Potettørråte er den viktigste sjukdommen i potet i Norge og skyldes en sopplignende organisme som angriper både blad, stengler og knoller. Foto: Theo RuissenPotettørråte er den viktigste sjukdommen i potet i Norge og skyldes en sopplignende organisme som angriper både blad, stengler og knoller. Foto: Theo Ruissen

Sjukdommar i potet

Tørråte er den viktigaste sjukdomen på potet. Den skuldast ein sopp, som også kan angripe tomat. På stenglar og blad ser ein fyrst små brunsvarte flekkar. I fuktig og varmt ver veks soppen raskt, og til slutt blir heile riset brunsvart. 

Tørråte

Ved angrep av tørråte (Phytophthora infestans) kan ein på undersida av blada sjå eit gråkvitt belegg (soppsporar) rundt flekken, viss det ikkje er for tørt i veret. Dersom riset vert borte, vil fotosyntesen og dermed veksten stansa. Kjem dette tidleg i utviklinga, vil avlinga kunna verta lita. På knollane veks tørråta innover i knollen, med ein diffus overgang til den friske delen av knollen. Råten er, som namnet tilseier, tørr. Viss ikkje alt riset er drepe før opptak og ein har fersk smitte på riset og litt umodne knollar med flass-skade på knollane, kan ein få mykje knollsmitte ved opptak.

Overvintring

Soppen overvintrar i setjepotetane, og sidan midt på 90-tallet har vi i Noreg erfart at den kan overleva som kvilesporar (Oosporar) i jorda. Tørråtesoppen har to kryssningstypar, og båe må vere tilstade på same blad, stengel eller knoll, for å danna kvilesporar. Båe krysningstypane til soppen, A1 og A2, vart funnen i Sør-Noreg i 1993. Krysningstype A2 vart funnen fyste gong i Trøndelag i 1999.

Smitte frå eigen åker

Primærsmitte frå eigen åker kan gje svært tidleg oppsmitting av tørråte i åkeren. Frå ein smitta knoll vil soppen vekse ut i stenglane, gjerne berre like over jordoverflata, og stenglane kan krepere. Ved seinare utvikling av soppsmitta, følgjer tørråta karstrengane ut i stenglar og bladhjørne og spreiast vidare til nye planter med vind og vassprut derfrå. Sporene tåler ikkje tørr luft og vil ikkje ha det for kaldt. Dei produserast i stor grad om natta og frigjevast på føremiddagen, og dei treng fritt vatn i nokre timar for å spira. I periodar med varme fuktige netter kan spreiinga skje med eksplosiv fart i mottakelege sortar.

Anna smitte

Soppsporene er tilpassa spreiing med vinden og kan spreiast fleire kilometer. Regn fører sporene frå blada, ned på jorda og vidare til knollane. Viss det soppinfiserte vatnet råkar knollane, vil dei verta smitta. Tørråtesmitta ris må knusast godt minst 14 dagar før opptak.

Vanlegvis vil ein ha små åtak lengst nord i landet og over 5-600 meter over havet i Sør-Noreg. Dei færraste kan rekna med å sleppa unna tørråta, så ein må læra seg å leva med den. Kor alvorlege åtaka vert for avlinga, er avhengig av kor langt potetane er komne i utvikling og kor mottakeleg sorten er. Val av sort og lysgroing er såleis særs viktig.

Friske setjepotetar avgjer

Friske setjepotetar er avgjerande. Smitta potetar må ein freista å sortere frå. Ved oppvarming vert det sagt at ein kan drepa tørråtesoppen utan å øydeleggja spireevna. Men spesielt for dei høgaste temperaturane er det lite å gå på før spireevna vert øydelagt.

God hypping vil føra til at mykje av regnvatnet som kan føre med seg tørråtesporar, renn ned i fårene og såleis ikkje treffer potetknollane. Det viktigaste tiltaket er likevel å fjerna riset ved smitte, viss potetane er tilstrekkeleg utvikla. På små areal kan riset slåast og fjernast frå åkeren. Det er sjølvsagt det beste.

