Tomatdyrking på Frilund gård, Bjørkelangen. Foto: DebioTomatdyrking på Frilund gård, Bjørkelangen. Foto: Debio

Tomat

Tomatplanten kjem opprinneleg frå Sør-Amerika. I Norge starta tomatdyrkinga etter 1900, og er i dag den største kulturen i veksthus. Tomatplanta høyrer til søtvierfamilien og står nær potetslekta.

Oppal av planter

Kva tid ein ynskjer ferdige tomatplantar er avgjerande for kor langt oppal som er nødvendig. Om oppalet skal skje tidleg på året, vert oppalstida lenger enn om oppalet skal skje seinare. Di tidlegare kultur di lengre vert oppalstida. Om ein ynskjer å planta ut i februar/mars må ein så rundt juletider. For mange vil det ofte høva best med utplanting i april/mai. Det vil gje ei oppalstid på om lag 40 dagar.

Det enklaste er å så direkte i pottene. Alternativt kan det såast i såkassar og priklast. Både såjord, potter og kassar må vera reine. Naturtorv som vert kalka og gjødsla med godt kompostert husdyrgjødsel, høver godt. Ei blanding av 1/3 kompost og 2/3 jord er høveleg. Jorda bør tilsetjast litt lettløyseleg næring. Uttynna land med leiingstal mindre enn 6, ein gong i veka, vil ofte høva i starten.

Ekstra lys

Det er vanleg med ekstra lys til spiringa, etterpå er det truleg mindre aktuelt. Mange forsøk har synt at temperaturen ikkje må verta for høg frå spiring og framover. Det fører til færre blomar i dei fyrste klasane. Har du fullstendig klimastyring, er det vanleg å tilrå 7 000 lux etter såing og minimum 6 timars natt etter at frøblada er utfolda. I spirefasen kan temperaturen vera 24 ºC. Vert det gjeve 7 000 lux, bør temperaturen vera 20 ºC etter spirefasen. Har du meir lys, kan temperaturen vera nokre grader høgare.

Sortar

Tilgjengelege sortar for økologisk dyrking finn ein på www.okofro.no. Per 2017 er følgjande sortar tilgjengelege: Aromata, Belle, Claree, Cocktail Aranca og Suzanne.

Organisering i veksthuset

Organiseringa i veksthuset kan gjerast på fleire måtar, men å leggja radene på langs med huset er mest vanleg. Avstanden mellom radene avheng av dyrkingsmetode elles. For hus på jordgolv er det tilrådd radavstand på 1 m, og planteavstand på 30 cm. For hus med fast golv, gjev ofte radavstanden seg sjølv. Større planteavstand vil gje meir luft og mindre soppsjukdom. På Sogn Jord- og Hagebruksskule vert det nytta ein planteavstand på 40 cm.

Det er viktig at tomatplanta kjem djupt nok ved utplanting. Eit gamalt råd var at tomatplantene skulle plantast ned til frøblada. Tomatplanta slår nye røter på stengelen. Rotutviklinga vert naturleg og optimal for arten. Det vil sikra god nærings- og vassforsyning.

Stell av tomatplantane i veksttida

Lufttemperatur

Høg temperatur etter utplanting fremjar tidleg utvikling og modning. Etter planting vert det tilrådd 20 ºC både dag og natt. Deretter 19 ºC om dagen og 17 ºC om natta. Lufting skjer ved 24 ºC. Frå starten på haustinga og resten av sesongen kan nattetemperaturen senkast litt, og lufting skjer ved 20-22 ºC. Det raude fargestoffet lycopin vert ikkje utvikla ved høgare temperatur enn 27 ºC.

Vatning

Ei lita plante brukar 2-3 dl vatn per dag i februar og 2-3 l på ein varm sommardag. På gråversdagar er forbruket langt mindre. For å sikra alle plantene nok vatn er det naudsynt med litt overskotsvatning. Vatninga bør regulerast etter veret. Tomatplantene skal vatnast kraftig, men dei kan gjerne verta litt tørre mellom vatningane. Med tanke på næringstap vil det vera gunstig å resirkulera avrenningsvatnet. Vatninga bør skje på føremiddagen. Då vert ikkje veksthuslufta så rå om natta. Dette er spesielt viktig om ein ikkje har oppvarming. Dryppvatning sparar mykje arbeid.

