Dexter. Foto: TyrDexter. Foto: Tyr

Val av kjøttferase

Kjøttfe omfattar storferasar som berre blir bruka til spesialisert kjøttproduksjon. I tillegg har du kryssingsdyr som kan vere krysningar mellom mjølkeku og kjøttfe, og blandingsrasar som er avla for produksjon av både kjøtt og mjølk.

Rasane er ulike når det gjelder storleik, lynne, beiteutnytting, tilvekst, evne til feittavleiring, tidspunkt for slaktemodning og mjølkeproduksjon. Innan ammekuprodksjonen har det tradisjonelt vore stor fokus på rase, kanskje på kostnad av andre og økonomisk viktigare sider ved val av driftsopplegg. Før ein avgjer kva rase ein skal velgje, er det derimot viktig å ha ei klar meining om kva produksjonsopplegg ein ønskjer.

Tabellen viser ei oversikt over kva som kjenneteiknar ekstensive og intensive rasar. Det er stor variasjon mellom dyr innafor same rase. Likeins vil kryssingskombinasjonar av ulike rasar gi variasjonar og anledning til tilpassingar til ege driftsopplegg.

Kjenneteikn på ekstensive og intensive rasar

Ekstensive rasar

Intensive rasar

Tidleg slaktemodne

Seint slaktemodne

Tidleg feittavleiring

Sein feittavleiring

Moderat tilvekstevne

Høg tilvekstevne

Grovfôrkvaliteten har mindre å seie

Grovfôrkvaliteten har mykje å seie

Ikkje avhengig av tilskotsfôring

Tar ut potensialet best med tilskotsfôring

Lettare dyr

Tyngre dyr

Utnytter utmarksbeiter godt

Utnytter innmarksbeite best

 

Særdeles ekstensive rasar

Har ein mykje beiteareal og eit kulturlandskap som skal pleiast, og samtidig ønskjer ein kjøttproduksjon basert på lite innsatsfaktorar kan rasane Dexter, Highland Cattle og Galloway være aktuelle. Dette er små lette dyr som gir mindre beite- og tråkkskader enn mange av dei andre kjøttferasane, og klarer seg godt der det er bratt. Det er også ein nisjeproduksjon der ein kan avsette kjøtt via direktesal til restaurantar eller spesialbutikkar, eller privat.

Dexter

Dexter er en av de minste kvegrasane vi har, og den stammer frå Irland. I Noreg er den bruka som ammekyr (kjøttfe), men er godkjent som fleirbruksrase med både mjølk og kjøtt. I forhold til storleik og fôrinntak gir den mykje mjølk og kjøtt (høg slakteprosent). Den har ei gjennomsnittsvekt på rundt 300 kg og ei skulderhøgde på 90 – 110 cm. Det er både svarte, raude og blakk-farga dyr, men svart dominerer. Rasen veks fort, og har eit marmorert kjøtt av god smak og kvalitet. Dexter er svært hardføre og er opphavleg ein fjellrase. Dei har lang levetid, og kan avlast på i minst 14 år. Dexter egnar seg godt til utedrift så lenge dei har eit skur med tak og tre veggar dei kan gå inn under, med vatn og lun liggeplass om vinteren.

Skotsk Høylandsfe. Foto: Tyr
Skotsk Høylandsfe. Foto: Tyr

Highland Cattle

Også kalt Skotsk Høylandsfe i Noreg, er ein hardør storferase som kjem frå det skotske høylandet. Dyra har kraftige lange horn, tjukk og langragga pels med underpels som gjer at den kan trives ute heile året. Dei er flokkdyr, med sterk rangordning der oksen er sjefen i flokken. Kyrne har sterkt morsinstinkt og passer godt på kalvane, noko også hele flokken hjelper til med. Dei et mykje lauv, kvistar, gras og einer, noko som liknar mykje på elgen sin meny. Kjøttet er marmorert og saftig, og samtidig magert. Dyra har godt lynne, men har ein litt sky natur og vil ofte halde litt avstand. Dei har lang levetid, og det er ikkje uvanleg med produktive dyr over 18 år.

