Potet er den mest allsidige rotveksten vi har som menneskemat. Foto: Leif Arne HolmePotet er den mest allsidige rotveksten vi har som menneskemat. Foto: Leif Arne Holme

Potetdyrking

Potet høyrer til søtvierfamilien. Planta klarar seg i dei fleste klimatypar her i landet, og er ein god vekst i skifte med gras og korn. Veksttida varierer frå 3 mnd for tidlegpotet til omlag 5 mnd for dei seinaste sortane.

Setting av potet. Foto: Leif Arne Holme
Setting av potet. Foto: Leif Arne Holme

Potet (Solanum tuberosum) kan dyrkast etter dei fleste kulturar, men det er ein fordel om kulturen etterlet seg ei laus og lett gjennomtrengeleg jord. På grunn av faren for kvilesporar av tørråte i jorda bør det vere minst 5 år mellom kvar gong ein dyrkar potet på same skiftet. Eit godt vekstskifte kan også redusere jordsmitta av ei rekke andre potetsjukdommar. På nematodesmitta jord må ein ta spesielle forholdsreglar.

Potet er den mest allsidige rotveksten vi har som menneskemat. Potet er også godt dyrefôr, og kan ensilerast rå eller kokt. Kokt potet høver godt til einmaga dyr som gris og høner.

Eng og potet

Potet kan dyrkast på ompløgd eng. Potetane trivst godt, men torva kan skapa problem for jordarbeiding, radreinsking og opptak viss ein ikkje hakkar opp torva noko med kraftuttaksdriven harv og pløyer svært godt. Potet etter kortvarig kløverrik eng kan gje for mykje nitrogen. Det vil føra til for sterk risvekst, dårleg kvalitet (lågt tørrstoffinnhald) og forseinka mogning. På jord med lite tungtøyseleg kalium kan det vera fare for at det vert knapt med kalium til potetane når dei kjem etter langvarig eng. Potet rett etter gamal eng kan også føra til åtak av smellarlarver (kjølmark). I Danmark tilrår ein for eksempel havre som forkultur, og ikkje potet etter eng, pga. faren for svartskurvangrep.

Grønfôrblanding som forkultur

Grønfôrblandingar er mykje nytta som forkultur for potet. Fordelane med dette er at torva vert nedbroten og jorda vert løyst i djupna. Det vert ein god del planterestar som gjev næring til plantane og vanlegvis mindre ugras. Potet er effektiv i ugraskampen, og plasseringa i vekstskifte bør skje ut frå det. Potet vert rekna som ein god forkultur for kulturar som konkurrerer dårleg med ugraset, mellom anna gulrot, lauk og korn.

Jord

Potet kan dyrkast på mest all slags jord. Stiv leirjord og tett siltjord høver dårleg. Sand og siltjord har ofte opphavsmateriale som gir lite tilgang på plantenæring, eller avgrensa moglegheit for lagring av næringsstoff. Potet dyrka på næringsfattig sand- og siltjord er ofte utsett for indre defektar i form av kolv, brun marg og fysiologisk betinga rust. Jamn vatning og bra kalsiuminnhald i jorda er med på å førebyggje indre defektar.

Sandjord har avgrensa vasskapasitet og må vatnast ein gong i veka i turre periodar på sumaren. Jorda må vere laus og godt drenert. Mykje stein gir nedsett kapasitet ved opptak og meir skade på knollane, men morenejord med stein er ofte varm, og gjev rask spiring om våren.

Gjødsling

Utgangspunktet for gjødslinga må vera tilstanden jorda er i. Det er fleire døme på at det beste opplegget på husdyrbruk på moldhaldig morenejord i innlandsstrok, er ugjødsla potetåker. På desse gardane er det gode reservar av kalium, magnesium og organisk materiale, og den beste potetkvaliteten får dei uten husdyrgjødsel.

Generelt avlingsnivå og forkultur seier ein god del. I tillegg kan kjemiske jordanalysar vera til hjelp. Analysetala for K-Al og P-Al bør vera minst klasse 2 (ferske jordprøvar), særleg viss det i tillegg er låge tal (under 50-60) for tungtløyseleg kalium, K-HNO3. Er det svært låge tal for både K-Al og tungtløyseleg kalium, kan ein søke dispensasjon om å bruke kaliumsulfat. Kaliummagnesiumsulfat (kalimagnesia) inneheld både K, Mg og S, 30 kg per daa gir 6,6 kg kalium og 1,8 kg magnesium. Mg-AL talet i jord bør helst vere over 6 til potet.