Skygging og brusing

Tidlegare vart det lagt skygge på veksthusa på forsommaren og vaska av på ettersommaren. Skygge kan vera ei kalkblanding som vert måla direkte på rutene eller gardin som vert trekt for. I periodar med sterk innstråling vil vevstemperaturen i plantene kunna verta for høg.

I moderne veksthus vert det nytta hyppige brusingar. Blada vert stadig fukta med ein film av vatn. Når dette fordampar, tek det varme frå blada. For å få til dette krevst det bruseanlegg. Desse må kunna fordela vatnet svært fint. Brusinga må ikkje føra til at det dryp av blada, og anlegget må kunna starta og stoppa med korte mellomrom. Brusing, spesielt med unøyaktige anlegg, vil føra til høgare luftråme og kan gje sopproblem. Dei som ikkje har bruseanlegg, må framleis dempa innstrålinga ved skygging på glasrutene eller skyggegardiner. Plast vil ofte vera grå, og treng ikkje skygging.

Tilsetjing av karbondioksid

I moderne veksthus er det vanleg å tilføre karbondioksid (CO2) for å auka avlingane. I økologisk tomatdyrking er det ikkje tillate å tilføre fabrikkframstilt CO2, men det finst døme på naturleg tilsetjing av karbondioksid. God kompost i veksthuset vil auka CO2-innhaldet. All biologisk aktivitet i jorda vil produsere CO2 og heva innhaldet av CO2 i veksthuslufta. Regelverket for økologisk produksjon tillet tilsetting av CO2 så lenge det er eit biprodukt fra annen produksjon eller COfra ikke-fossile kilder.

Oppbinding

Plantane må bindast opp straks etter utplanting. Ein kraftig jarntråd som er festa godt, vert strekt i god høgd (3 - 4 m) over planteradene. Etter utplanting vert eit snøre festa forsiktig rundt tomatplantene og deretter festa til ståltråden. Snøret bør vera litt for langt. Om plantene seinare skal leggjast ned, slepp ein å skøyta eller ta nytt snøre. Komposterbart snøre gjer ryddinga
av huset enklare og bør nyttast.

Forming av plantene

Vanlegvis let ein plantene veksa fritt utan å toppa dei. I kaldhus vil det ofte vera rett å toppa plantene etter 4. eller 5. klase. Sideskota i bladhjørnene vert fjerna straks ein får tak på dei. Samstundes med denne jobben, som vert kalla pinsering, vert toppen av plantene snodde rundt snøret.

Når plantene vert høge, får dei nedste blada lite lys og gulnar. Slike gule eller skadde blad skjer ein vekk straks. Det må ikkje fjernast meir enn tre blad frå same planta samstundes.

Friske blad må ikkje takast bort. Det er viktig med litt luft mellom plantene. Faren for gråskimmel vert mindre. Blad som vert fjerna, bør ein ta ut av huset og kompostere skikkeleg.

Etter at dei nedste klasane er hausta, løyser ein snøret på jarntråden og senkar plantene. Åtte veker før rydding, toppar ein alle plantene. Det vert då betre utvikling av fruktene som er tillaga.

Blomster og støving

Tomatblomane er tvekjønna. Det må støving (pollinering) til om ein skal få frukt. Tomat støvar seg for det meste sjølv, men dei kan og verta støva frå naboplanter. Støvinga går sikrast når plantene er i jamn og god vekst. Varmen må ikkje vera for høg og lufta ikkje for turr.

Støvinga vert fremja ved å banka på snorene med ein stokk eller nytta ein vibrator (skakestav) fleire gonger i veka. Kvar klase må røra seg.