Galloway. Foto: Tyr
Galloway. Foto: Tyr

Galloway

Galloway er kortbeint og kompakt, og naturleg kolla. Den kan være svart, raud eller gråbrun, med eit kvitt belte rundt mage og rygg. Den er ekstremt hardfør og egnar seg godt til ekstensiv kjøttproduksjon. Rasen har dobbel pels, med ein ragga pels over og underull under, som gjer at dei tåler godt både kulde og nedbør. Dei kalvar lett og tar godt hand om kalvane sine. Rasen er rolig og lett å handtere, og kan bli svært gamal. 20 år er ikkje uvanleg. Kjøttet er velmarmorert, og dei gir eit relativt høgt slakteutbytte på 55 – 60%.

Ekstensive rasar

Desse rasane passer også godt om du har mykje beiteareal. Dei er tyngre og krev meir fôr enn rasane nemnt ovanfor, og kan derfor tåle betre beitemark enn dei ekstremt ekstensive rasane utan å bli for feite. Dei er likevel nøysame og treng lite kraftfôr.

Herford. Foto: Tyr
Herford. Foto: Tyr

Hereford

Hereford har eit karakteristisk kvitt ansikt og raud “frakk”. Alle krysningar med Hereford får kvitt ansikt. Dei utmerkar seg med eit godt lynne. Hereford er tidleg slaktemodne, og kan fôrast fram på berre grovfôr, noko som gir god kjøttkvalitet. Ei Herefordku har ei levandevekt på 6-700 kg og kan produsere 3-8 liter mjølk/dag. Dei blir mykje bruka i kryssingsavl i mjølkeproduksjonen på grunn av lette kalvingar, og robuste kalvar med god helse. Hereford er fruktbare dyr og kan ha lang produktiv levetid.

 

Angusku med kalv. Foto: Tyr
Angusku med kalv. Foto: Tyr

Aberdeen Angus

Aberdeen Angus blir av det norske raselaget marknadsført som en ypparleg rase for økologisk drift. Dei er nøysame, er tidleg slaktemodne og kan fôrast fram på berre grovfôr. Kyrne har ei levandevekt på 550 – 650 kg og kan produsere 3-9 liter mjølk/dag. Dei utmerkar seg med god marmorering i kjøttet. Dei er haldbare kyr med lette kalvingar, og har god fertilitet med lågt kalvingsintervall.

Tiroler Grauvieh. Foto: Tyr
Tiroler Grauvieh. Foto: Tyr

Tiroler Grauvieh

Rasen har opphav frå fjella i Tirol i Austerrike. Den er hardfør da den er tilpassa forholda i Alpane. Tiroler Grauvieh er ein kombinasjonsrase som er avla for både kjøtt og mjølk, og kan mjølke opp til 10-20 liter/dag. Kua har ein levandevekt på ca 550-650 kg. Dei er kjent for å ha lette kalvinar og eit godt lynne, men kan bli sky ved liten kontakt. Dyra blir tidleg slaktemodne. Dyra har horn, og er fargen på dyra varierer frå lyse til mørke grå/gråsvart. Kalvane er lyse når dei blir født, men blir gradvis mørkare frå 2-3 mnd alderen.

Intensive raser

Desse rasane har høg tilvekst og krev meir energirikt fôr enn dei ekstensive rasane. Dette er forholdsvis tunge raser som passer på godt innmarksbeite der dei lette ekstensive rasane lett kan bli for feite. 

Charolais. Foto: Tyr
Charolais. Foto: Tyr

Charolais

Charolais kjem frå Frankrike, og var i utgangspunktet utvikla som trekkdyr, noko som har gitt rasen mykje musklar over særleg rygg og lår. Rasen har stor tilvekst og høgt opptak av grovfôr, med sein feittavleiring. Den får derfor ofte god klassifisering i EUROP-systemet. Den er einsfarga lys med kvit til gulkvit nyanse. Kyrne blir rundt 800 kr tunge, og kan mjølke 5-12 liter/dag. Rasen passer godt i ein intensiv og effektiv kjøttproduksjon.