Kalium- og magnesiummangel i ulike sortar

Enkelte sortar er utsette for kalium- og magnesiummangel. På lett sandjord og i nedbørrike strok ser ein av og til slik mangel på potetplantane. Ei god potetavling på 3 000 kg/daa fører bort 8,4 kg nitrogen, 1,5 kg fosfor og 13,8 kg kalium. Potet inneheld mykje kalium. Kaliummangel kan føra til støtblått og mørkfarging av kjøtet. Dei bruka som har lite kalium i jorda, må vite at her kan dei få ei utfordring. I tidlegare tider vart det nytta tang og tare for dei som hadde slike ressursar. Saltet i sjøvatnet inneheld klor, noe som kan redusera tørrstoffinnhaldet i potetane.

Organisk materiale og husdyrgjødsel

Potet trivst godt med lite omdanna gjødsel, men er som elles fleksibel. Dei halvseine og seine sortane gjer seg god nytte av organisk materiale. Småfegjødsel er meir næringsrik enn storfegjødsel og gjev næringa raskare frå seg. Slik gjødsel må difor spreiast i små mengder og særs jamt, for å unngå flekkvis for mykje nitrogen. Ein bør ha nitrogenanalyse av gjødsla som skal brukast til potet. Hønsegjødsel og land bør ein unngå. Desse er særs nitrogenrike og kan føra til lågare tørrstoffinnhald og såleis dårlegare kvalitet. Kontrollert og avgrensa bruk kan likevel vera aktuelt i tidlegproduksjon.

Behov for tilleggsgjødsling?

Vanlegvis skulle det ikkje vera naudsynt med tilleggsgjødsling dersom ein nyttar husdyrgjødsel. Som rettesnor vil det vera rett å nytta frå eitt til tre tonn storfegjødsel per daa, mest på næringsfattig sandjord. To til tre tonn vil saman med frigjering frå jorda dekkje nitrogen-, fosfor- og magnesiumbehovet. Kaliumbehovet må supplerast frå reservane i jorda der det ligg til rette for det. Til matpotet må det gjødslast jamt og ikkje for mykje, matkvaliteten er heilt avgjerande og for mykje nitrogen vil føre til forseinka mogning. Dersom ein ikkje har husdyrgjødsel, vil det vera bra å arbeida inn ei god grøngjødselavling same våren.

Det bør ikkje kalkast i potetåret. Det kan føre til sterkt åtak av flatskurv. Det beste er å kalka lite og ofte. pH mellom 5 - 6,5 er høveleg for potet.

Jordarbeiding og dekkbredde

Potet treng rikeleg med laus jord for at knollane skal utvikle normal form. Laus jord er også ein føresetnad for å få til god drillform og jorddekking, m.a. for å unngå grøne knollar. Jorda kan løysast opp med forkultur eller djup harving. For dei fleste vil ein god plog vere svært viktig i kampen mot rotugraset. Er kveke eit problem på garden, bør kveka takast med eit godt vekstskifte før potetåret og det bør pløyast djupare enn vanleg, minst 20-25 cm. Kveke er livretten til gjæs, som du kan lese om i avsnittet om ugrasregulering.

Setjesystem

Setjesystemet må samsvara med tilgjengeleg utstyr for radreinsking og opptak. Setjeavstand vil ofte variere mellom 25-35 cm avhengig av knollstorleik og korleis poteta skal nyttast. Dekkbredda på maskinene er viktig. Breie traktordekk pakkar kantane på potetfårene, og traktordekk og redskapshjul kan og gje klemskader direkte på dei nye knollane. Det beste er derfor store radavstandar og smale dekk, gjerne 150-160 cm senteravstand mellom hjula og 9"-11" dekk. Breiast dekk til størst senteravstand.

Ved å setje "parfårer", dvs to og to potetfårer tettare enn gjennomsnittsavstanden (f. eks. 70 cm mellom fårene under traktoren og 80 cm mellom potetfårene der traktorhjula går), blir det betre plass til hjula og mindre fare for klemskader på potetfårene. Det er viktig at ein køyrer i dei faste køyrespora frå setting heile sesongen.

Sortsvalg

Oversikt over sortar  av økologiske settepotetar som er tilgjengelege finn ein på nettstaden www.okofro.no Bruk av statskontrollerte settepotetar sikrar friskt  formeiringsmateriale. Sorten ‘Troll’ har i mange år vært hovedsorten i økologisk dyrking, men det utviklast stadig nye sortar. 