Humler

Humler gjer jobben mykje betre enn vibratoren, og er vanlege i tradisjonell tomatdyrking. Eitt humlebol dekker normalt 1 daa veksthusareal. Dei fornyar seg dårleg i veksthus og heile bolet må skiftast ut etter om lag 6 veker. Sjølv om humlene gjer jobben med pollenspreiinga, må tilhøva i huset leggjast godt til rette. Luftråmen bør vere om lag 60 -85 %. Høgare luftråme kan gje samanklumping og dårleg utvikling av pollenet. Lite lys og stor fruktbelastning kan også hemma utvikling og spiring hos pollenet. Gråversperiodar kan vera eit problem i «enkle» veksthus utan oppvarming. 20-25 ºC er gunstigaste temperaturen for pollenspiring. Det tek cirka 8 veker frå pollinering til moden frukt.

Humler kan kjøpast hos: Pollinering AS, 4340 BRYNE, tlf 51 48 73 90.

Vekstregulering

God balanse mellom vegetativ vekst og generativ utvikling er viktig. Dette kan styrast med regulering av temperatur og tilgang på vatn. Høg temperatur fremmar fruktutvikling og modning. Låg temperatur fremmar blomsterdifferensiering og vegetativ vekst. Vert den vegetative veksten for dårleg, kan nattetemperaturen senkast nokre få grader og dagtemperaturen haldast nede ved hjelp av lufting, brusing eller skygging. Nitrogeninnhaldet i gjødselvatnet bør også aukast.

 

Gjødsling

Rett gjødsling er truleg den største utfordringa i økologisk tomatdyrking. Generelt veit vi at tomatane brukar mykje kalium og nitrogen, men lite fosfor. Magnesium skal ein også passa på. Kor mykje som skal tilførast, er avhengig av jorda, m.a. korleis ho har vore gjødsla tidlegare og om ho har vore dampa m.m. Kraftig og/eller feil gjødsling reduserer kvaliteten. Spesielt kan det verta dårlegare fargeutvikling, slik at tomatane kan verta meir grøne.

Ein bør ta prøve av jorda som skal brukast, kvar haust. Tomatjorda bør difor vera klar i god tid. Dei viktigaste analysane er: kalium, fosfor, magnesium, kalsium, leiingstal og pH. Saman med røynslene frå tidlegare vekstsesongar, vil det vera god rettleiing for gjødslinga neste år.

Land

Generelt vil det vera lett å overgjødsla med N og K ved å bruka ei blanding av land og vatn.

Det kan vera lurt å ta ein analyse av landet. Styrken på blandinga vil oftast vera om lag 10 % avhengig av kor ofte ein vatnar. Ved lite vatning må blandinga vera mest konsentrert. Leiingstal vil vera til god hjelp. Vanlegvis startar ein med høgt leiingstal i starten og reduserer det ettersom modning, fruktbelastning og vatning aukar. Leiingstalet i gjødselvatnet må vera lågare di fleire gonger ein vatnar. Truleg vil det liggja mellom 4 og 6 ved 1-2 gjødslingar (vatningar) per veke. Høge leiingstal i jorda kan føra til Mg- og Ca-mangel.

Ein kan få problem med for høg pH på grunn av overgjødslinga med land/vatn. Når slike problem oppstår, må andre N- kjelder nyttast t.d. fast husdyrgjødsel eller fersk småkløver som vert lagt som toppdressing.

Grøngjødsling og husdyrgjødsel

Eit lag med smågras, gjerne med kløver, vil føra til jamnare råme og dermed frigjering av næring frå toppdressingen. Svenske forsøk har synt at slik grøngjødsling kan vera tilstrekkeleg til økologisk tomat som står i jord. NPK-innhaldet i grønmassen varierer med botanisk samansetting. Kløver har sterk N-effekt. Ei blanding av kløver og gras gjev balansert næringstilgang. Kraftig grøngjødsling seint på hausten vil kunna føra til næringslekkasje dersom ein ikkje har resirkulering av avløpsvatnet. Husdyrgjødsel og grøngjødsling kan brukast kvar for seg, men truleg vil ein kombinasjon vera gunstig. Ein må unngå å få organisk gjødsel og vatn inn til stengelen. Det kan føra til råte.

