God helse
God helse er ikkje berre fråvær av sjukdom, men også det å ha mykje energi og livskraft, god evne til å motstå infeksjonar, parasittangrep og metabolske forstyrringar, og god evne til å komme seg etter skade.
I økologisk landbruk skal ein først og fremst fokusere på førebygging av sjukdommar. Førebygging av sjukdommar heng mykje saman med riktig fôring, god og riktig handtering når det gjeld å redusere stress hos dyra, god hygiene og lågt smittepress. I økologisk produksjon skal i utgangspunktet alle dyr ha tilgang til å gå ute, helst både sommar og vinter. Det er viktig at dyra får røre seg, for at muskulatur, sener, skjelett og kretsløp skal fungere normalt, og for at balanse og koordinasjon skal vere normalt god. Utegang vil derfor vere positivt, særleg på beite i ulendt og variert terreng. Mosjon har ein positiv effekt med tanke på fleire produksjonsrelaterte sjukdommar, som mjølkefeber, ketose og reproduksjonsproblem hos storfe. Det er også enklare å oppdage brunst og avvik frå normal åtferd når dyra har god plass til å røre seg.
Utegang er også positivt for luftvegane. Men det viktigaste er kanskje at det ikkje er naturleg for husdyra å berre vere inne, sjølv om dei går i lausdrift. Frisk luft, sol, vêr og vind er positivt både for menneske og dyr.
Se også:
Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no