Eigne setjepotetar

Ved uttak av eigne setjepotetar, sorterer ein vanlegvis ut småpotet til setjepotet. Mange sjukdomar (virus, svartskurv og stengelråte) fører til mindre knollar. Metoden for uttak av setjepotetar vil såleis føra til at knollar frå sjuke planter vert overrepresenterte, og fører til oppformeiring av sjuke planter. På den måten må det kjøpast inn nye setjepotetar tidlegare enn naudsynt. Ein betre metode å dyrke setjepotetar på, er omtala her.

  • Kjøp eventeuelt statskontrollerte setjepotetar til berre ein liten del av arealet. Ved å dyrka desse for seg sjølve og ta ut setjepotet til heile arealet, har du betre sjukdomskontroll og sparar pengar. Undersøk kor setjepotetane er dyrka og korleis smittepresset av tørråte har vore. Ved kjøp av statskontrollerte setjepotetar har du garanti for at det er lite virus, men det gis ingen garanti for tørråte.
  • Dyrking av setjepotet bør skje på eigne felt, helst minst 100 meter frå matpotetåkeren. Bruk friske setjepotetar og set med 20 cm avstand. Gå over feltet fleire gonger og fjern sjuke planter. Vanlegvis vil det vera planter med unormal vekst (dvergvekst, deformert/ krølla blad, grøn/gul mosaikk, streksjuke m.m.). Gå så tidleg (ei veke eller to før blomstring) at du slepp å fjerne alle knollar under slike planter.
  • Ta opp setjepotetane tidleg - før tørråteåtak kjem.
  • Forsiktig opptak, sårheling og god lagring fram til våren gir gode setjepotetar neste år.
  • Alt potetareal skal vere godt drenert, men det er spesielt viktig at setjepotetane dyrkast på stader med god drenering. Oppformeiring av smitte av stengelråte og blautråte kan gå fort på stader med dårleg drenering, og svartskurv kan bli eit større problem.
  • I områder med stort tørråtepress er truleg fullstendig utskifting til nytt setjepotetmateriale å anbefale

Lysgroing

Groing startar spiringsprosessane hos potetane før setting. Veksttida vert forlenga og utvikling og modning vert framskunda. Lysgroing er særleg viktig i økologisk landbruk for å utnytta sesongen best mogleg før tørråteproblema blir store. I alle sortar må ein leggje til rette for så rask oppspiring og risvekst på forsommaren som mogleg.

Lengde og temperatur

I praksis vil ca 1 månad med 12 grader gje fine groar. Åtte grader i 2 månader gir gjerne enda meir robuste groar som toler meir handtering. Ein vil og få eit mindre knollansett, noko som er positivt med tanke på å få store knollar tidleg. Forsøk har vist at ein avlingsmessig har lite igjen for å lysgro spiretrege, seine sortar meir enn 300 døgngrader (gradar over 4oC multiplisert med tal døgn, sjå tabellen under). Eksempelvis anbefalast 150-220 døgngradar til Troll og Oleva og maksimum 300 døgngradar til Peik (for lang lysgroing har i nokre forsøk ført til meir stengelråte i Peik).

Groane bør vera korte (0,5 cm), lubne og mjuke, slik at dei toler handtering utan å falle av. For å få til det må dei få mykje lys, og det må ikkje vere for tørt under lysgroinga. Potetane bør leggjast i grokassar som kan stablast. Det skal vera eit tynt lag med potetar i kvar kasse slik at det vert nok lys til alle potetane. Lysstyrken bør vere frå 50-100 lux, eller normalt godt leselys.

Apikal dominans og fysiologisk alder påvirker

Luftfuktigheita bør vere 90 %, men potetane må ikkje bli blaute. Potetar som er hausta tidleg og lagra kaldt, har ein lågare fysiologisk alder enn seint hausta potetar som er lagra varmt. Fysiologisk gamle setjepotetar er ei stor føremon i tørråteutsetje strok. Dei spirer raskt, sett knollar tidleg, har mindre ris og gir mindre avling ved full utvikling enn setjepotetar med ung fysiologisk alder sjølv om dei kjem frå samme parti. Viss ein knoll blir vekt tidleg i lagringsesongen, vil ofte endegroen vekse fram og hemme dei andre groane. Det kallast apikal dominans. Viss ein har moglegheit for å styre temperaturen på lageret, kan knollane vekkast før jul og danna endegroe og deretter kjølast ned til lagringstemperatur. Da vil ein få færre knollar under kvart ris, men større moglegheit for at dei fleste når fram til god storleik og mogning. Dette utnyttast i tidligpotetdyrkinga, men kan sikkert også utnyttast betre i økologisk dyrking av seine sortar. Kor raskt poteta startar å gro, er i tillegg avhengig av sort.