Om ein ynskjer meir luftig jord, kan halm blandast inn. Halm vil binda litt N ved nedbrytinga og krev såleis litt meir N-gjødsling.

 

Næringsmangel

Nitrogen

Nitrogenmangel oppstår lett ved dyrking av tomat. Om våren er plantene små og treng relativt lite N. På denne tida er det lite lys. Kraftig vegetativ vekst med lite lys gjev svake planter. Det er likevel fort å la seg lura ved oppal i potter. Nitrogenet kan fort verta brukt opp og då vil det vera trong for litt lett tilgjengeleg N, t.d. gjødselvatn med ca 10 % land. Når plantene står med frukter på dei nedste klasane, kan det lett verta for lite N. Det kan føra til mindre setjing på 4. - 6. klase, og plantene vert tynne i toppen. På denne tida er fordampinga stor. Det vert vatna mykje, og mykje nitrogen kan difor verta vaska ut.

Magnesium

Magnesiummangel er vanleg i dei fleste tomatkulturar. Dei eldste blada gulnar frå kanten og innover mot bladnervane og vert etterkvart brune. Om jorda skal kalkast, bør det nyttast dolomitt, men tomatane likar ikkje for høg pH. Plantene toler litt magnesiummangel utan at det går ut over avlinga. Naturleg aldring fører også til gulning av dei eldste blada og kan forvekslast med magnesiummangel.

Kalium

Om kaliummangelen vert sterk, syner det seg m.a. ved at bladkantane visnar. Sterk kaliumgjødsling kan hindra opptak av magnesium. Plantene kan syna symptom på magnesiummangel.

Kalsium

Kalsiummangel er også relativt vanleg i økologisk tomatdyrking. På tomatane syner det seg som ein brun flekk på spissen av fruktene. Det er sjeldan direkte mangel på kalsium, men kalsium er bunde i jorda eller i eldre plantedelar. Grunnar til dette kan vera for lite vatn, for mykje kalium i jorda, for høg luftråme eller for høgt innhald av salt i jorda.

Sjukdomar og skadedyr

I økologisk tomatdyrking er det viktig med god hygiene, sortar med god resistens, optimale dyrkingstilhøve i jorda og bruk av biologisk plantevern. Sjuke planter, avfall osv. bør fjernast og forsvarleg komposterast. Det same gjeld ugras i og rundt husa. Arbeid aldri i eit tomathus med tobakksmitte på hender og klede.

Tomatsortane er resistente mot mange sjukdomar som var strevsame tidlegare. Ein bør vera påpasseleg ved frøkjøp.

Nyttedyr

Det har vorte tilgjengeleg mange nyttedyr mot mellom anna bladlus, midd og mjøllus. LOG AS skaffar desse.

Skal bruk av nyttedyr verta vellukka, må ein kjenna dei ulike skadegjerarane og skadebiletet deira. Limfeller vil vera eit godt hjelpemiddel. Fellane bør skiftast ein gong i veka.

Du kan lese om dei viktigaste skadedyra, samt aktuelle tiltak mot dei i tabellen under. Skal du bruke nyttedyr, er det viktig å fylgja tilrådingane om når og korleis nyttedyret skal setjast ut. Tomatplantane er også utsette for ein del sjukdommar. Nokre av dei viktigaste er omhandla i tabellen under.