Simmental. Foto: Tyr
Simmental. Foto: Tyr

Simmental

Simmental er ein kombinasjonsrase avla for både mjølk og kjøtt. Den har svært god tilvekst, og har verdensrekord på 2513 gram/per dag (Dansk okse). Dei fleste innan rasen er to-farga brune og kvit med kvite teikningar i ansiktet. Men dei kan også være svart og kvite. Simmental har høg tilvekst, lågt fôrforbruk, høg avvenningsvekt og avvenner flest kg kalv per årsku. Rasen oppnår høg klassifisering ved slakt. Dei har lette kalvingar og eit godt lynne. Kua har ei levandevekt på ca 800 kg og kan mjølke 10-20 liter/dag. I Noreg deler ein rasen opp i Kjøttsimmental og Mjølkesimmental. Krysser ein Kjøttsimmental med andre kjøttferasar sikrar ein mykje mjølk i mordyra, høg tilvekst og høgare avvenningsvekter, god fôrutnytting, lite feittrekk, godt lynne og gode beitedyr. Ei kryssingsku av NRF og Mjølkesimmental gir ei roleg og robust ku med kapasitet for høg mjølkeproduksjon. Den gir i snitt 0,2 % meir protein i mjølka og har betre slaktevekt og slakteklasse enn rein NRF. 

Limousin. Foto: Tyr, Sigrid Lillebråten
Limousin. Foto: Tyr, Sigrid Lillebråten

Limousin

Rasen Limousin har opphav i høgdedraga i vestre delar av Central Massif i Frankrike. Dyra er raudbrune med horn, men kolla dyr finnes også. Den har høg kjøttprosent, og slaktet gir god klassifiseringsresultat. Dei har lang levetid, og god fôrutnytting. Det er stor typevariasjon innan rasen slik at det er mogleg å drive både ekstensiv og intensiv drift. Spesielt for Limousin er den gode slakteverdien på hodyra. Kyrne blir rundt 700 kg tunge, og produserer 2-6 liter mjølk/dag. Dei har høg fertilitet, kalvar lett og får livskraftige kalvar.

Krysningar

Krysningsopplegg mellom lette rasar gir slaktemodne dyr ved relativt låge vekter. Dei krev ikkje sterk fôring for å bli slaktemodne. Krysning mellom dyr av tunge rasar har større vekstevne og kan fôrast intensivt til høgare slaktevekter utan å bli for feite. Lette raser har mindre kalvingsvanskar, mens tunge rasar har betre slaktekvalitet og tilvekst. For å unngå kalvingsproblem bør ein unngå å bruke okse av tung rase på kviger av lett rase.

Krysningsopplegg kan kombinere det positive frå dei einskilde rasane og ein kan oppnå auka livskraft, tilvekst og fruktbarheit pga. krysningsfrodigheit. Det er også ofte billegare å kjøpe inn krysningsdyr. Det er derfor meir lønsamt om ein berre skal fôre fram til slakt. Mange har ulike krysningar og varierande innblanding av NRF. Dette kan gi store utfordringar i forhold til å gruppere og fôre slaktedyr og mordyr riktig. I eit bevist krysningsopplegg kan ein også utnytte rasen sitt fortrinn som morrase og farrase. Ein fordel ved å bruke innslag av mjølkerase er at det fører til eit mordyr med mer mjølk til kalven.

Les meir

Bjørnsrud-Garbrielsen, M. 2021. Gamle norske storferaser. Buskap nr. 8, 2021

Bredvold, N.O. 2022. Angus og økologisk drift er en bra kombinasjon. Buskap nr. 8, 2022

Bredvold, N.O. 2022. Vil produsere sunn og god mat basert på lokale ressurser. Buskap nr. 7, 2022

Günther, M. 2023. Ny bok om de gamle norske husdyrrasenes renessanse. nibio.no, 5.9.2023

Holene, A.C. & H.M. Johnsen 2023. Driftsopplegg og lønnsomhet i spesialisert kjøttproduksjon med bevaringsverdige storferaser. NIBIO POP nr. 24, 2023

Kildahl, K. 2021. Ung bonde satsar på vestlandsk fjordfe. NIBIO.no 23.11.2021 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no