 Lysgroingstid (tal døgn) ved ulike temperaturar og ulik varmesum

 Varmesum i døgngrader (temperatur over 4° C x tal døgn)

 Temperatur150 døgngrader200 døgngrader250 døgngrader300 døgngrader
 8C38 døgn50 døgn63 døgn75 døgn
10oC25 døgn33 døgn42 døgn50 døgn
12oC19 døgn25 døgn31 døgn38 døgn
14oC15 døgn20 døgn25 døgn30 døgn

Setjing og hypping

Setjeutstyret bør høve til radreinsking-/hyppeutstyret. To-radsutstyr i ein operasjon krev to-radsutstyr i heile mekaniseringslina. Unngå å setja potetane i kald jord. Da vil spiringa gå seint eller stoppe opp, og svartskurv kan drepa groane. Viss knollane er i god kondisjon, har dei det betre på lageret.

Potetsetjinga skjer straks jordtemperaturen er høg nok (minst 8-10 ºC). Potetane må ikkje setjast for djupt. Ved setting blir det anbefalt å setje 3 cm under flatt land med ca 7 cm laus jord over setjepotetane. Jorda bør jamnast til flatt land etter setjing, da vil det framleis vere 3 cm jord over setjepotetane. Drillen kan formast slik med rulleskjær på setjaren, med hyppeskjær på setjaren og ein tung slepekjetting tvert over fårene, eller ekstra køyring etterpå med trommel eller brei ugrasharv. Planta får såleis kortaste veg rett opp, og ein unngår for mange sideutløparar.

I tørre år vil flatskurv trivast godt, i særleg grad på lett jord. Under slike tilhøve, og dersom ein ikkje kan vatna, må drillane heller pakkast forsiktig (ved for eksempel lett tromling). Det vil bevare råma rundt setjepotetane i spirefasen, og redusera lufttilgangen til potetane og dermed flatskurvangrep.

Det er avgjerande å få til ei grundig slutthypping når potetriset er om lag 30 cm høgt. Det gir dei nye potetane ei god overdekning av jord som filter mot tørråtesporar, frost og lys (som gir grøne potetar) Seinare hypping kan øydelegge ris og røter. For å unngå overføring av virus og bakteriesmitte frå plante til plante, må slutthyppinga ikkje gjerast for seint. Det er lurt med sporløsnarar etter traktorhjula før slutthyppinga, for eksempel ei S-harv tind som løyser opp og gir ekstra jord som kan leggjast oppå drillen.

Jamn vasstilgang

Potet treng jamn vasstilgang. For å unngå problem med flatskurv og for å oppnå stor avling av god kvalitet, må ein halda jorda fuktig frå byrjande knolldanning fram til 2-3 veker før hausting. Størst trong til vatn har dei på seinsommaren og hausten. Når det gjelder vatningspraksis utover hausten må omsynet til tørråte vege tungt. Ofte startar tørråtesmitta i spora etter vatningsvogna, der det er ekstra mykje vassøl og plantane blir kjørt ned. Nedkjørte planter blir stressa og delvis øydelagt. Dei tørkar svært seint opp, så tørråta får gunstige vilkår. Utover hausten må ein vere ekstra på vakt mot tørråtesmitte og avpasse vatninga deretter. Det er best å vatne om natta, når doggfall likevel fuktar opp riset, for så å la det tørke opp utover dagen. Alternativt kan ein la vere å vatne og satse på å berge ei mindre avling fram til god kvalitet. Det er betre enn å vatne ein gong for mykje og dermed spreie tørråta ytterlegare og vaske ned tørråtesporar i jorda.

Vekstavslutning

Klima, sort og nærleik til andre potetdyrkarar, vil være utslagsgjevande for når ein bør knuse riset. Etter haustinga skal potetåkeren pløyast eller djupharvast for å redusere faren for erosjon. Erosjonen kan bli stor sjølv ved liten hellingsgrad viss åkeren får liggje urørt etter hausting.

Risknusing og opptak i tørt ver er særs viktig med tanke på tørråte. Hovudmålet med risknusing er å redusere faren for overføring av tørråtesmitte til knollane i samband med hausting av potetane. Ein sett også i gang mogningsprosessar som gjer at knollane lettare slepp riset og betre tåler handteringa ved opptak. Ideelt sett bør riset vise tydelege mogningssymptom før risdreping. Riset kan knusast med ombygd fôrhaustar (berre rotoren og utan tut) eller ulike typar risknusarar.

