

Renna, R. 2021. Såvare til økologisk eng - sats på kløveren. NLR Nord Norge

Renna, R., G. Røthe & B. Tveit 2023. Frøblandinger Norge rundt. BUSKAP nr. 3, 2023

Synnes, O.M. & G. Røthe 2022. "Nye" artar og blandingar for tre haustingar. Buskap nr. 3, 2022

 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no