Virus 

Det finst mange ulike virustypar som går på potet. Redusert vekst (i nokre tilfelle dvergvekst), krølla blad, mosaikk, ulike flekkar på blada o.l. er teikn på virus. Berre i sjeldne tilfelle vil avlinga verta dramatisk redusert første året. Det kan skje ved kraftige åtak av virus-Y (dvergvekst og streksjuke). Det vanlege er gradvis mindre avling og meir og meir forkrøpla planter. Kraftige virusåtak kan halvera avlinga. Som oftast vil ein ikkje sjå noko på knollane. Ein må følgja med på plantane i vekstsesongen og fjerna eventuelle sjuke planter. Korleis ein tek ut setjepotetar er avgjerande for å halde nede virusangrep (sjå avsnittet om setjepotetdyrking).

Skurv 

Svartskurv (Rhizoctonia solani) er utbreidt i jorda og angrip ei rekke jordbruksvekstar. Problemet med svartskurv er forseinka modning og fleire kvalitetsfeil. Soppen dannar svarte sklerotier (kvilelekamar) på knollane. Smitta utviklar seg ikkje på eit godt lager utan kondens. Soppen skadar spirene på setjepoteten slik at nye spirer må utviklast. Det gir ujamn spiring i åkeren og heile veksten blir forseinka når nye stenglar må utviklast. Under fuktige tilhøve får angripne planter eit gråleg, filtaktig belegg på stengelen ved jordoverflata. Knollar frå angripne planter er ofte små, kantete, misdanna og ein større prosent er grøne ettersom dei ofte ligg høgt i drillen. Vekstsprekker med skurvaktig belegg (krokodilleskinn) er også vanleg. I nokre tilfelle blir det også danna luftknollar på nedre stengeldel, men det kan også skuldast andre sjukdommar som reduserer transport av næring frå blada til knollane.

Det er delte meiningar om korleis organisk gjødsel påverkar svartskurvangrep. For mykje eller lite nitrogen aukar faren for angrep. I Danmark meldast det at kløverrik eng (2 år eller eldre) som forkultur aukar angrepet av svartskurv. I Sverige nemnast at grøngjødsling som forkultur er positivt. Det kan ha samanheng med at grøngjødslinga omsettast såpass raskt i jorda. Soppen får da ikkje etablert seg på det organiske materialet, noko han gjer i meir etablert eng og ved bruk av gjødsel med mye strø.

Setjepotet med svarte kvilelekamar må ikkje nyttast. Skikkeleg lysgroing og setjing i varm jord favoriserar potetknollen, og spirene kan vekse frå svartskurvsoppen. Rask oppspiring er det beste førebyggjande tiltak mot angrep av svartskurv og stengelråte. Beate, Peik, Kerrs Pink og Saturna er noko meir utsett for svartskurv enn andre sortar.

Flatskurv

Flatskurv skuldast ein bakterie. Overhuda på knollane får forkorka sår. Ved sterke angrep veks desse såra saman, og store delar av knolloverflata kan vera dekka av skurv. Desse potetane lagrar dårleg og er ikkje salsvare. Bakterien lever i jorda og kan overførast med setjepotetane. Smittinga skjer tidleg i vekstsesongen, da dei nye knollane er på storleik med erter, og aller mest på tørr jord med høg pH. Ein bør i alle høve ikkje kalka føre potetar. Flatskurven likar mykje oksygen og tørre forhold i jorda. Difor er angrepa verst i tørre år. Har ein vatningsanlegg, kan ein halda jorda fuktig frå 2.veka etter oppspiring. Slik kan flatskurvangrep eliminerast.

Blautråte  

Det er alltid noko blautråte på eit potetlager. Det skuldast ein bakterie som også kan angripe nedste delen av stengelen. Då kallar vi sjukdomen stengelråte. I dårleg drenert og fuktig jord kan blautråta starte i åkeren. Mest vanleg er han på lager. Ofte kjem det inn andre og illeluktande råteorganismar etterpå. Smittinga skjer vanlegvis med ulike former for kontakt ved opptak, sortering eller lagring. Vanlegvis er det ikkje noko stort problem å halda blautråte under kontroll. I år med mykje regn kombinert med tørråtesmitte i tørråtesvake sortar, skal ein vere spesielt på vakt. Friske setjepotetar, luking av sjuke planter i åkeren, god drenering, skånsamt opptak, sårhelingsperiode og god lagring er førebyggjande tiltak.

Les mer 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no