Fôrhaustar

Fôrhaustaren spreiar riset overalt og er vanskeleg å køyre nøyaktig viss han ikkje byggast om, men har i utgangspunktet større rotorhastigheit og betre sugeevne enn risknusarar. Det beste er toraders 150 cm fôrhaustar, da køyrer ein der traktorhjula tidlegare har gått. Det er ein stor fordel at fôrhaustaren er sidemontert. Fôrhaustarar er ikkje så godt egna til risknusing i åkrar med mykje tørråte, men på små areal kan ein ofte ikkje forsvare større investering. Det beste hadde vore å fjerne riset frå åkeren. Vossakasse er prøvd blant gardbrukarar, men det er ikkje nokon god metode å køyre med ein smal fôrhaustar som tek ei og ei rad. Rismassen er tung, det krevst stor traktor i motbakke og førar til for mykje køyreskadar.

Risknusar og ledeplater

Risknusarar har ikkje like god sugeevne som fôrhaustarar. Dei fleste er dessutan bakmonterte, slik at stenglar blir kjørt ned og unngår slagjerna. Risknusaren følgjer terrenget betre og har slagarar som også går betre ned i mot botnen av fåra. Det er viktig at det ikkje står igjen lange stenglar. I verste fall kan det vere naudsynt å knusa to gonger. I hellande terreng vil knusaren gjere best jobb ved køyring i motbakke. Ledeplater som styrar den knuste plantemassen ned i tomfårer, er viktig for å unngå oppsmitting av knollane i drillen ved eventuelle regnbyger etter knusing.

Propanflamming

Propanflamming nokre dagar etter risknusing kan vere aktuelt, og er spesielt viktig for setjepotetdyrkarar. Det tørkar ut riset og kan drepe sporar i jordoverflata og redusera smittefaren ved opptak. Ved flamming på knust ris i opphaldsver har det vore målt propanforbruk på om lag 5-6 kg propan per daa.

Tørt ver og sårheling

Forsiktig opptak (skånsamt utstyr i varmt ver) og deretter tørking og ein skikkeleg sårhelingsperiode, er særs viktig. Sårheling og god lagring ved 4-5 ºC kan i beste fall hindra utvikling av tørråte i motstandsdyktige knollar, sjølv om potetknollane er smitta.

Viktig å hugse på i potetdyrkinga

  • Potet skal ha djup, laus jord med pH 5-6,5. 
  • Høveleg gjødsling er 1- 3 tonn husdyrgjødsel, avhengig av forkultur og næringstilstanden i jorda. Jamn gjødselspreiing er viktig.  
  • Hovudutfordringa i potetdyrkinga er tørråte. 
  • Sørgje for rask opptørking av knollane etter opptak, samt sårhelingsperiode og god lagring
  • Radreinsking og hypping fungerer godt mot ugras. Radreinskinga må skje når ugraset er smått. Fingerfelt kan brukast på drillane
  • Gåsekjuklingar er effektive til å ta kveke
  • Jamn vasstilgang er viktig. Vassbehovet er størst på ettersommaren og hausten.
  • Jamn råme frå byrjande knolldanning (ca. 2 veker etter oppspiring) held nede flatskurvangrep.
  • Ver ekstra nøye med kvaliteten. Kunden betaler ein meirpris og forventar gjerne ekstra gode potetar.

Du kan minske skadane ved å: 

  • velje sortar som ikkje er for seine og med god resistens, spesielt på knollane
  • bruke friske setjepotetar
  • framskunde sesongen med lysgroing
  • utnytte apikal dominans, om du har moglegheit til det
  • slådde ned drillane så spirene kjem raskt opp
  • sørgje for god slutthypping, som lagar jordfilter mot tørråtesporar
  • sørgje for skikkeleg risknusing, eventuelt i kombinasjon med propanflamming
  • vente 14 etter knusing, og ta opp potetane i tørrver
  • sørgje for skånsamt opptak (maskininnstilling) og lite støtskader (knolltemperatur)

Les mer

Her kan du se tre svenske filmer om dyrking av økologisk potet: med bl.a. forteller potetdyrker David Bjelke fra Västergötland om sin dyrking, sine sortsforsøk og erfaringer fra lager og lagring. I tillegg snakker landbruksrådgiver Lisa Andrae om forsøk med nitrogengjødsling til økologisk potet.

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no