Skadedyr og tiltak mot desse

Skadedyr  Skadebilete  Tiltak
Veksthusspinnmidd (Tetranychus urticae)Midden held til på undersida av blada. På oversida av blada vert det små, lyse, uregelmessige prikkar. Etter kvart som talet på midd aukar, vert dei gule flekkane meir samanhangande og blada visnar. Det er ikkje lett å oppdaga byrjande angrep, så ein bør venda på blada rutinemessig.Rovmidd (Phytoseiulus persimilis) som er oppalen på tomat er effektiv ved begynnande angrep. Bruk 10-20 rovmidd per kvadratmeter i angripne områder.
Veksthusmjøllus/kvitfly (Trialeurodes vaporariorum)Den vaksne er ca 2 mm lang, med kvite venger, og legg egg på undersida av blada. Nymfene er lysegrøne eller kvite og om lag 0,7 mm lange. Både nymfene og vaksne insekt syg næring frå blada, og skil ut klebrig ekskrement som grisar til både blad og frukter. Det kan utvikla seg svertesopp i dette.Mjøllussnyltevepsen (Encarsia formosa ) er effektiv. Mjøllusåtaket må vera lite ved utsetting. Det vert hevda at sprøyting med grønsåpe (2 dl grønsåpe i 10 dl vatn) skal redusere kvitflyåtaka.
Tomatfly (Lacanobia oleracea)Larveane til denne og andre liknande nattflylarver kan opptre i tomat. Dei gneg på blada og lagar groper i fruktene.Ein kan nytte eggsnylteveps, lysfeller og ferromonfeller. Ein kan også rista larvene ned og drepa dei.
Bladlus Bladlussnylteveps, Bladlusgallmygg

 

Sjukdommar og tiltak mot desse

Sjukdom

Skadebilete

Tiltak

MjøldoggMjøldogg er ein vanleg sopp, men det er relativt nyleg at den har angripe tomat. Soppen viser seg som kvite, lodne eller mjølaktige runde flekkar på oversida av blada. Flekkane vert stadig større og dekker til slutt heile blada.Sjuke planter bør fjernast. I Sverige har dei funne at grønsåpe og bikarbonat (bakepulver) verkar mot mjøldogg (og bladlus). Det vert nytta ei blanding av 5 g bikarbonat og 10 g såpe per liter vatn. Blad som har kraftige angrep, kan verta svarte etter behandlinga. Det er viktig med god reingjering av hus og utstyr etter sesongen.
TomatstengelsjukeSjukdomen angrip først og fremst i rothalsen, men andre plantedelar kan også verta angripne. Vanlegvis vil denne sjukdomen opptre i kaldhus. Sjuke planter smittar lett.Angripne planter må fjernast straks og komposterast forsvarleg, i god avstand frå veksthuset. Låg luftråme og vatning rett på jorda er viktig. Viktigast er likevel jordtemperaturen. Har ein jordvarme, vil truleg ikkje dette vera noko problem. God reingjering etter avslutning av sesongen er viktig.
GråskimmelDette er ein vanleg sopp, som kan angripe alle delar av tomatplanta. Den kan opptre som stengelråte og er kjenneteikna av det gråaktige belegget. På fruktene vert det ein lys blaut råte med grått belegg.God lufting omkring nedste plantedelane er positivt. Det er viktig å fjerna gamle og sjuke blad for å oppnå dette. Jordvarme og lite brusing vil også vera gunstig. Planter som er gjødsla kraftig med nitrogen, er mest utsette.
Virus Alle sortar som vert nytta i handelsdyrkinga, er resistente mot virus. I hobbydyrkinga er det sortar som ikkje er resistente. Slike sortar kan framelska resistensbrytande virusstammer og bør ikkje nyttast i handelsdyrkinga.
Tørråte Plasser ikkje potetåkeren inntil tomatveksthuset

 

Hausting, lagring og avling

Tomatane får best smak om dei sit på plantene til dei er skikkeleg modne. Skal dei transporterast, må dei gjerne haustast litt lysare. Tomater skal lagrast ved 12-13 ºC og ganske tørr luft (70-75 % relativ luftråme).

På grunnlag av det som er skreve her, reknar vi med at det skal vera mogleg å oppnå avlingar på høgde med det som er vanleg i konvensjonell tomatdyrking. Det vil seie frå 10-20 kg tomatar per m² for kortkulturar.

Les mer

Andersen, A.S. 2021. Jordprøver i økologisk tomatproduksjon. NLR Viken Veksthusrådgivning. nlr.no 11.6.2021

Andersen, A.S. 2021. Valg og bruk av næringsanalyser i økologisk tomatproduksjon. NLR Viken Veksthusrådgivning. nlr.no 11.6.2021

Hansson, T. m.fl. 2018. Ekonomi i växtodling. kalkyler för tomat, gurka och örtkrydder. Jordbruksinformation 10 - 2018. Jordbruksverket 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no